Astronomi

Livet er naturleg nok ein kamp for tilværet, men Guds auge fer ut over heile jorda, for å hjelpe den som heilhjarta held seg til han.

Innleiing.

I det gamle testamentet er det fortalt om at folka kriga mot kvarandre og då søkte dei hjelp hos gudane sine, men det var ikkje hjelp i, for dei var ikkje gudar. Religionen deira var sikket kopla til ei viss moral-lære, men gudane deira var laga av stokk og stein, der var ikkje ånd i dei og dei svarde dei ikkje og hjelpte dei ikkje. Sjølv om dei kopla det til moral og religion var det ein brutal og realistisk kamp for tilværet i samsvar med utviklingslæra. 

Likevel seier Bibelen at Israels Gud var den sanne Gud og det var han som gjorde det heile. Når israelsfolket vende om til han, audmjuka seg for han og bad om nåde, så hjelpte han dei. Dersom dei heilhjarta heldt seg til han, så hjelpte han dei:

2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han.

Kvifor skulle han ta parti med dei? Han er då suveren og gjer slik som han vil likevel! Fordi han er rettferdig og han lærer menneska opp ved å straffe dei for deira urettferd, men når dei augmjukar seg for han, viser han dei miskunn og osseder dei som ein far oppseder sine born. Når dei søker han og heilhjarta held seg til han, så søker dei den meining og vilje som han har med deira liv, slik finn dei ei djupare meining og hendsikt med livet. Så han styrker dei og hjelper dei for å gjennomføre den planen og viljen han har hatt med menneska heilt sidan han skapte dei.

Israelsfolket fall ifrå han og vart bortførde frå landet sitt. Når dei fekk kome heim att, vart det profetert om at han ville la Son sin, Renning, koma, han vill gjere noko nytt og det skulle ikkje skje med hær eller makt, men ved hans Ande. 

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han som sa at lys skulle skina fram av mørket, han har late det skine i våre hjarto. 

2.Kor.4,6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

Vi får oppleve at han gjer sitt verk i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande. Så han skaper ein orden i oss og si si kyrkje. Han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no.

Skaping og utvikling.

Galakser, solsystem og liv.

I følgje entropilova (termodynamikkens andre hovudlov) aukar entropien i ein kvar energiprosess, universet er som eit opptrekt urverk, etter kvart som tida går, vert det meir og meir uorden. Det er eit sterkt argument for trua på at Gud har skapt det slik. Slik også når masse fell inn mot eit svart hol, den taper potensiell energi og sender ut elektromagnetisk stråling. Likevel vert universet ved Big Bang smanlikna med eit svart hol på grunn av den høge massetettleiken.

Newton meinte det var usannsynleg at det skulle verte solsystem og brukte det som eit «Guds-bevis». I følgje «Big Bang-teorien» var det usannsynleg at det skulle verte både galakser og solsystem, eit univers der det i det heile teke kunne verte liv, i alle fall slik vi kjenner det. 

Livet starta i havet og den første cella vert kalal livets «Big Bang». Det oppstod ein orden lokalt, men det er svært usannsynleg i følgje entropilova, for entropien aukar globalt i ein kvar energiprosess, det er sjølve drivkrafta i dei kjemiske og biologiske prosessane. 

I følgje Bibelen var det Gud som skapte det slik og mykje tyder på at den forklaringa er nødvendig, vi treng denne utanforståande referansen og forklaringa for å forstå tilværet. Sitat frå skapingssoga:

1.Mos.1,1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.  2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet.  3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos.  4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret.  5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

6 Då sa Gud: «Det skal verta ein kvelv midt i vatnet; han skal skilja vatn frå vatn!» Og det vart så.  7 Så gjorde Gud himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over han.  8 Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.

9 Då sa Gud: «Vatnet under himmelen skal samla seg på ein stad, så det faste landet kjem til synes!» Og det vart så. 10 Gud kalla det faste landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.

11 Då sa Gud: «Jorda skal la grøne vokstrar gro fram, planter som set frø, og tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda!» Og det vart så. 12 Jorda bar fram grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt. 13 Og det vart kveld, og det vart morgon, tredje dagen.

Fjerde dagen sette han dei to lysa på himmelkvelven, så først då vart det jord-dagar. Men dette er lys-dagar, det må vere lange epoker. Han talte og det skjedde, slik skapte han. Så såg han at det var godt, då var han observatør som overlet det til seg sjølv og såg korleis det var. Det tyder på at der var tilfeldigheiter og usikkerheit i det altså og frå kvatefysikken veit vi at det er fundamentalt. Det fundamentale er at han talte og det skjedde. Sidan er tilfeldgiheitene fundamentale ved både masse og det tome rom og ved all livsutfolding. Så Gud har skapt tilfeldigheitene også. 

Han let tørrt land komme til syne og når vi møter uttrykk som heimsens ende, betyr det utkantane av den tørrlagde jorda. Så dette høver med det geologien seier om at opphavleg var det eitt kontinent, Pangaea, men det splitta opp og vart til fleire kontinent på grunn av straum i magmaen. 

Gud skaper noko nytt og ved hans velsigning får det vekst, så Gud skaper gjennom utvikling.

Sidan skapte han menneska og velsigna dei og sa dei skulle vekse og aukast og legge jorda under seg. Å verte velsigna betyr å komme inn i samfunnet med Gud og verte førebestemte til noko godt. Det ser vi i forteljinga om Adam og Eva. Gud planta hagen, så der var det ein høg grad av orden. Men etter syndefallet vart dei stengde ute frå hagen og det nære samfunnet med Gud. Jorda vart forbanna, torn og tistel skulle ho bere.

Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, i han skulle alle folkelag velsignast, dei som velsigna han skulle velsignast, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfyllt i Kristus, ved å tru på han og ta imot han, vert vi velsigna.

I det gamle testamentet er det fortalt om at folka kriga mot kvarandre og då søkte dei hjelp hos gudane sine, men det var ikkje hjelp i, for dei var ikkje gudar. Religionen deira var sikket kopla til ei viss moral-lære, men gudane deira var laga av stokk og stein, der var ikkje ånd i dei og dei svarde dei ikkje og hjelpte dei ikkje. Sjølv om dei kopla det til moral og religion var det ein brutal og realistisk kamp for tilværet i samsvar med utviklingslæra. 

Likevel seier Bibelen at Israels Gud var den sanne Gud og det var han som gjorde det heile. Når israelsfolket vende om til han, audmjuka seg for han og bad om nåde, så hjelpte han dei. Dersom dei heilhjarta heldt seg til han, så hjelpte han dei:

2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han.

Kvifor skulle han ta parti med dei? Han er då suveren og gjer slik som han vil likevel! Fordi han er rettferdig og han lærer menneska opp ved å straffe dei for deira urettferd, men når dei augmjukar seg for han, viser han dei miskunn og osseder dei som ein far oppseder sine born. Når dei søker han og heilhjarta held seg til han, så søker dei den meining og vilje som han har med deira liv, slik finn dei ei djupare meining og hendsikt med livet. Så han styrker dei og hjelper dei for å gjennomføre den planen og viljen han har hatt med menneska heilt sidan han skapte dei.

Israelsfolket fall ifrå han og vart bortførde frå landet sitt. Når dei fekk kome heim att, vart det profetert om at han ville la Son sin, Renning, koma, han vill gjere noko nytt og det skulle ikkje skje med hær eller makt, men ved hans Ande. 

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han som sa at lys skulle skina fram av mørket, han har late det skine i våre hjarto. 

2.Kor.4,6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

Vi får oppleve at han gjer sitt verk i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande. Så han skaper ein orden i oss og si si kyrkje. Han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no.

Gud har vist oss sin kjærleik ved at han let Son si døy på eit kors, for å sone vår synd og skuld. Ved på trua at han vekte han oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å erkjenne at han er Herre, vert vi frelst. Då kan vi ha frimod på dommedag, den fullkomne kjærleiken driv angsten ut.

Fråfall og forbanning i vår tid. Humanistisk moralfilosofisk fordømming av menneske og folkeslag på grunn av den fysiske naturen er ikkje så humant likevel og det er heller ikkje vitskapleg.

Men i vår tid merkar vi så tydeleg ein politisk og religiøs strategi og propaganda som går ut på å fornekte han og så vert det forkynnt at de likevel ikkje skal frykte. Det er ikkje den glade bodskapen, men det glade vanvidd. Det minner om ormen som spurde kvinna om Gud ikkje let dei få lov til å ete av noko av trea i hagen. Men det var berre kunnskapstreet dei ikkje hadde lov å ete av og ho svarde rett. Men då sa ormen til henne at dei skulle ikkje døy, men dei skulle verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Slik prøver dei å fortelje dykk at de ikkje treng frykte ved å tale om diverse «fobiar», som om der ikkje skulle vere ein reell grunn til å frykte.

I det dei fell ifrå trua på Jesus mister dei velsigninga og avviser kjærleiken frå Gud, spesielt i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Så dei mister samhaldet i trua på Kristus og samhaldet i Anden, mister dette verdifulle samhaldet i Jesu kyrkje, i ekteskapet og familielivet, i slekta og i folket. Dei erstattar trua og nåden med moralfilosofi og politisk filosofi. 

Med slik filosofi vil dei ikkje høyre snakk om ulike folkeslag, ulike menneskeraser, for dei kallar det rasisme. Dei tek det for gitt at hendsita med det er rasistisk og slik argumenterer dei for å innskrenke ytringsfridomen. Men det er ei tilsniking. Der kan vere ei langt større og meir verdifull hendsikt med det, å prøve å styrke det sosiale samhaldet i folket. 

Vi som forkynner evangeliet, får oppleve at Gud skaper samhold mellom menneske i si kyrkje og som hans medarbeidarar arbeider vi for å tilføre verda og eit kvart folk noko verdifullt ved dette samhaldet.

Men «antirasistane» vil ikkje vite av slike «rasistiske» teoriar som ulike folkeslag og menneskeraser. Dei tek det altså for gitt at motivet er at eit folk vil prøve å kue eit anna. Dei utelukkar altså andre motiv, at motivet til dømes kan vere å styrek samhaldet i folket til gagn for seg sjølve. Og kvifor det?

Den venstreradikale kvinnerørsla har prøvt å skape eit kvinnepolitisk  skilje mellom høgre- og venstre-sida av norsk politikk og antirasistane prøver å gjere det djupare ved å kalle folk høgreekstreme og rasistar. Det verkar som om dei vil prøve å definere to ulike raser i det norske folk med rasemotsetnad og rasehat. 

Dette er sjølvsagt uvitskapleg, men det er politisk taktikkeri. Det kan minne om rasekrigen mellom hutuar og tutsiar i Rowanda, der det vart borgarkrig mellom tutsiane, så tutsiar drap tutsiar. Er det noko slikt antirsistane prøver å få til i Noreg også?

Eg går ut ifrå at det beror på humanistisk moralfilosofi, med den fører dei klagemål mot menneskets fysiske natur og stiller seg dermed fiendtleg til dei fysiske realitetane. For at det skal få nokon reell betydning, må det gå ut over ein kvan, med klagemål mot vedkommande for hans eller hannar fysiske natur. Men då er det ikkje lengre særleg humant. Dei er tilbake i ein hat- og krigsretorikk.

Vel, det går mot ein dommedag (Joh.Op.17-18) og Jesus sende den Heilage Ande til verda for at den skal overbevise den om synd, rettferd og dom. Så det skal vi overlate til den Heilage Ande. Men vi skal løfte hugen og blikket opp til Jesus og ta imot det han gir oss frå himmelen. Og så skal vi forkynne evangeliet om han.

Oppvekst, mi sak.

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han velsigna småborna og sa at Guds riek høyrer slike til. vi må vende om og verte som småborn for å komme inn i Guds rike. Så åtvara han menneska mot å forakte ein av hans minste små som trur, for englane deira får sjå Faderens åsyn. Likevel er det mange som spottar dei for den barnslege trua og held dei for å vere dumme, dei tenker seg at høgare utdanning stri mot det. Men når vi går vegen til Faderen og tek imot hans kjærleik og omsorg, så utartar det seg annleis, han oppseder oss og lærer oss opp, så vi vert i stand til å lære andre.

Omlag eit i halvt år etter at eg byrja å studere, talte Jesus til meg gjennom tyding av tungetale på denne måten: ” du som fekk livet planta i deg ….dette livet, det skal vekse”. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord, allereie når eg var ein liten gutunge. Mor mi lærde meg å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Ho elska meg og velsigna meg, så eg opplevde det som at det hang saman med at Gud elska meg som sitt barn. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han spesielt om å frelse kvinna og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Der er eit kjærleikdsforhold mellom Kristus og hans brud og eg merka at det var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Men eg fekk også merke at verda hata meg og det verka som om den hata meg fordi Gud elska meg. Det forundra meg, det fekk meg til å tenke på forteljinga om Kain og Abel, vidare kunne eg forstå det på grunnlag av at livet naturleg nok er ein kamp for tilværet.

Eg kom inn i den karismatiske rørsla, håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrend i våre hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Det tende oss i brand for Guds sak, så det motiverte oss. Eg var interessert i realfag, men det var liksom nøytralt i forhold til dette. Så eg vart ikkje motivert på same måten til jobbe med realfag. Også verka det som om moralfilosofien, endåtil den kristne moralfilosofien, var fiendtleg innstilt til korleis eg bad for kvinna og spesielt til at eg bad han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Så til tider verka det som om det var meir i tråd med korleis eg opplevde hatet og fiendskapen frå verda. 

Så fekk eg høyre om Freuds påsatandar om at religiøsitet er avspora seksualitet og at menneske vert motivert av seksualitet og aggresjon. Eg vegra meg litt for det, men innsåg at dersom noko er avspora, så relaterer det til noko som er rett både i biologien og i kristendomen. Det stemmer med at livet naturleg nok er ein kamp for tilverde, men då var eg glad for at eg hadde vorte opplærd i Paulus sine ord om at vi skulle la Anden råde i vår døyelege lekam. Så eg hadde det klart for meg at eg skulle la meg motivere av Guds kjærleik og Guds Ande, verte driven av Anden. 

Likevel virka det som om det var mange av dei kristne som på grunn av den tradisjonelle moralfilosofien lett fekk dårleg samvit på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, så det verka som dei ikkje var så frigjorde likevel, Sanninga skulle då sette oss fri! Så var det ein frå den Frie Evangeliske Forsamling som gjorde meg merksam på det Peter skreiv om at dåpen er eit godt samvits vedkjenning til Gud (pakt med Gud) med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Då gjekk det opp eit lys for meg, så siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde.

Jesus sa at vi skulle tru på han og elske han og elske kvarandre, så ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville komme å ta bustad hos oss. Det fekk eg oppleve både når eg gjekk på gymnaset og når eg byrja å studere, men når eg byrja å studere kom der bodskap som gjorde det klart for meg at han verkeleg kalla meg til å studere realfag, han er Sanninga som set oss fri, eg skulle leve for han og det skulle eg gjere også ved å studere realfag, eg søker den realfaglege sanninga ved å søke han som er Sanninga. Så det motiverte meg.

I følgje utviklingslæra er det om å gjere å tilpasse seg dei fysiske realitetane for å overleve. Og når Jesus sende disiplane sine ut i heile verda med evangeliet, måtte dei tilpasse seg det naturmiljøet dei kom til. I tillegg møtte dei langt på veg tilpasse seg kulturen til dei folka dei kom til, då var der sjølvsagt visse grenser for kva dei kunne gå med på, men elles var læra deira så suveren at dei med den hadde gode tilpasningsevne. Jesus er Sanninga som set oss fri og han har sagt vi skal sjå at han er med oss alle dagar inntil verda sin ende. Han er vår frelsar og Herre og er soleis løysinga på både våre fundamentale problem og våre daglege problem og det er han ved den openberringa han gir oss, når vi får sjå at han er med oss alle dagar inntil verda sin ende, slik han har lova oss. 

At ein mann vil ha seg ei kone er eit sentralt poeng i kampen for tilværet. Men eg hadde altså bedt Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone frå eg var ung og han har svart meg på det gjennom tyding av tungetale og ved at eg har fått sjå at han har vore med meg, ved at den Heilage Ande har openberra han for meg.

Gud skapte alt, han talte og det skjedde. Han har openberrar si frelse for oss i Kristus, han er Guds Ord, det skaper det som det nemner, den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, i samsvar med 1.Mos.2. 

Jesus er vår frelsar og Herre. Dåpen forklarar for oss korleis han frelser oss.

1.Pet.3, Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.

Så det er viktig for oss å vedkjenne Kristus og kva han er for oss, først og ffremst overfor Gud, dernest overfor menneska. Og denne vedkjenninga er spesielt viktig for ein mann når han vil prøve å finne seg og vinne seg ei kone, når han vil fri til henne og sidan i kjærleiksforholdet dei i mellom. Paulus sa at mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging, så skal dei sidan leve saman i helging også, vi skal helge Kristus som Herre i våre hjarte. Paulus sa også at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så åtvara han kyrkjelyden mot å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet. 

Eg hadde ei prioritetsordning i mitt bønnelig; eg påkalla Kristus som min frelsar og Herre, så bad eg han frelse menneske og gje meg ei frelst kvinne til kone, så då vart første prioritet å be han frelse kvinner og dernest gje meg ei frelst kvinne til kone. Slik bad eg spesielt for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset og når eg byrja å studere. Men ho sa nei til både meg og han. Men eg tok parti med han go heldt meg til han, han har kall på henne sidan, for å frelse henne og frigjere henne og då skal eg framleis ta parti med han, heilhjarta halde meg til han og søke han av heile mitt hjarte. 

Om ho framleis vil avvise han og vere fiendtleg innstilt til han, så blir det hennar eige ansvar. 

Forføringa og motstanden.

Paulus åtvara kyrkjelyden mot å verte forførd slik som ved syndefallet, men med protesten mot Paulus si lære er det nettopp det som har skjett. Sjølvsagt har kvinna rett til å seie nei til ein manns frieri, ho reknar han for å ikkje vere bra nok. Men med protesten mot Paulus si lære reknar dei Kristus og hans frelsesverk også for ikkje å vere bra nok. Når dei då gjer det til politikk og religion, reknart dei framleis einskildmenneske og delar av folket for ikkje å vere bra nok. Det fungerer som argument for ei dialektisk omforming av mennesket med moralfilosofi og politisk filosofi, men sidan dei har vraka Kristus utartar det seg som avgudsdyrking. Vidare utartar det seg som kunstige rasemotsetnadar i folket, slik som det kjem til uttrykk i den såkalla «antirasismen». Med omgrepet «kvardagsrasisme» vert fiendskapen rett mot heilt vanlege menneske. Men poenget er framleis at kvinna avslo mannens frieri fordi ho rekna han for å ikkje vere bra nok, i det dei gjer politikk ut av det, definerer dei delar av det norske folk som ei lavareståande rase. Så det er ein slik kunstig rasemotsetnad som kjem til uttrykk i antirasismen. 

Straffa for syndefallet var døden, menneska vart utestengde frå Edens hage, så dei ikkje skulle få ete av livsens tre, Gud til mannen at mold var han og til molda skulle han attende. Så det viser seg i ein meir generell fiendskap mot den norske mann. I staden for å vere ei hjelp for mannen i kampen for tilværet, kjemper ho mot han i kampen for tilværet, så det utartar seg som rasemotsetnad i folket. Men det strir då mot både kristendomen og naturvitskapen. 

Så kva er dette for noko? Etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen og kvinna, mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Som motsetnad til krypdyra har pattedyra langt meir omsorg for sine ungar. Mennesket er det mest høgtståande pattedyret med mest omsorg for sine ungar og det som særmerker mennesket framfor alle andre artar er språksansen. Så motsetnaden mellom ormen si ætt og kvinna si ætt viser seg ved innskrenkinga av ytringsfridomen. Men Kristus sigar over ormen og motsetnaden mellom ormen si ætt og kvinna si ætt viser seg klarast ved at dei ikkje vil la vangle menn tale Guds Ord og vedkjenne si tru på Jesus for andre menneske. Den viser seg spesielt ved at kvinna ikkje vil høyre på slik forkynning og ikkje vil vite av den vedkjenninga.

Sions dotter og kampen for tilværet.

Historikk.

I det gamle testamentet les vi om at folka kriga mot kvarandre og då søkte dei hjelp hos sine gudar, men det var ikkje hjelp i dei, for dei var ikkje gudar. Vi kan forstå det som ein naturlege kamp for tilværet, det var ikkje humant med realistisk i samsvar med utviklingslæra. Likevel vert det påstått at det var Gud som gjorde det slik, så han skapte gjennom utvikling. Israels Gud er den einaste sanne Gud og når israelsfolket vende seg til han, miskunn han seg over dei og hjelpte dei. 

Likevel vende dei seg bort frå han og det enda med at dei vart bortførde frå landet sitt. Men så vende han lagnaden deira og dei fekk komme heim att til landet sitt. Det fekk dei andre folka også og det er eit førebilete på den nye pakta. 

Det vart profetert at Gud ville gjere noko nytt, Son hans, Renning, skulle komme, han skulle renne som eit nytt, friskt rotskudd or tørr jord. Det nye som Gud ville gjere, skulle ikkje skje ved hær, ikkje ved makt, men ved hans Ande.

SKR 3,8 – SKR 3,10   Høyr no, Josva, øvsteprest!  Du og embetsbrørne dine,  som sit framføre deg,  de er varselsmenn.  For sjå, eg lèt min tenar Renning koma. [Renning: -> Jes 4, 2.] 9   Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,  på denne eine steinen med sju augo  ritar eg den innskrift som skal stå,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.  På ein einaste dag vil eg ta bort  den skuld som kviler på dette landet. 10   Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,  skal de be kvarandre til gjestebod  under vintre og fikentre.  

SKR 4,6 – SKR 4,7 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.  7   Kven er vel du, du mektige fjell?  Framfor Serubabel skal du verta ei slette.  Han skal føra fram toppsteinen,  medan dei ropar:  “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).]  

Jesus kalla Sions dotter ut i fridomen.

Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg, til samanlikning med då kongebodet kom, om at dei kunne fare heim att til heimlandet sitt. Så sa Jesus til henne at ho skulle vere nøye med kvar ho står, når han kjem att og at ho tidleg kom inn i nåden. Ein av bodskapane som 12.2.2011:

”Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren. 

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.”

MTT 25,1 – MTT 25,13 {DEI TI BRURMØYANE}  Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. 2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. 6   Men midt på natta høyrdest eit rop: “Brudgomen kjem! Gå og møt han!” 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: “Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.” 9 “Nei,” svara dei kloke, “vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.” 10   Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: “Herre, herre, lat opp for oss!” 12 Men han svara: “Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.” 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.   

MTT 25,31 – MTT 25,46 {DOMEN}  Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre. 34   Så skal kongen seia til dei på høgre sida: “Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.” 37 Då skal dei rettferdige svara: “Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?” 40 Men kongen skal svara dei: “Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.” 41   Så skal han seia til dei på venstre sida: “Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.” 44 Då skal dei svara: “Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?” 45 Men han skal svara dei: “Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.” 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.   

Søke Herren av heile mitt hjerte og glede meg i han alltid.

Slik som eg vart opplærd til å be frå eg var ein liten gutunge, så kan eg trygt seie at eg kom tidleg inn i nåden. Og slik gjer eg meg liten, som ein som treng Faderens kjærleik og omsorg og det gjer eg rett i.

MTT 18,1 – MTT 18,4 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   

Då vil det vise seg at nokre stiller seg mellom sauene i Matt.25,31-46, det er dei som har omsorg for ein av Jesu minste små, andre stiller seg mellom geitene, det er dei som ikkje har slik omsorg.

Jesus sa til meg at eg skulle heilhjarta halde meg til han, så ville han komme meg til hjelp med si kraft og eg venta meg at slik ville han gi meg hjelp i form av ei kone. Han sa at eg skulle glede meg i han alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Bodskapen 20.5.2012:

”Ja, eg har sagt i mitt ord, seier Herren, gled deg i meg, så eg skal gi deg kva ditt hjerte attrår. Og du skal vite at gleda i meg, det er din styrke. For sjå, seier Herren, når du frydar deg og gleder deg i mi frelse, ja, sjå då vert du oppteken med det som høyrer mitt rike til, seier Herren. Derfor vil eg at du mitt kjære barn, skal vende deg bort og sjå bort ifrå det som skjer i denne verda. Men du skal vere oppteken med det som er der oppe og søke meg, seier Herre. For sjå, det som skjer på jorda no i denne tida, det har eg føresagt i mitt ord. Og då har eg sagt at de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til, seier Herren. Eg kjem snart, eg kjem snart, derfor ver ikkje opptatt av det som skjer her nede.

Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg skal reinse og eg skal reinse dei nidkjært til gode gjerningar, det er eit folk som eg har heilaggjort hjertet, det er eit folk som vandrar i lyset. Og sjå, det er eit folk som søker meg og vert fylt av den Heilage Ande, for sjå, når du er fylt av den Heilage Ande, seier Herre, då kan ingenting stoppe deg. Men då (har du å) gå på og du skal få oppleve at kvar du går, så vinn du meir enn siger, for sjå, den kraft og den Ande som bur i deg, seier Herren, den er sterkare enn den som er i verda. Du har ingen ting å frykte mitt barn, derfor søk meg, vert fylt av min Ande, seier Herren, og du skal få kjenne at den kraft som kjem frå meg, den overvinner alt, seier Herren, både frykt og redsel, for sjå, seier Herren, min kjærleik, min kraft, den bringer frykta ut, seier Herren, derfor skal du vere frimodig i denne tida og bruke det som eg har gitt deg. Amen.”

I haust sa han at eg skulle søke han av heile mitt hjarte. Då har eg lagt meir vinn på å be slik som når eg var ung. Eg skal heilhjerta halde meg til han, ta parti med han, så då er det no heilt klart at eg vil ho Virtuella skal verte frelst, så ho tilhøyrer han. Sidan kjem det no an på henne, kva ho svarer han. 

Men det saka også gjaldt, var at eg bad han gje meg ei frelst kvinne til kone og han har svart meg og teke seg av den saka for meg. Eg trudde på Jesus og elska han og vart glad i henne Reella, så eg bad han gje meg henne til kone og han openberra seg for meg og henne og svarde meg positivt på det, han elska henne og det gjorde han gjennom meg. Eg skal heilhjarta halde meg til han og søke han av heile mitt hjerte, så eg skal ta parti med han og det skal eg gjere i denne saka. Så då vil eg be for henne slik, at han frelser henne og det som kona mi. Eg er viss på at han gjere meg til kanal for si velsigning til henne, så han fyller meg og henne med den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Forkynning eller debatt?

Vår metode er å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, med bønn og bibellesing, verte fyllte av den Heilage Ande og utrusta til teneste. Og så gå ut og vitne om han, forkynne Guds Ord. Då kan det verte debatt og vi kan vel delta i den, men då må vi vite å innsjå vår avgrensing, liksom dei fem vituge brurmøyane som innsåg dei ikkje hadde nok olje til å spandere på dei som ikkje hadde teke med seg olje i kanner i tillegg til oljen på lampane. 

Det føregår mykje debatt i vår tid. Ofte tenker eg på å bidra med noko, men så merkar eg at eg vert tappa for krefter. Det minner meg om at bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Guds rike står ikkje i ord, men i kraft. Det vesentlege for oss er å heilhjarta halde oss til Herren, så vi får oppleve at han kjem oss til hjelp med si kraft.

Sidan vi har teke imot Jesus og går den smale vegen og held oss heilhjarta til han, så er mykje av desse stridsspørsmåla ikkje lenger aktuelle for oss. Dei har fått sitt svar og er avgjorde, for vi har teke imot det svaret som Gud har gitt oss i sitt Ord. Så vi sparer mykje tid og krefter på å sleppe unna ordstriden. 

Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.  2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden

2.Kor.3, 4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn.  5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud,  6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.  7 Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste.

17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Gud velsigna menneska og sa at dei skulle legge under seg jorda (1.Mos.1). Vert det møtt med motstand mot «imperialisme»?

Grønland.

https://www.weekendavisen.dk/2018-47/ideer/det-groenlandske-janusansigt?fbclid=IwAR1Ga6PFHpWRsOA6RgmQl8LpF7xKgCXhhyjIoa2jOfQHAIU1EtqMbuM5vGw

No til dags er der faktisk dei som likevel meiner at jorda er flat, det må då vere ein vits, men eg mistenker at det beror på liknande maktinteresser som ikkje ville tillate Montanus å få seg ei kone, for dei var redde for at menneska skulle forstå for mykje. Det er altså slike maktinteresser som viser seg i den såkalla likestilling-politikken, så det blir til ein protest mot at mannen skulle lære å forstå noko meir. 

Vidare blir det til ein reaksjon mot allmenn utdanning, utvikling og framgang, så det endåtil blir til ein protest mot at skandinavane skulle nå så langt som til Grønland.

Eg har høyrt det fortalt at sidan den katolske kyrkje lærde at jorda var flat, kunne vikingane vere redde for å segle utfor kanten når dei prøvde å segle vidare vestover frå Grønland, men sidan dei såg isfjell i det fjerne våga dei seg lengre vest til dei nådde fast land. Eg meiner det var ei framstilling på Herland-rapporten. Men både det geosentriske og det heliosentriske verdsbiletet rekna jorda for å vere ei klode. Og det var ikkje vanskeleg for sjøfarande å vite det heller, når vikingane reiste på langtur, såg dei då at fjella forsvann under horisonten bak dei og når dei nærma seg land igjen venta dei seg at det skulle dukke opp i horisonten.

Kvar folk då fekk det ifrå at ho var flat, veit eg ikkje, kanskje det er berre fordi det er enkelt? Jobs bok er det sagt at Gud hengde jorda på ingenting, den er ei av dei eldste bøkene i Bibelen og der er mykje god naturvitskapleg tenking i den.

Forteljinga om at djevelen tok med seg Jesus opp på eit høgt fjell og vite han alle verdens riker er kanskje ikkje så mystisk som den høyrest ut. Jesus hadde fere ut i ørkenen og så kom Djevelen for å freiste han, tok han med til Jerusalem og sette han på tempelmuren, tok han med på eit høgt fjell og viste han alle verdsens rike, dei skulle han få om han ville falle ned og tilbe han. Men då svara Jesus: «vik frå meg, Satan, …» Kvifor sa han ikkje det før? Truleg fordi det var først ved den siste freistinga Djevelen avslørte seg. 

Så eg reknar med det var menneske med verdsleg makt og som representantar for verdsleg makt som kom til han, i så fall får vi ikkje vite kven det var. Men vi veit at Jesus kalla Djevelen for denne verda sin gud og då måtte det vere sikta til Zevs. I dei to første freistingane prøvde han å få Jesus til å gjere under. Dersom han hadde gjort det, kunne Djevelen nytte høvet til å innbille folk at det var han som fekk Jesus til å gjere under og soleis innbille dei at det var han som var gud.

Ordet “verda” vert brukt på ein annan måte enn å tale om heile jordkloda, til dømes i juleevangeliet der det er fortalt at keisar Augustus hadde gitt påbod om at det skulle takast manntal i heile verda.

Spesielt når det er tale om korleis denne verda er, så er det tydeleg at det handlar om den politiske og religiøse makta og om korleis menneska er, tenker og leve og det handlar lite om jordkloda elles.

I 1.Mos.1 er det sagt:

I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.  2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet.  3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos.  4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret.  5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

6 Då sa Gud: «Det skal verta ein kvelv midt i vatnet; han skal skilja vatn frå vatn!» Og det vart så.  7 Så gjorde Gud himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over han.  8 Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.

9 Då sa Gud: «Vatnet under himmelen skal samla seg på ein stad, så det faste landet kjem til synes!» Og det vart så. 10 Gud kalla det faste landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt

Og geologane har funne ut at opphavleg var den tørre jorda eitt kontinent, Pangaea. Men på grunn av strøymingar i magmaen og forflyttting av jordplatene, vart det splitta opp i mindre kontinent som dreiv frå kvarandre. Så det kan vel vere at der er ordlyd som liknar «utkantane av jorda», men då er det altså den tørre jorda det er tale om.

Jesaja.49,5 «Og no,» seier Herren,

som frå mors liv

har skapt meg til sin tenar,

til å føra Jakob attende til han

og samla Israel hjå han

– eg er gjæv i Herrens augo,

og min Gud har vorte min styrke,

6 «det er for lite at du er min tenar

som skal reisa opp att Jakobs ætter

og føra heim att den frelste flokken av Israel.

Eg vil gjera deg til eit ljos for folkeslag,

så mi frelse kan nå til heimsens ende

Gud velsigna menneska og sa dei skulle vekse og aukast og legge jorda under seg. Sidan møttest dei på motsett side av jorda, slik som på Grønland, det vart befolka både av skandinavar og inuittar. Dersom det nye landet deira vert styrt frå heimlandet, vert det vel kalla kolonisering, men slikt fjernstyre vart ikkje lett å få til då. Det vesentlege er at dei ikkje vart til belasning for tidlegare innfødde, det var vel så mykje skandinavar kom kom der først, i sør. Inuittane kom sørover fordi dei ville ha del i kulturen til skandinavane og der var vennskapelege forhold mellom dei. 

Det vert spekulert i kvifor skandinavane forsvant derifrå, kom der til konfrotasjon eller var det svartedauden som gjorde slutt på dei?

Kvifor skulle eventuelt skandinavane komme tilbake? Med kva rett?

Norske fiskebåtar fiska lenge torsk ved aust-Grønland, men rundt 1970 kollapsa bestanden og det vart ein hard knekk for mange knekk for mange fiskebåt-reiarlag. For nokre år sidan høyrde eg rykte om at bestanden var i ferd med å ta seg oppatt.

Dette var altså før utviding til 200-mils økonomisk sone og dessutan var der ikkje nasjonale styresmakter på Grønland som var sterke nok til å vakte på bestanden.

Det seier seg sjølv at dersom moderne effektive fiskebåtar frå alle verdens kantar skulle komme inn på 12-mila og få fiske fritt, ville det ikkje gå bra. Men utviding til 200-mils økonomisk sone var ei nasjonalisering av ressursane, som gjorde det mogleg for nasjonane å få til ei fornuftig forvalting av fiskeressursane. Dei aller fleste forstår vel at samtidig som vi hauster av bestanden, så må vi også verne den.

Likevel var mange venstreradikale skeptiske til dette og kalla det imperialisme. Ved å bruke nasjonalisme som eit sjellsord, argumenterer dei mot nasjonale interesser og dermed mot slik nasjonalisering.

Dammark har skote inn mykje pengar i Grønland for å få den lokale styresmakta til å fungere der. Men kvifor? Jau, fordi dei har historiske rettar der. Det er mykje pengar og det blir sikkert ikkje lett å betale tilbake. Men då er det no berre å innvilge Danmark visse nasjonale rettar der. Det vesentlege er å få der ei styresmakt som er sterk nok til å styre og forvalte naturressursane.

Når norske fiskarar kom til lands på Grønland, for å bunkre og proviantere, fekk dei ein hjerteleg velkomst, men det var no på den måten, fiskarar har fortalt meg at kvinnfolk kom strøymande frå hus og heimar ombord i båten og der vart det sex-orgie. 

I 1995 var eg på ein «Grønlands-konferanse» i den Frie Evangeliske Forsamling og misjonærar fortalde at der var sex-klubbar med namn på kjønnssjukdomar, så dei valde sex-klubb etter kva slags kjønssjukdom dei hadde. På dennne konferansen kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale, der Jesus sa at han gjekk mellom dette folket.

Etter syndefallet vart Adam dømd til døden. Men den glade bodskapen er at Jesus døde i staden for oss, så på evangeliets grunnvoll får vi komme inn i eit slikt forhold til Gud som menneska var i før syndefallet, men no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Så ved trua på han skal vi altså få oppleve at Gud gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2.

Ytringsfridomen og samhaldet i folket.

Don Quiote og vindmøllene.

De diskuterer ytringsfridom og akademisk fridom fordi de synest det er viktig, men de bruker mykje tid og krefter på å diskutere om de skal dikutere ei sak i staden for å diskutere saka. Og dette minner meg om forteljinga om Don Quiote som trudde vindmøllene var kjemper som han skulle kjempe imot. Nokon prøver å fortelje han at dette er no berre ei vindmølle, men det avviser han og postulerer at der er kjemper som dei må kjempe imot. 

Dette er ikkje særleg interessant for ein realist, ein realist vil påstå at det er ei vindmølle, prøve å forstå korleis den virker, kva folk brukar den til og så snakke med dei om kva nytte dei har av den. Då har dei ei sak å snakke om, er der noko problem med det, så definerer dei problemet utifrå den erfaring dei har med det og då er det viktig at dei som har erfaring med det får uttale seg. 

Men slik som mange på venstresida vil avgrense ytringsfridomen er det som om Don Quiote hevdar seg å vere så lærd at han berre kan valse over heile gjengen.

Eg meiner det må vere om å gjere å få innsikt i dei reelle problema og definere ei problemstilling med innsikt, slik at det vert greit å diskutere saka. Men parolene til demonstrantane gjer ikkje det.

Det sosiale samhaldet, «vi og dei».

Kvifor er det så viktig for mange venstreradikale å definere andre som høgreekstreme og rasistar? Det beror vel på politisk filosofi og taktikk. Men det verkar då likevel svært så malplassert mange gangar. Eg meinar det beror på eit meir grunnleggande sosialt behov av å snakke om “oss og dei” og derfor snakkar de også om “dei” som ei utgruppe. Men dette sosiale behovet skulle naturleg nok vere ivareteke ved samhaldet i heimen og i familien, dernest i slekta og i folket. Då blir det også naturleg og snakke om dei andre som utgrupper, kva betydning det får er eit ope spørsmål. Det kjem an på situasjonen, det kjem an på både oss og dei. Om de vil filosofere over det så foretrekk eg framleis å vere realist og tenke biologisk. Men eg er i stand til å tenke annleis også, eg har eit breitt realfagleg grunnlag. Men denne antirasistiske propagandane utartar seg som eit angrep både på folket og på biologien som fag.

Samhaldet i kyrkja og religionen har også betydning, som gjer at vi snakkar om oss og dei. Og kva så?

Her er mange trådar som går an å ta opp om de definerer problemstillinga slik at det går an å diskutere ei sak.

Ytringsfridom og akademisk fridom. Eikremsaka.

Ytringsfridom er viktig både for å lære og for å rådeføre seg og kommunise for å få til samarbeide, for å ta rette og gode avgjerder. Med høgare utdanning vert folk meir og meir ekspertar på ulike område, dess viktigare vert denne kommunikasjonen, det vert viktig og verdifullt at den som er ekspert på sitt område uttalar seg om sitt fagfelt. Slik er akademisk fridom verdifull for samfunnet. Den som likar sitt fagområde likar rimeleg vis også å uttale seg om det, men ikkje alle er like sosialt engasjerte. Det vert gjerne gitt honør til den som bidreg til allmenn folkeopplysning. 

 Men desverre er der akademikarar som missbrukar sin posisjon til å feilinformere folket istaden for å drive folkeopplysning, dei satsar tydelegvis på å halde folket for narr. Forståeleg nok er dei er redde for allmenn ytringsfridom, fordi dei er redde for at folk skal gjennomskode humbugen. 

Eg er skuffa over at instituttleiinga til Øyvind Eikrem ikkje vil tillate han å snakke meir med oss. Det betyr no at dei forbeheld seg retten til å nekte han å vere i lag med vanlege folk, folk som dei ikkje likar, og snakke med dei slik som andre og det må no vere skuffande for han også. Eg synest det er trist at det skal vere slik.

Dei forslo at han skulle snakke med desse 44 studentane i staden, men då viste det seg at dei ikkje hadde noko å fare med. Og så vert det framstilt som om dei er represntative for studentane? Vanlege folk vert framstilt som ei pariakaste, som ikkje er i stand til å diskutere på ein vitug måte, men studentane vert framstilte som heilage kyr som ikkje er i stand til å snakke.

Håper Kristian Gundersen ikkje vil godta dette kastesystemet som biologisk modell. Han har forsvart ytringsfridomen og akademisk fridom på si FB-side, også i denne saka.

Metode og hendsikt med innskrenking av ytringsfridomen.

Innskrenking av ytringsfridomen kan til dømes fungere slik at dei stiller eit spørsmål, som kanskje endåtil kan vere retningsgivande, som ein påstand med eit spørsmålsteikn bak. Får dei ikkje det svaret dei vil ha, så innskrenker dei ytringsfridomen, altså ved å setje makt bak. Slik gjer dei spørsmålet til ein påstand og kanskje endåtil framstiller det som om det er ditt svar og ditt ansvar. 

Det minner om ormen som først spurde kvinna om Gud ikkje hadde gitt dei lov til å ete av noko av trea i hagen. Ho svarde rett, men så påstod han noko anna.

I følgje Bibelen er vi alle syndarar og treng den nåden Gud gir oss i Kristus. Derfor treng vi å audmjuke oss for Gud, bøye oss for korsets fot og vedkjenen vår synd for han. Så må vi tru at Gud vekte han oppatt frå dei døde og kjennast ved han som vår frelsar og Herre. Men då viser det seg at diverse prestar og politikarar ikkje vil vite av det. Og kvifor det? Fordi dei vil vere herrar i staden for han. Det er også poenget med at dei vil innskrenke ytringsfridomen.

#MeToo-aksjonen.

Vatn og luft er veldig tilpassningsdyktig. I følgje Thales er alt vatn, men her trur eg vi skal passe oss litt for «Montanus-logikk».

Profeten Jeremias sa at israelsfolket hadde falle ifrå Herren, kjelda med det levande vatnet. Jesus sa at vi må verte fødde på nytt, av vatn og Ande, for å sjå Guds rike. Det som er født av Anden er ånd.

Apostlen Peter sa vi skulle verte som levande steinar oppbygde til eit åndelig tempel… Kanskje det var derifrå Montanus fekk ideen når han beviste at mora hans var ein stein? Men ho vart så kald på føtene at han måtte ta full retrett.

Nietzsche meinte at Gud var død og at livet mangla ei djupare meining. Kun vitskapen kunne gi menneska eit sikkert haldepunkt. Han vert rekna for ein av postmodernismens forfedre, til tross for at den tydelegvis manglar slike haldepunkt. Som motsetnad til dette lever Montanus vidare, men dama hans er Berg-teken.

Kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er naturlegvis det mest grunnleggande sosialet samhaldet i eit folk og eit samfunn. Og det er viktig å tenke og kommunisere konstruktivt for å få det til å fungere. Politikarar og andre samfunnsengasjerte menneske vil gjere ha det til at dei er sosiale, altså meir sosiale enn andre menneske. Men så viser det seg at det heng saman med at dei STILLETEIANDE innskrenker ytringsfridom for andre menneske, slik at det vert vanskeleg for dei å få dette til å fungere. Kvifor? Så viser det seg at det ikkje fungerer for dei sjølve heller, det har vorte tydeleg med desse «#metoo-sakene». Men det er først og fremst på grunn av deira eigen innskrenking av ytringsfridomen. Den resulterer i mangefullt utvikla sjelelege og sosiale eigenskapar, så det blir vanskeleg å kommunisere konstruktivt. På frukta skal treet kjennast.

Antikrist fornektar Faderen og Sonen og det viser seg i innskrenkinga av ytringsfridomen og det viser seg i den såkalla kvinnefrigjeringa og #MeToo-aksjonen. Men eg er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll og er komen inn i samfunn med han og får oppleve at han rører ved meg og gjer sitt verk med meg, ved sitt Ord og sin Ande. Så eg seier : #METOO, Halleluja!

https://historienet.no/…/michelangelo-malte-kjonnsdeler…

 https://www.youtube.com/watch?v=5m–ptwd_iI

Gud eller gudane, tru eller bevis?

Tru og bevis.

Kva er eit bevis? På engelsk er der to ord for bevis, «proof» og «evidence». Eit matematisk bevis/prov («proof») tek i bunn og grunn utgangspunkt i noko som ikkje er bevist. Og i følgje Popper kan ikkje ei hypotese eller ein teori bevisast med empiri, den kan eventuelt berre motbevisast. Men empiri kan gi støtte for, underbygge, stadfeste ein teori. («It can give evidence for ….») Det kan gje bevis i ei straffesak og bevis godt nok for å stille ei diagnose for ein somatisk sjukdom.

Her samanliknar eg altså trua på Gud med ein naturvitskapleg teori og med aksiom i matematikken, men Gud er ikkje berre teori for oss, han er ånd og velsigninga betyr å oppleve samfunnet med han og å verte førbestemmt til noko godt.

Der er visst ein viss likskap mellom gamle religionar frå Europa til India og til dels Afrika, som gjer at ein kan misstenke at dei stammar frå ein felles «indo-europeisk» religion. Men det er tale om ei gudeverd med fleire gudar. I Midt-austen vart til dømes sol, måne, planetar og stjerner dyra som gudar og i følgje antikk mytologi sprang gudane ut ifrå kaos og regjerte i ulike områder av tilværet. Som motsetnad til dette oppstod der i Helleas ein ide om at naturen er fortåeleg og dei første naturfilosofane prøvde å forstå den. Samtidig er det også tale om Gud, i eintal. Så det er nærliggande at dei vart inspirerte av trua på «Israels Gud», som har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege, derfor er naturen forståeleg.

Lækjedom ved bønn.

Eg går på Jesus-møter og der brukar vi å be for sjuke og det hender dei vert lækte. Mange har vitna og fortalt om det og når dei som vert lækte ved bønn fortel det til lækjarane er det ikkje noko problem, dei må berre innrømme at her har det skjett noko som dei ikkje har forklaring på med sine lækjar-metoder. Og Jesus har sagt til meg gjennom tyding av tungetale at i denne tida skjer der langt meir av under som gir hans namn ære enn kva som nokon gong har skjett tidlegare, ved at menneske vert frelst og fri og lækte frå sjukdom. 

Ein kan ikkje vente seg at dette skal bestå prøva som det repeterbare eksperimentet, for med det garnskar vi naturen slik den er overlatt til seg sjølv og finn lovmessigheter i naturen. Men underet vitnar om han som har skapt alle ting og som står over den naturen han har skapt.

Dersom nokon prøver å bortforklare det naturleg med mytologi, er dei på ville vegar. Og dersom dei prøver å bortforklare slike under som eg no talar om, med noko som liknar naturlege forklaringar, så er dei også på ville vegar. Eg misstenker at det er nettopp det dei prøver på og derfor kjem dei opp med ei heil masse med alternativ medisin. Sjølvsagt har det å gjere med at folk vil tene pengar som lækjarar, men ikkje alle kjem inn på lækjar-studiet og å fullføre det.

Men den viktigaste årsaka trur eg er at der ligg så mykje økonomisk, politisk og religiøs maktinteresse i å erstatte evangeliets enkle og klare bodskap.

Ein som jobbar som siviløkonom kjem av og til og deltek på møte i Maranata i Oslo, som muksikar og som predikant og det hender han kjem med tyding av tungetale. Ein gong fortalde han at han hadde cystisk fibrose med utsikter til å leve berre til han var 35-36 år, med riktig medisinering, men han vart lækt ved forbønn. Seinare vart han lækt frå hjerteinfarkt og no er han over 60 år. https://tsivert.com/2016/07/20/elska-med-evig-kjaerleik/

Jesu frelseverk er grunnlaget for at vi opplever lækjedom ved bønn, så vi må ære Faderen og Sonen for det. Dersom moralfilosofar skulle prøve seg med sine moralfilosofiske krav om at vi må prestere noko for å oppnå noko, så ville det føre gale avstad. Cystisk fibrose er ein genetisk sjukdom og dersom nokon liksom skulle be om lækjedom for ein arveleg sjukdom og samtidig halde seg til ein slik moralfilosofisk tankegang, så ville dei fort vere over i lamarkismen, til minne om lysenkofadesa, det vart kalla vitskap, men det var det ikkje. Det ville vere vranglære i forhold til kristendomen og det ville vere nærliggande at det ville resultere i noko uvitskapleg. Og er det kanskje ikkje nettopp det som skjer med mesteparten av denne alternative medisinen?

2016.06.12. Maranatha. Komme fram for Jesus og tale med han.

Han som vart lækte frå cystisk fibrose og seinare frå hjerteinfarkt, ved bønn, talte i Maranata og då kom der tungetale som han tyda og Herren sa til meg at han ville berøre meg og at eg skulle snakke med han, sitat:

«Ja, seier Herren, eg talar til deg i dag, fordi eg vil berøre deg. Eg bryr meg om deg. For eg elskar deg med ein evig kjærleik, seier Herren. Derfor vil eg at du skal lytte til mitt Ord. Ta det til deg og grunde på det. Og så skal du komme fram for meg og be til meg, tale med meg, opne ditt hjerte for meg. Aus ut av alt det du har i ditt indre. Så skal eg fylle deg igjen og igjen, seier Herren.

Der menneske seier i sitt hjerte, det er ikkje mogleg. Så talar eg til deg og seier, jau, alt er mogleg for den som trur. Alt er mogleg for den som kjem fram for meg. Derfor skal du sjå at eg vil gjere store ting i ditt liv. Dersom du forventar at eg skal gjere noko for deg, så skal du få erfare at eg gjer det eg har sagt. Og at er rører ved deg, eg berører deg. Og eg fyller deg med mi kraft, seier Herren. For eg ynskjer at du skal følgje meg og vere ivrig i tenesta, for mi sak.»

På evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, Gud er ånd og vi får oppleve at han berøer oss og talar til oss og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og slik får han oss i tale. 

Han har talt til meg jevnt og trutt gjennom slike bodskap sidan eg var ung, han kalla meg og leia meg og det var faktisk slik han fekk meg til å studere realfag, så når eg studerte, snakka eg med han om det som han har skapt. 

Så har eg altså den røynsomsforståinga, både når eg er i praktisk arbeid og når eg studerer, at det er ikkje berre eg som gjer mitt verk, men det er han som gjer sitt verk med oss og slik skaper han historie.

Advertisements

1 reply »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s