Filosofi

Komme inn i landet som flyt med melk og honning. Gud skaper gjennom utvikling. Biologi og sosialøkonomi.   Befolkningsvekst og ressurspolitikk.

Velsigning eller forbanning. Fruktbar hage eller torn og tistel.

Etter syndefallet sa Gud til Adam at for hans skuld skulle jorda vere forbanna, torn og tistel skulle ho bere:

1MO 3,17 – 1MO 3,19   Og til Adam sa han:  “Fordi du høyrde på kona di  og åt av treet  som eg forbaud deg å eta av,  skal jorda vera forbanna for di skuld.  Med møde skal du næra deg av henne  alle dine levedagar. 18   Torn og tistel skal ho bera,  og du skal eta av vokstrane på marka. 19   Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,  til dess du fer i jorda att;  for av henne er du teken.  Jord er du,  og til jord skal du atter verta.”  

Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, han vart velsigna ved si tru og fekk lovnaden at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle velsignast, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfyllt ved trua på Kristus. Ved å tru på han og ta imot han vert vi velsigna, så takkar vi Gud og gleder oss over at vi også vert velsigna. Den åndelege velsigninga skal så resultere i materiell velsigning ved at jorda vert dyrka og vert fruktbar.

Andre fornektar han og avviser han og blir forbanna og så blir dei arge for at dei også er forbanna (Jfr. MeToo-aksjonen). Det resulterer lett i at jorda berr torn og tistel og då endar det gjerne med at ho vert brend. Torn og tistel kan her forståast symbolsk som stikkande fiendskap og braneden kan forståast som krig.

HEB 6,4 – HEB 6,8   Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande, 5 har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til, 6 og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott. 7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud. 8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.  

Politisk og religiøs oppsplitting.

Paulus sa til kyrkjelyden i Korint at dei måtte ikkje splitte seg opp i særflokkar ved at nokon heldt seg til Kefas, andre til Apolloos og andre til Paulus. Det var då til Jesus dei vart døypte. Likevel kunne det hende det trongst oppdeling i særflokkar slik at det kunne verte klart kven som var ekte. 

Jakob sa at når det var strid i kyrkjelden, så var det lysten som førde krig i lemene deira. Og vi veit då at vi skal la Anden råde over lystene.

I eit demokrati er det oppsplitting i politiske parti og det merkast langt inn i kristne kyrkjelydar. Men vi skal likevel vere eitt i Kristus, i den Anden som han gav oss. Der er ei venstre-side og ei høgre-side med tradisjon tilbake til den franske revolusjon og klasskampen i Romarriket. Eit demokrati fungerer ved avstemming og det er om å gjere å få eit styringsdyktig fleirtal. Då vert der også ein opposisjon, så vi får ei todeling. Men det er ikkje sikkert den todelinga lenger høver så godt med klassekampen i Frankrike for nokre hundre år sidan eller med klassekampen i Romarriket. Det er ei eindimensjonal tenking og så er det mange motsetnadsforhold som vert projisert inn på den aksen. Vi burde tenke fleirdimensjonalt, men vi klarer ikkje sjå for oss meir enn tre dimensjonar. Vi får heller trekke paralelle linjer.

Vi har motsetnadar mellom:

Fattig eller rik.

Rettferdig eller urettferdig.

Lærd eller ulærd.

Praktisk eller teoretisk arbeid.

Realfag eller samfunnsfag/humaniora.

Vitskapleg eller uvitskapleg.

Miljøvennleg eller ikkje.

Klimavennleg eller ikkje.

God eller dårleg ressursforvalting.

Overbefolking eller avfolking (ved til dømes pest, hunger tørste, krig, Jer.14,12).

Fakta eller løgn.

Vitskap eller ideologi.

Sosial eller usosial.

Demokrati eller diktatur.

Ytringsfridom eller einsretting.

Tradisjonelt ekteskap og familieliv eller såkalla kvinnefrigjering.

Tradisjonelt ekteskap og familielivog andre samlivsformer.

Rasisme eller antirasisme, men denne motsetnaden er konstruert og temmeleg kunstig.

Evangelisk kristendom eller lovlære, moralisering og politisering.

I tillegg har vi regionalisering som vestlending, austlending, nordlending.

Alt dette og meir til vert forsøkt projisert inn på ein høgre-venstreakse. Men kor godt samsvarar det med klassekampen i Romarriket?

Vi veit korleis demokratiet i det gamle Hellas gjekk under. Antiokus 4. 

Epifanes gjorde diktaturet hardare ved at han kravde alle skulle tilbe Zevs og ingen annan gud. Jødane gjorde opprør og undermotstandskampen gjorde dei avtale med romarane. Ein moderat klassekamp var ei indre drivkraft ved framveksten av Romarriket, folk sa ifrå om sine materielle behov og det var fullt forståeleg. Slik fekk dei utvikla meir ytringsfridom og demokratiske rettar også. 

Men så vart Cæsar myrda og keisar Augustus tok over. Han førde ein forsonande politikk mellom underklassa og overklassa og vart øvste leiar for religionen og det vart til keisardyrking. Dei som levde usømmeleg vart jaga frå Italia.

Så kom Jesus til verda og forkynnte evangeliet om Guds rike, søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg til det. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Gud born. Og som Guds born får vi be til han og komme til han med alle våre behov. Ja, vi er arvingar.

JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

Samhaldet i den kristne kyrkja vart verdifullt for samfunnet, kristendomen vart legalisert og gjort til statsreligion. Men så byrja dei å gå bort frå evangelisk kristendom og det var no som den Duglause Hyrdingen på nytt.

SKR 11,15 – SKR 11,17   Herren sa til meg: “Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som  ikkje ser etter dei som går seg bort,  ikkje leitar etter dei som går seg vilt,  ikkje lækjer dei som er skadde,  ikkje syter for mat til dei friske,  men et kjøtet av dei feite dyra  og riv klauvene av dei.”  17   Ve den duglause hyrdingen min,  som går bort frå sauene!  Sverd mot armen og høgre auga hans!  Armen hans skal visna bort,  og det høgre auga sløkkjast ut.  

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.  

I det dei gjer menneska til salsvare, er vi tilbake til det gamle slavesamfunnet (Op.17-18) og motsetnaden mellom demokrati og diktatur som i Hellas og det gresk-syriske riket. Paven vart ein fornya versjon av den romerske keisaren. Så kom eineveldet, ny klassekamp, sosialisme, marxisme etc.  

Nazi-partiet i Tyskland var eigentleg det tyske Arbeidarpartiet. Ribbentrop-Molotov-pakta viste at Stalin såg for seg at Hitler kunne verte ein makker i striden mot vestleg liberalisme, demokrati og imperialisme. Slik gjekk det ikkje. 

Men i vår tid ser vi at det er mange politikarar og politiske aktivistar på venstresida som prøver å devinere ein liknande motsetnad mellom sosialdemokrati (Ap) på venstresida og vestleg liberalisme med demokrati og imperialisme på høgresida. Motsetnaden kan sporast tilbake til den franske revolusjon, men no har vi altså eit visst demokratisk sinnelag på begge sider.

Då ser vi også at motstanden mot liberalismen utartar seg som fellesskapets fiendskap mot den einskilde og motstand mot realfag, frå samfunnsfag og humaniora. Så denne motstanden er ikkje ekte vitskap, men utartar seg som keisardyrking og avgudsdyrking og resulterer i eit kunstig skilje mellom hjerte og hjerne, kropp og sjel.

Samhaldet i familien, slekta og folket.

Gud kalla fram ættene, han skapte folkeslaga gjennom utvikling.

Men kva er eigentleg problemet? Kvar har det vorte av det naturlege samhaldet i ekteskap, familie, slekta og folket? Dersom vi studerer dyreriket, ser vi at eit hanndyr vil forsvare sitt revir og samle om seg eit harem av hodyr. Rovdyr er revirhevdande utanom paringstida også og dei regulerer sin eigen bestand så dei ikkje overbeskattar byttedyra innanfor sitt revir, også ved at ein flokk rovdyr ligg i strid med ein annan flokk. I ein ulveflokk vil berre alfa-paret formeire seg.

Til samanlikning har små kongerike lege i strid, det kunne ha resultert i at eitt kongerike kua eit anna og nokre folk vart utrydda. Det kan vil lese om i Bibelen, den fortel om krigar som er så blodig realistisk at det stemmer bra med det som utviklingslæra seier om at livet er ein kamp for tilværet. Men Gud let sine profetar føreseie det som skulle skje og viser dermed at det er Gud som gjer det heile slik. Så Gud skaper altså gjennom utvikling.

Gud ville bruke israelsfolket til å gjere namnet sitt kjent mellom folkeslaga. Men så fall dei frå han og dyrka gudane til nabofolka. Då straffa han dei ved å la dei verte bortførde til Babylonia, liksom nabofolka deira. Babylonar-kongen, Nebukadnesar, var Guds tenar som straffa dei slik, sidan var persarkongen, Kyros, Guds tenar som let dei få kome tilbake til landet sitt, det fekk dei andre folka også, så riket hans var ein overnasjonalitet. Dette er førebiletet på evangeliet som skulle forkynnast for alle folkeslag.

JES 41,1 – JES 41,5 {HERREN HAR KALLA KYROS}  Ver stille, de øyar og strender,  og høyr på meg,  lat folka samla nye krefter!  Lat dei koma og tala si sak,  lat oss saman gå fram for retten!  2   Kven har vekt den mannen frå aust  som sigeren møter kvar han set foten?  Kven gjev folkeslag i hans makt  og lèt han råda over kongar?  Med sverdet gjer han dei lik støv,  med bogen lik fykande halmstrå. [mannen frå aust: persarkongen Kyros, som i 540-åra f. Kr. gjekk sigrande fram i Vesleasia. Sml. v. 25; 44, 28; 45, 1.] 3   Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,  er berre så vidt nedpå vegen med foten. 4   Kven var det som sette dette i verk?  Han som frå opphavet kalla ættene fram.  Eg, Herren, er den fyrste,  og eg skal vera hjå dei siste.  5   Øyar og strender ser det og reddast,  heimsens endar skjelv.  Dei stimar i hop og kjem.  

I vers 4 er det sagt at Gud kalla ættene fram. I 1.Mos.3 les vi om at etter syndefallet gjekk han gjekk i hagen, men då vart Adam og Eva redde og gøymde seg for han. Men han kalla på dei. Dei hadde brote bodet altså, derfor vart dei redde og Gud straffa dei og stengde dei ute frå hagen. Så Gud kalla på menneska, men på grunn av syndefallet gøymde dei seg for han med dårleg samvit og forstod seg ikkje lenger på det, dei brut med han og lende ikkje lenger i samfunn med han. Men Gud har altså likevel kalla på menneska og det har hatt sin verknad, at han kallte fram ættene, slik skapte han gjennom utvikling.

Brød og sirkus.

Kong Nebukadnesar hadde ein draum og kravde at vismennene i Babylonia skulle tyde den, det var det berre Daniel som kunne. Han hadde drøymt om ei menneskeliknande biletstøtte som var delt horisontalt i fire delar og ovanfrå svarde det til det Babylonske-, Mediske-, Persiske- og Gresk-Syriske riket. Dert siste svarde altså til føtene og var laga av jern og leire. Men ein liten stein vart riven laus frå fjellet og traff føtene så dei sprakk og heile biletstøtta rasa saman. Jernet svara til grekarane og leira til syrarane, men det var ulike folkeslag og heldt ikkje særleg godt i hop. Heile biletstøtta var Romarriket. Og det har aktualitet til vår tids globalisme.

I Romarriket var gladiator-kampar og offentlege hendrettingar underholdning. Etter ein gladiatorkamp stod der gjerne igjen ein vinnar. Det har vorte meg fortalt at dersom keisaren vende tommelen opp, fekk han leve som ein fri mann, dersom han vende den ned, vart han drepen.  Og det var ein som sa: ”Gi folket brød og sirkus, så er dei fornøgde”. Med sitt daglege arbeid og med klassekampen kjempa dei for det som kroppen trengde, ”brød”, så fekk dei underhaldning ved slike sirkus som desse avrettingane og då var dei fornøgde altså. Hadde dei ikkje noko perspektiv på livet utover dette då? Det verkar no temmeleg fordummande.

Kristendomen og biologien gir oss fornuftige og vitskaplege forklaring på kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, kva som er hendsikta med det, kristendomen gir oss meining med livet, også i kjærleiksforholdet og samlivet mellom mann og kvinne. Men i vår tid ser vi at der, som motsetnad til dette, er sterke interesser av å lage underhaldning av det i staden, tydelegvis på grunn av politiske, kollektivistiske interesser som går på kostnad av eit meiningsfullt tilvære for den einskilde, så det går meir og meir i retning av ”brød og sirkus”. 

Protesten mot Paulus si lære og kravet om likestilling verkar nettopp slik. Norske prestar og politikarar krev at du skal godta kravet om likestilling, elles vert du utstøytt, dei moraliserer over det, så det kan samanliknast med korleis dei som levde umoralsk i følgje den gamle religionen vart jaga frå Italia når keisar Augustus kom til makta. Men legg merke til at dei også krev definisjonsmakta. Når dei krev likestilling, krev dei makta til å definere kva likestilling er for noko. Og når dei kjempar mot rasisme, krev dei makta til å definere kva rasisme er for noko. Men saka er den, at vi alle opplever at livet er ein kamp for tilværet og i det dei krev definisjonsmakta stiller dei seg i ein liknande maktposisjon som den romerske keisaren når han kunne velje om han ville vende tommelen opp eller ned. Slik vil dei ha makt til å avgjere om du skal verte ein vinnar eller ein tapar i livets kamp for tilværet.

Kravet om tilpassing, vegen til døden og vegen til livet.

I denne samanheng vil eg minne om at i det gamle testamentet sa Gud til israelsfolket at han la fram for dei vegen til livet og vegen til døden og anbefalte dei å velje vegen til livet, så skulle dei få leve. Dette møter vi igjen i det nye testamentet:

MTT 7,13 – MTT 7,14 {DEI TO VEGANE}  Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den. 14 Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.   

JOH 14,6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

I fylgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkje som er hans brud. Vi kan seie det slik at mannen skal tilpasse seg Kristus og kvinna skal tilpasse seg mannen. Mannen likar kvinna og elskar henne fordi ho er kvinne, derfor frir han til henne, er han heldig så svarar ho på hans kjærleik med kjærleik og svarar ja på frieriet. Kristus elskar si kyrkje som si brud, ho svarar på hans kjærleik med kjærleik og svarar ja på hans frieri. Vi skal tru på Kristus, elske han og lyde han. Han gjer oss til ulike lemer på hans lekam og vi må finne den plassen og funksjonen som han set oss til. Slik må vi tilpasse oss han og tilpasse oss kvarandre. 

Men kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære heng saman med eit krav om at vi skal tilpasse oss politikarar og andre verdslege herrar i staden og soleis kjem kravet om at vi skal tilpasse oss kvinna. Men det blir kunstig og så viser det seg at med det kravet om tilpassing vil ikkje kvinna med sitt kompani heilt godta mannen som mann. Det viser seg i denne såkalla kjønnsforsking, den gir uttrykk for ei maktinteresse som ikkje heilt vil la mannen vere mann.

Slik møter vi altså eit krav om at vi skal tilpasse oss den politiskie leiaren, partileiaren, konge, keisar eller kva du vil no kalle det. Men i vår opplyste tid med ytringsfridom og visse demokratiske rettar må vi vel få lov til å spørje om det er naturleg og få lov til å vakte oss mot keisardyrking, krav om at vi skal dyrke styresmaktene som gudar og anna avgudsdyrking, religiøsitet som er avspora seksualitet. Men det er då nettopp det som viser seg i #MeToo-aksjonen og i Pride-paradene. Politisk mobilisering, spesielt på venstresida og i Venstre verkar som Drakulas vervekampanjar. Politiske partileiarar og religiøse leiarar får tillagt oppgåver som hallikar.

Dette verkar ikkje særleg naturleg, men kva seier naturvitskapen om tilpassing? Overleving for den mest veltilpassa! Men då gjeld det gjeld å tilpasse seg naturmiljøet og desse moralfilosofiske, politiskfilosofiske og religiøse krava om tilpassing verkar kunstige i forhold til dette. 

Bygge på evangeliets grunnvoll.

Men når Jesus kom til vår jord, så prioriterte han å gå til den fattige og ulærde underklassa, for det var dei sjuke som trengde lækjar, han kom for å frelse det som var fortapt, lækje det som var sjukt og sett fangar fri. Og han er den same no og gjer dei same gjerningane no. Han sende læresveinane sine ut i all verda med evangeliet og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar inntil verda sin ende. Då prioriterer han framleis å gå til den fattige og ulærde underklassa, som lever nærast naturen og til folk langt borte som lever eit forholdsvis primitivt liv nær naturen. Dei har lært seg å tilpasse seg naturen og lære av den og møter stadig utfordringar i det, i den naturlege kampen for tilværet. Læresveinane fekk den Heilag Ande og den openberra Guds Ord for dei, Jesus er Ordet. Så når dei går til han med alle sine problem og alle sine behov, får dei sjå at han er løysinga på problema, Guds svar til dei og med det svaret har han omsorg for dei som sine born. Når du må tilpasse deg naturen og dyrke jorda, møter du problem, praktiske problem, korelis skal du best løyse dei. Eg vil smanlikne det med å spele sjakk, eit sjakkproblem. Plutseleg berre ”ser” du løysinga, den gode ideen. Slik kan vi oppleve openberringa i vårt daglege liv. Men uansett treng vi å gi oss tid til å innvie oss for Herren i bønn og bibellesing. 

Og eg vil hevde dette også fungerer når eg studerer realfag. Jesus har då kalla meg til det og sagt eg skal bygge vidare på den grunnvollen som pionerane har lagt, misjonærane som han sende. Om eg tenker eg kjem etter ein misjonær som har fere langt inn i jungelen i Sør-Amerika, så vil eg gjerne ha med meg ein biolog, for å gjere bruk av biologisk kunnskap til å dyrke og verne jungelen. Tenker eg meg at eg kjem etter ein misjonær som har reist til Aust-Afrika, så veit eg at i regntidene kjem der voldsomme regnskyller, elles opplever dei ofte drepande tørke, medan vatnet ligg lagra i grunnvatnet. Så eg vil gjerne ha med meg ingeniørar, biologar og sosialøkonomar, for å båre etter vatn og bygge vatningsanlegg og avsaltingsanlegg, drivhus og plantasjar. 

Advertisements

2 replies »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s