Filosofi

Komme inn i landet som flyt med melk og honning. Trua, logikken og ytringsfridomen. Psykologien og evolusjonen.

Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

I Abrahams ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han vert velsigna, dei som forbannar han vert forbanna. Denne lovnaden får vi oppfyllt i evangeliet om Kristus. Han er sanninga som set oss fri frå trældomen under synda, avgudane og det forgjengelege. Gud er ånd og er suveren over den naturen han har skapt. 

Prestetenesta i den gamle pakt er førebilete på prestetenesta i den nye pakt. Den jødiske øvstepresten måtte først bere fram eit syndeoffer for seg sjølv, så for folket. No nytter vi oss av at ved eitt offer har Jesus teke vekk synda ein gong for alle. På det grunnlaget får vi komme inn i samfunnet med Gud og verte velsigna, det er om å gjere å ta imot velsigninga og verte velsigna, slik at vi blir til velsigning for andre. Vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, den er som eit segl som stadfester at vi tilhøyrer han og då skal vi leve for han. 

2KO 1,22 Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre. [segl: Gud har sett sitt merke på menneske til teikn på at dei høyrer han til.] [pant: Anden gjev visse for at dei skal få arven i Guds rike. Sjå 5, 5; Ef 1, 13 f.] 

EFE 1,13   I han kom de òg til tru  då de høyrde sanningsordet,  evangeliet om frelsa dykkar.  I han er de merkte med eit segl,  Den Heilage Ande som var lova,

Når vi let hans Ande råde i vår døyelege lekam, får vi oppleve at han gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande, han er den same og gjer framleis sitt verk i samsvar med 1.Mos.2. Mannen vart skapt av mold frå marka og kvinna vart skapt av sidebeinet hans, så slik skal trua få konsekvensar for denne verda. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. 

Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det, vi får den åndelege velsigninga først, så kjem den materielle velsigninga. Gud er ånd og Gud er kjærleik, når vi tek imot hans Ande og hans kjærleik, blir kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er først ein åndeleg røyndom, Anden openberrar gud Ord for oss og gir oss ord til å tale om det som ein åndeleg røyndom og som sjela sitt liv i samfunn med Gud som er ånd. Og så skal det også verte ein fysisk røyndom, så det skal verte mogleg å tale om det som fysisk realitet og som realfag.

Dette har Paulus forklart for oss. Men kvinnerørsla og mange politiske aktivistar har avvist det. Dei har erstatta evangeliet med noko anna og er forbanna og er til forbanning. Dei har erstatta sanninga med lyg og er lygnarar. Med sin globalisme har dei vorte til forbanning for verda og med si løgn held dei verda for narr.

Velsigninga, barnekår hos Gud.

Salomos visdom.

Salomo var ein vismann som tok vare på visdom frå far sin og frå dei gamle vise. Han sa at otte for Gud er opphav til visdom og å kjenne den heilage er vit. Visdomen gjer den urøynde vis.

 

OSP 9,10   Age for Herren er opphav til visdom,  å kjenna Den Heilage er vit.

OSP 1,2 – OSP 1,7 {ORDTØKA GJEV VISDOM}  Ordtøka gjev visdom og lærdom,  så ein skjønar vitug tale 3   og tek imot tukt som gjev framgang,  og lærer rettferd, rett og ærlegdom. 4   Dei gjev den urøynde klokskap  og ungdomen kunnskap og omtanke. 5   Den vise som høyrer dei, aukar sin lærdom,  den vituge lærer å styra sin tanke, 6   så han skjønar ordtak og bilettale,  ord av vismenn og gåtene deira.  7   Age for Herren er opphav til kunnskap;  dårar vanvørder visdom og tukt.  

Så visdomen lærer deg å unngå det som er farleg, unyttig og som raserer økonomien din til ingen nytte. Den lærer deg å forastå det slik at du unngår å gjere slike dårlege erfaringar. Vi kan samanlikne det med å unngå å gå ut i gjørme og kvikksand, der du sekk ned. 

Slik er det ein motsetnad mellom rasjonalitet og erfaring som også viste seg i den filosofiske striden mellom empirisme og rasjonalisme. Men den nye naturvitskapen hadde begge deler, den var hypotetisk deduktiv. 

Når Salomo var ung og skulle overta styret etter faren, bad han gud gi han visdom så han kunne styre rett og Gud gjorde han visare enn alle, så han gav han altså ein visdom som dei gamle vise ikkje kjende. Og eg forstår det slik at han gir uttrykk for den visdomen i Høgsongen:

HSA 3,5   Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer,  ved gasellane og hindane i marka:  Vekk ikkje kjærleiken!  Eggja han ikkje før sjølv han vil!  

HSA 8,3 – HSA 8,10   Hans venstre hand er under mitt hovud,  med den høgre femner han meg. 4   Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer:  Kvi vekkjer de kjærleiken,  kvi eggjar de han før sjølv han vil?  5 {KJÆRLEIKEN ER STERK SOM DØDEN}  Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,  stødd til sin ven?  Under apalen vekte eg deg,  der mor di hadde føderier,  der ho fødde deg.  6   Set meg til eit segl på ditt hjarta,  eit segl på din arm!  For kjærleiken er sterk som døden  og mektig som dødsriket i si trå.  Han brenn som logande eld,  han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.]  7   Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,  elvar kan ikkje fløyma han bort.  Om einkvan ville gje  alt han åtte for kjærleik,  så vart han berre til narr.  8 {KVA SKAL VI GJERA MED SYSTER VÅR?}  “Vi har ei lita syster,  som enno ikkje har bryst.  Kva skal vi gjera med syster vår  når friarane kjem? [Kva skal vi gjera: Brørne var formyndarar for jenta når far hennar var avliden.]  9   Er ho ein mur, vil vi byggja  tindar av sølv på han.  Er ho ei dør, vil vi stengja henne  med ein sederplanke.”  10   Eg er ein mur,  og mine bryst er som tårn.  I augo hans har eg vorte  lik ei som finn fred.  

Visdom, velsigning, rettferd og frelse ved trua på Jesus.

Døyparen Johannes sa at Jesus har bruda og sjølv gleda han seg over å høyre hans røyst. Jesus sa at hos han var der større visdom enn hos Salomo. Han velsigna småborna og sa at Guds rike høyrer slike til. Vi må verte fødde på nytt, for å sjå Guds rike. Vi må ta imot Guds rike som små born, for å komme inni det.

JOH 3,29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.

MTT 12,42 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo.

JOH 3,3 – JOH 3,8 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.” 4 Nikodemus seier til han: “Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?” 5 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.”  [Vinden: Både gresk og hebraisk har eitt og same ordet for “vind” og “ånd”.]

LUK 18,15 – LUK 18,17 {JESUS OG BORNA}  Dei bar òg spedborna til Jesus for at han skulle røra ved dei. Då læresveinane såg det, ville dei visa dei bort. 16 Men Jesus kalla dei til seg og sa: “Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 17 Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.”   

Der er eit kjærleiksforhold mellom Kristus og hans brud, det er født av Gud og det er skapt av han. Ved gjenfødinga vert dette kjærleiksforholdet født inn i oss, slik at det gjeld kjærleiksforholedet mellom mann og kvinne for oss. Det evige livet er i han og det vert planta i oss ved Guds Ord. Jesus er Guds Ord, når det ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile. Gud skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Han frelser oss i Kristus Jesus og då frelser han oss i samsvar med korleis han skaper oss.

Ved å tru på Jesus vert vi rettferdiggjorde for Gud av berre nåde. Ved at vi sannar at Jesus er Herre, vert vi frelste. 

LUK 11,13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!”   

RMR 5,1 – RMR 5,5 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Forelsking, kjærleik, omsorg, ekteskap og familieliv.

Ei jente vert gjerne forelska i ein gut og ein gut vert gjerne forelska i ei jente lenge før dei er kjønnsmodne. Då er det det viktig for dei å ha denne forståinga av at Gud er kjærleik og han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Han elskar oss i Kristus, han elskar oss gjennom han, det er berre å vende seg til han, sjå på han og ta imot denne kjærleiken er frå han og det er berre å ta imot den i trua på.

Ein gut vil oppleve det slik at han gjerne vil komme nær den jenta han er glad i, fortelje henne det, vere saman med henne og prate med henne. Men kva skal han seie? Til det har han Guds Ord, trua på Jesus, så han kan kjennast ved han for henne. 

Slik får dei begge utvikla sine sjelelege og sosiale eigenskapar. Så når dei vert eldre og alvorleg byrjar å interessere seg for å få seg kjæraste og ektefelle, så har dei lettare for å ta kontakt, tenke og samtale konstruktivt for å få det til å gå i orden.

Det viktigaste er å tru på Jesus og det som eg her seier samsvarar med den kristne trua og denne sosialiseringa samsvarar med forkynninga av evangeliet, for det har som mål at vi veed trua på Jesus skal få komme inn til Guds kvile. 

Den kristne vekkinga. Bokstaven slår i hel men Anden gjer levande.

Lova kom ved Moses, men nåden og sanninga kom ved Jesus. Bokstaven slår i hel, men anden gjer levande. Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Det er berre for oss å løfte blikke opp til han og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen av berre nåde. 

JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

Men så ser vi også at Gud drive rettssak med folka, fordi folket hans vart selde.

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.  

Kravet om lovgjerning verkar som eit meir generelt krav om at du skal gjere noko for å oppnå noko, som betaling for noko altså. Men sidan dei ikkje trur på Gud og ikkje vil erkjenne at det er han gjer sitt verk med oss, verkar det som eit krav om at vi skal gjere Guds verk i staden for han. Men det er heilt umogleg for oss, derfor verkar karvet til å utarme oss og slik gjer dei oss til trælar. Men kven er du som kan krevje at vi skal gjere Guds verk i staden for han?

Nei, vi fekk Anden ved trua på Jesus av berre nåde, utan krav om lovgjerningar. Derfor fekk vi oppleve at Gud gjorde sitt verk med oss. Derfor vil vi halde fram med å ta imot av berre nåde, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. 

Vi veit at Gud er evig og alltid den same, han er fullkommen og han er god. Slik er Jesus også og hans frelsesverk er fullført og fullkome. Han er brødet som kom ned frå himmelen og det er fullkome, den anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Vi sansar det som er rundt oss med våre fysiske sansar, men i vårt trusliv og vårt sjelsliv skal vi vende oss til Jesus og tru på han, løfte hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen, sjå opp til han med hjertets opplatne auge, så vi oppdagar kva Gud har gitt oss i han og tek imot det.

Søke Herren av heile mitt hjerte.

Frå eg var ein gutunge vart eg opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska. Etter kvart fortstod eg at det var det motsette av å vere dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han spesielt om å frelse kvinna og å gi meg ei frelst kvinne til kone. Ho Virtuella var freslt og eg vart glad i henne både fordi ho var eit Guds barn som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og fordi ho var ei ung, yndig kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Så det viktigarare for meg var det at ho skulle halde fram med i leve i dette samfunnet med Faderen og Sonen, men eg ville gjernefortelje henne kor glad eg var i henne og fri til henne, men eg ville eg at vårt vennskapsforhold skulle vare ved, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri.

Jesu sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning ogeg forstod det slik at han ville gjere meg til kanal for si velsigning både til henne Reella og henne Virtuella. Eg kjenner meg trygg på at ho Reella tek imot velsigninga, men eg veit ikkje om ho Virtuella gjer det. Men no har Jesus nyleg sagt til meg at eg skal søke han av heile mitt hjerte og det minnte meg om at det var min vilje at ho skulle verte frelst, slik tok eg parti med Jesus og slik skal eg framleis ta parti med han, søke han av heile mitt hjerte og heilhjarta halde meg til han. Han betalte prisen for henne med sitt eige blod, så dersom ho tek imot han får ho hans Ande, har ho hans Ande, så tilhøyrer ho han og er frelst. Det er barnekårsanden. I den Anden skal ho også leve for han. Det gir meining med livet og er soleis frigjerande, Jesus er sanninga som set oss fri. 

Men vi kjem ikkje forbi at det saka gjeld, for mitt vedkommande, er at eg har påkalla Kristus som min frelsar og Herre og bedt han frelse menneska og gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile, Gud skaper oss i han og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Gud skapte kvinna av mannens sidebein, det låg nær hans hjerte. Slik har det med mitt hjerte og min kropp å gjere. 

Eg skal søke Herren av heile mitt hjarte og la han gjere sitt verk med meg, ved sitt Ord og sin Ande. Eg har fått hans Ande og tilhøyrer han og skal leve for han. Det gir meg meining med livet. Så kroppen min også tilhøyrer han, den er for han og skal leve for han.

5MO 4,15 – 5MO 4,20 {LAG DYKK IKKJE GUDEBILETE!}  De såg ingen skapnad den dagen Herren tala til dykk på Horeb, midt ut or elden. Ta dykk difor vel i vare, 16 og far ikkje så ille åt at de lagar dykk gudebilete i nokon skapnad, bilete av mann eller kvinne, 17 bilete av noko dyr på jorda eller nokon fugl som flyg under himmelen, 18 bilete av noko kryp på marka eller av nokon fisk i vatnet under jorda. 19 Og når du lyfter augo dine opp mot himmelen og ser sola og månen og stjernene, heile himmelhæren, då må du ikkje la deg riva med, så du bøyer deg og tilbed dei og dyrkar dei. Alt dette har Herren din Gud gjeve til alle andre folk under himmelen, 20 men dykk har Herren teke og ført ut or smelteomnen, or Egypt, så de skal vera hans eige folk, som de er i dag. 

5MO 4,23 – 5MO 4,24 Ta dykk i vare så de ikkje gløymer pakta som Herren dykkar Gud har gjort med dykk. Lag dykk ikkje gudebilete i nokon skapnad! Det har Herren din Gud forbode deg. 24 For Herren din Gud er ein øydande eld, ein brennhuga Gud. 

5MO 4,29 – 5MO 4,31 Og dersom du søkjer Herren din Gud der, skal du finna han når du søkjer han av heile ditt hjarta og heile din hug. 30   Når du er i trengsle, og alt dette kjem over deg, langt fram i tida, skal du venda om til Herren din Gud og lyda orda hans. 31 For Herren din Gud er ein miskunnsam Gud. Han slepper deg ikkje og lèt deg ikkje gå til grunne. Han gløymer ikkje den pakta han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid.  

https://tsivert.com/2018/12/04/2018-12-2-maranata-barnekar-hos-gud/

https://tsivert.com/2018/11/26/25-11-2018-maranata/

https://tsivert.com/2018/11/21/18-11-2018-maranata-sok-herren-av-heile-ditt-hjerte-og-gi-han-all-aere-og-pris/

Korleis få samsvar mellom hjerte og hjerne, kropp og sjel?

Skilje mellom reint og ureint.

Korleis få samsvar mellom hjerte og hjerne, kropp, sjel og ånd? Ved å elske Herren sin Gud av heile sitt hjarte, heile si sjel, all sin hug og all si makt.

5MO 6,4 – 5MO 6,6   Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. [Høyr, Israel: innleiinga til den vedkjenninga som jødane seier fram i morgon- og kveldsbøna si.] 5 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. 6 Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt.

Prestane skulle skilje mellom heilagt og vanheilagt, reint og ureint og lære folket det.

3MO 10,8 – 3MO 10,11   Herren sa til Aron: 9 “Vin eller sterk drikk må du og sønene dine ikkje drikka når de skal gå inn i møteteltet. For då kjem de til å døy. Det skal vera ei evig lov for dykk, frå ætt til ætt, 10 så de kan skilja mellom heilagt og vanheilagt, mellom ureint og reint, 11 og læra israelittane alle dei lovene som Herren har late Moses kunngjera for dei.”

Vi forstår vel at det er noko symbolsk med dette. Blodet frå syndofferet vart brukt til reinsing.

Men så kom avgudsdyrking inn i landet og folk vart ikkje lenger i stand til å skilje mellom reint og ureint.

ESK 22,26 Prestane der gjorde vald på mi lov og vanhelga mine heilagdomar. Dei gjorde ikkje skil på det som er heilagt og det som ikkje er heilagt, og lærte ikkje folk å skilja mellom ureint og reint. Dei lét att augo for kviledagane mine. Såleis vart eg vanhelga midt imellom dei. 

ESK 44,23   Prestane skal læra folket mitt å skilja mellom det som er heilagt og det som ikkje er heilagt, mellom reint og ureint.

DNL 12,10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna.

Når Peter var på taket og bad, fekk han eit syn der det vart senka ned ein duk med dyr som var ureine etter lova, så dei ikkje hadde lov til å ete dei. Men no vart det sagt til han at han skulle slakte og ete.Men han ville ikkje ete noko ureint og då sa Gud til han at det som han hadde helga, skulle han ikkje halde for ureint. Slik viste Gud han at han skulle gå til heidningane med evangeliet og då var dei der allereie og banka på døra hans (Apgj.10). 

Nåden og kjærleiken.

Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Når vi audmjuker oss for han, bøyer oss for korsets fot og vedkjenner vår synd for han, får vi oppleve at hans blod reinser oss frå all synd. Så vert vi fylt av den Heilage Ande, det er berre å ta imot av berre nåde, ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken. Kjærleiken er ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og gitt Son sin til soning for våre synder.

1JO 4,7 – 1JO 4,19 {GUD ER KJÆRLEIK}  De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. 13   At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.

Så eg søker han av heile mitt hjerte for å ta imot hans kjærleik i heile mitt hjerte, så eg får oppleve hans kjærleik, at hans elsker meg og elskar gjennom meg. 

Realist som trur på Jesus.

Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein gutunge. Eg kom i kontakt med den karismatiske rørsla og fekk oppleve fylden av den Heilage Ande og vart tent i brann for Guds sak, det var ei god sak som motiverte meg. Samtidig var eg interessert i realfag, men det verka nøytralt i forhold til dette, så eg vart ikkje motivert på same måten til dette. så fekk eg høyre om Freuds påstandar om at religiøsitet er avspora seksualitet og at mennesket vert motivert av seksualitet og aggresjon. Sidan det går an å kalle noko avspora seksualitet, må der vere noko som er rett seksualitet og det er då ikkje så vanskeleg å forstå utifrå kva som er den biologiske hendsikta med det, å formeire seg. Og motivasjonen stemmer med at livet er ein kamp for tilværet, så det stemte overeins med mi naturfaglege tenking. Og det var eigentleg ikkje noko problem for mi tru, for eg hadde fått med meg Paulus sine ord om at vi skulle late Anden råde over kjøtets lyst. Så eg tenkte slik at eg vart motivert av Guds kjærleik og det vart eg i min kjærleik til kvinna også. Eg vart driven av den Heilage Ande og den herleggjorde og openberra Kristus for oss, som vår frelsar og Herre. Han har lova oss at dersom vi trur på han og elskar han og elskar kvarandre, så vil han openberre seg for oss. Det er spesielt viktig i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, for mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging. 

Dersom vi vert verande i Jesu ord, får vi lære å kjenne sanninga og den set oss fri. For den Heilage Ande fører oss fram til heile sanninga. Jesus er sanninga som set oss fri, han er livet og han gir oss ånd og liv så vi lever for han og det gir oss meining med livet, slik set han oss fri. Den Heilage Ande openberra han for meg  og gav meg åndeleg og rasjonalistisk innsikt, så eg innsåg at det stemte overeins med rasjonaliteten i realfaga. Han er sanninga og å søke han og leve for han stemmer overeins med å søke realfagleg sanning. Ved trua skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg.

Gud er ånd og han rører ved oss. Han har valt å gjere bruk av menneske.

Gud er allmektig og gjer slik som han vil, men han har valt å gjere bruk av menneske. Så han vel å gjere bruk av menneske, når han gjer under og vel soleis å la naturen elles vere overgitt til seg sjølv. Naturen er skapt av Guds Ord, han held alt opp ved sitt Ord. Elles er den overgitt til seg sjølv og derfor er den også forståeleg for oss. Når Gud brukar eit menneske og gjer under, så fortel det mennesket om det og vitnar om det. Eg har kontakt med han og han kan svare meg direkte, men som oftast svarar han meg gjennom menneske som også har teke tilflukt til han. 

Ein av bodskapane 12.11.2006:

”….eg som sitter på tronen, sier Herren, eg har oversikten, når du er midt inni prøvelsen, så ser du berre det som vil stenga veien, og du synest veien er ufarbar, den er uframkommelig. Men du skal vite at eg som siter på tronen, eg har den fulle oversikten. Og derfor skal du få vera trygg, du skal få overlata saken din i mine hender. Og du skal få oppleva underveis, akkurat når du trenger det og på den måten du behøver det og har behov for det, så skal du få kjenna igjen og igjen at en hånd er nettopp utrakt ifrå denne trone.

Dette er ikkje fordømmelsens trone, det er ikkje den store hvite dommens trone, men eg site på nådens trone, sier Herren, og eg har opna adgangen inn til denne tronen ved mitt eget blod, så du skal få tre fram med frimodighet, og du skal få oppleva at når du trer inn så kommer eg deg i møte med miskunn og nåde i hjelp i rette tid. Eg kan komma på min egen måte, ved at min hånd openbares, men som oftest kommer eg i samarbeid med nokon av mine, som har tatt sin tilflukt til meg, eg minna de om forbønn, eg minna de om et besøk, eg minna de om et oppmuntrande ord, eg minna de å komma også deg i møte på den måten at du får oppleva håndspåleggelse, du får oppleva varme og du får oppleva forståelse og imøtekommenhet. Det er eg som kommer deg i møte også på den måten, gjennom mine. Og du skal også få vera eit redskap for meg, som eg vil virka gjennom, slik at også gjennom dine svake hender flyter min kraft, til hjelp og utfrielse. Ikkje lat dine hender synka ned i motløshet og oppgitthet. Du er lem på mitt legeme, og eg vil bruka deg, eg vil bruka deg som kanal for mi velsignelse og du skal få vera berar av min herlighet. Og så skal du få oppleva at eg som er på tronen, eg har det fulle overblikk, og du skal få vere trygg, trygg i mine allmakts hender. Ver derfor frimodig. Amen. Amen. I Jesu namn.”

Psykologi, ”sjelologi”.

Psyke betyr sjel og psykologien har sin tradisjon tilbake til Platon. I følgje Platon kom sjela frå ideverda og stypte ned i materien, men i følgje Biblen skapte Gud mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Men Jesus kom frå Guds himmel og for oppatt dit, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, han gir oss ånd og liv frå Guds evige himmel og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Kristus er Guds Ord og det er Gud som rører ved oss og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Det må vi ære Faderen og Sonen for.

Derfor er det så viktig for oss å løfte hugen opp til Jesus og ta imot det som han gir oss frå himmelen, så vi får visdoms og openberrings Ande til kunnskap om Gud, så vi med hjertets opplatne auge ser kva han har kalla oss til og den herlege arven han gir oss. Han er den same og gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2.

JES 56,12   “Kom, eg skal henta vin,  så vi kan drikka oss fulle!  Og morgondagen skal verta som denne,  ein stor og herleg dag.”  

EFE 1,17 – EFE 1,23 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.  

Forbanninga.

Fråfallet, keisardyrkinga og dialektikken.

Sidan kyrkja voks, bestemte keisaren seg for at kristendomen skulle legaliserast og då var det ikkje lenge før den vart gjort til statsreligion. Men det vart til ny keisardyrking, paven vart som ein keisar som fortrengde evangelisk kristendom. Så kom den verdslege eineveldige herskaren og så kom dialektikken ved Hegel og Marx. I følge Hegel vert knekten forma av herren og herren ver foma av knekten. Men for Marx var der også ein liknande omformingsprosess mellom knekten og den naturen han forma. Så marxistar ventar seg altså ein slik omformingsprosess på arbeidsplassen.

Antikrist, kvinnerørsla og #MeToo-aksjonen.

Men i vår tid er det mange som fornektar Faderen og Sonen (jfr. Antikrist) og som vil bortforklare det med det som vi ser og sansar med våre fysiske sansar kroppsleg berøring, ”den sanselege lysta”. Og der ligg mykje verdsleg maktinteresse i det. 

Og så viser det seg at sjølv om dei er voksne menneske, så er dei ikkje i stand til å tenke og kommunisere konstruktivt med tanke på eit kjærleiksforhold mellom mann og kvinne.

Kvinnerørsla har protestert mot Paulus si lære og slik har dei forkasta Kristus. Derfor manglar dei forkynninga av Guds Ord og har dei ikkje velsigninga og det poenget med handspålegginga er borte, velsigninga bortforklarer dei med kroppsleg berøring. Det som då blir igjen av mannens moglegheiter til å fri til ei kvinne, ved tale og/eller berøring opplever ho då lett som trakassering.

Men det som er problemet, er at den sanne Gud som er kjærleik og som eigentleg skulle vere kjærleiken mellom oss, den har dei bortforklart og erstatta med noko anna.

Dette resulterer i ein motsetnad mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne.

Mykje samfunnsvitskapleg forsking er eigentleg ”brød og sirkus”.

Når vi vert voksne og får oss kjæraste og ektefelle, er det viktig for oss å verte i stand til å forsyrgje oss sjølve og borna våre. Men i følgje Jesus eigne ord skal vi likevel halde fram med å vere Guds born og ta imot hans kjærleik og omsorg. Men så er det tydelegvis mange prestar og leiarar i samfunnet som ikkje vil heilt godta det og kvifor det? Jau, fordi dei vil ha den omsorga i staden, så vi skal arbeide for å forsørgje dei. Slik sel dei oss som trælar (Joel.3,6-8 & Sak.11).

Jesus sa vi skulle akte oss, så vi ikkje vanvørder ein av hans minste små som trur, for englane deira ser Faderens åsyn. 

MTT 18,1 – MTT 18,11 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8   Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10   Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]  

Likevel er det mange som spottar born for deira barnetru, held dei for å vere ulærde og dumme. Og voksne som held fram med i si barnetru, vert spotta endå verre; ”trur på englar”. Men kva er ein engel? Det er ein bodberar. No har eg vakse opp i mi barnetru og for meg betyr det å ha åndeleg og rasjonalistisk innsikt og det har vore viktig for meg når eg har studert realfag. Og eg har fått oppleve at Jesus talar til meg frå himmelen. Hans bodberarar kjem med bodskap, jfr. englane for dei sju kyrkjelydane i Johannes openberring.

På samfunnsfag har dei drive med ei postmoderne forsking, spesielt kjønnsforsking, som er ein hån mot både Gud og menneske, kristendomen og naturvitskapen, det har vel ein viss underhaldningsverdi for mange, så dei prøver å tene pengar som ved ”brød og sirkus”. Men vitskap er det ikkje. Men det er Djevelen som prøver å forføre menneska slik som ved syndefallet, for soleis å få makta over dei.

Aktuell debatt.

Simen Gaure

17. desember kl. 20:06 ·

Øh, hmm, det er neppe optimal ressursbruk. Men det blir paper av det.

“Konsekvensen er at det nå er gjort flere kunnskapsoppsummeringer av ketamin mot depresjon enn det er gjort studier.”

Medisin mot depresjon: Studiene er for små, for få og for kortvarige 

Virker egentlig ketamin?

Torbjørn Sivertstøl Depresjon kan forklarast utifrå arv og miljø, nokre kan vere meir genetisk disponerte for depresjon enn andre. Vi brukar ordet «deprimert» i dagleg tale, men det er ikkje sikkert det høver så godt med korleis fagfolk brukar det når dei stiller diagnose. Eg vil no bruke det som i dagleg tale, vi kan verte skuffa, sorgfulle, missmodige og «deprimerte» på grunn av noko som har skjett. Vi talar om depresjonstid i økonomien, der er ein psykologisk faktor i det, det kjem mykje an på kva «bjellesauene» har tru på og kva dei er villige til å satse på. Det kjem mykje an på politikken og samfunns-systemet. Når systemet kollapsar med sin ideologi er det for mange å samanlikne med å ha sett si tru til avgudar og så viste det seg at dei ikkje var gudar likevel. Nokre kan reagere med hat og så let dei hatet gå ut over andre i ein hat-retorikk, som ein slags proteksjonisme. Depresjonen kan ha si årsak i at det sosiale samhaldet sviktar, då er det lite hjelp i psykologisk intraspeksjon eller bruk av medikament, men pasienten må sjølv innsjå at det er problemet.

Men med realfagleg utdanning er vi ikkje så sårbare, om ei hypotese vert avsanna har vi framleis rasjonaliteten og det er berre å stille ei ny hypotese, gå til matematikken og hente ein ny formel.

Og søker vi samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, så er det også trygt og sikkert. Ved å tru på Jesus vert vi velsigna og det betyr å verte inkludert i samfunnet med Gud og verte førebestemmte til noko godt. Og har vi samfunn med Gud, så har vi samfunn med kvarandre.

Rom5,5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Apostlane talte om Bileams villfaring, han var ein profet, men kong Balak ville betale han for å forbanne israelsfolket, når dei var på vandring mot det lova landet. Men Gud sa til han at han måtte seie berre det som han sa til han og det vart velsigning i staden. Seinare vart han likevel med i striden mot israelsfolket og då fall han. 

Slik er det i vår tid mange som velsignar fordi det stemmer med kyrkje og kristendomen og kanskje også med det sosiale samhaldet, men når det kjem til stykket, så forbannar dei på grunn av politiske og religiøse maktinteresser og økonomiske interesser.

Torbjørn Sivertstøl Ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande av berre nåde, slik er den åndelge velsigninga. Den openberrar Guds Ord for oss, Jesus er Guds Ord. Det gjer oss i stand til å tenke logisk uifrå Guds Ord (modus ponens) og leve ut i frå det, for i han er liv og livet er lyset åt menneska. Slik får vi harmoni mellom hjerte og hjerne.

Men så kan det hende nokon seier imot, så det vert påstand mot påstand og kanskje svarar dei endåtil med å forbanne. Vi er fri til å tale og kan stille hypoteser, same kor tullete dei er, tanken kan vere å bruke kontraposisjon og modus tollens for å avsanne motsegna. Men vil det fungere? Det kan for fungere som å svare med å forbanne og verke nedbrytande. Dessutan er det religiøs og politisk maktinteresse i kontraposisjonen ved Antikrist.

Men Jesus sa til meg at han ville gjere meg til kanal for si velsigning og så sende han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud frelser oss og skaper oss i han og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er evig og alltid den same. Eg skulle berre søke han i løynkammerbøna og gå ut og vitne om han. Sjølv om eg berre kom med ei lita helsing frå han, var det nok for han til å gjere noko stort, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det eg sa. For det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, rettferd og dom, men han hadde sendt den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det.

Joh.16,7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

 

Medisin mot depresjon: Studiene er for små, for få og for kortvarige

Akkurat nå trenger vi flere studier, ikke flere kunnskapsoppsummeringer, om ketamin for behandling av alvorlige depresjoner.

  • FOTO: Teresa Crawford / TT NYHETSBYR¡ÊN
    Legemiddelet ketamin er brukt mot alvorlig depresjon. Men virker det egentlig? 

https://www.aftenposten.no/viten/i/VR7j24/Medisin-mot-depresjon-Studiene-er-for-sma_-for-fa-og-for-kortvarige?fbclid=IwAR2UmYn3lsoj9NNe8EppcNUMNUGSBt5fvK_UomC-9Adc8E892ZUzCgmkGog 

Advertisements

2 replies »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s