Filosofi

JESUS SIGRA OVER DJEVELEN MED SIN DØD PÅ KORSET. PÅSKEMORGEN SLUKKER SORGEN TIL EVIG TID. DEN HAR GITT OSS LYSET OG LIVET……. 2

Terror mot kyrkjer på Sri Lanka 2. påskedag.

https://resett.no/2019/04/07/lederen-for-nation-of-islam-det-er-jeg-som-er-messias/?fbclid=IwAR2Z60zvFBrqco_YEagri7spCGAiNGf9M_p1C-2S4qccdDzF-uUtZ6hD8ls

https://resett.no/2019/04/23/is-hevder-a-sta-bak-sri-lanka-terror/?fbclid=IwAR1yDyITlBQonRY2Or13dkFjRljD9HpANlBgSX56a1idbq39iriI-YjU2ns 

https://www.nrk.no/urix/sri-lanka-terror_-_-hevn-for-moske-angrepene-pa-new-zealand-1.14524467

Kristus sigra med sin død på korset, det er det vi skal nytte oss av, så korset er vårt sigersmerke.

Kol.2,13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Han stod oppatt frå dei døde, så ved å tru på han får vi kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde i våre liv. Det er dette vi må vite å nytte oss av. Vi merkar at det hardnar til i denne verda, då må vi løfte hugen og blikket opp til han og rope på han. PÅSKEMORGEN SLUKKER SORGEN.

Postmoderne juss fører til justismord, terror og krig.

I psykologi og i moderne pedagogikk er det viktig at folk får svare for seg sjølve, det er også eit viktig rettsprinsipp. Dersom dei ikkje det får, kva er då alternativet?

Samfunnsvitarar samanliknar menneske og menneskegrupper, men postmodernistane legg opp til å forsvare forbrytarane, dømme og forfølge folk utan å la dei få svare for seg, men argumenterer for å hevne ei ugjæring på folk som ikkje hadde noko med det å gjere. Korleis då? Ved å samanlikne grupper av menneske og gjere bruk av Montanus-logikk: «Ein stein kan ikkje flyge, mor Nille kan ikkje flyge, altså er mor Nille ein stein». Det er ikkje vanskleg å innsjå at logikken ikkje er haldbar. Men så tek dei ikkje med det falske logiske resonnementet og då vert det til Goebbels-retorikk: dersom ei løgn vert gjenteken mange nok gongar, så vert den til slutt til ei «sanning».

Arnt Folgerø hadde ein svært interessant artikkel om postmoderne språk og juss, som SV er preg av, https://resett.no/…/svs-og-byrad-torkildsens…/… Eg siterer: «Men det var nok først Hegel som viste hvordan språket og tingene gjensidig konstituerer den menneskelige forståelsen, altså hvordan denne gjensidige konstitueringen danner en spesifikk menneskelig forståelse, dvs. hvordan og hvorfor vi begriper virkeligheten gjennom språket.»

I følgje Hegel skjer der ei dialektisk omforming mellom herre og knekt, men Gud og den einskilde har lite og inga betydning for dette, det er den intersubjektive Tidsånda som driv historia framover. Hegel var prest og var interessert i tysk samling, så det kan nok ha prega filosofien hans. Bismarck samla dei tyske statane med våpenmakt og vart ein nasjonal helt. Men sidan har dialektikken fungert som einsretting og propaganda, både i nazi-Tyskland, facist-statane og kommunistregiama. 

Men når Noreg kjempa for sitt eige sjølvstende og det vart slått ned på demonstrasjonar, samla dei seg og ropte hurra for konstitusjonen, for det var namnet på ein båt, men eigentleg tenkte dei på grunnlova https://no.wikipedia.org/wiki/Torgslaget. Så vanlege menneske ytra seg og kjempa for å få den konstitusjonen.

Bibelens Gud har også hatt eit Ord med i laget, men han er så suveren at han berre fortel oss kva pakt han gjer med oss og dersom vi ikkje går med på det, kan det fort verte verst for oss sjølve. Han gjorde pakt med Adam, Noa, Abraham, israelsfolket med det levittiske prestedømmet, ved Moses og så gjorde han pakt med alle folkeslag ved at Kristus døde i staden for oss, slik forsona han verda med seg før nokon av oss visste ord av det. Og så skulle den glade bodskapen om det forkynnast for alle folkeslag og kvar einskild og slik er kristendomen populistisk. Jesus er den siste Adam, som er i frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, det er berre å ta imot i tru av berre nåde, slik det vert symbolisert i dåpen og nattverden. Det gjer oss bevisst om korleis konstitueringa er.

I vår nære historie har der tydelegvis føregått ein hegeliansk diskurs over hovudet på oss og dei går så langt at dei prøver å erstatte evangeliet med noko anna. Som resultat av den konstitueringa kjem dei med påstandar med klagemål mot nokon kvar og kven som helst av oss, teke ut av lause lufta, når dei synest det passar seg slik. Og så krev dei attpåtil at vi berre skal halde kjeft og godta det?!

Kyrkja møter klima-krav.

Kirken møter klimakrav fra sine egne

I antikkens Aten var det lenge demokrati, sofistane var dei lærde, dei var advokatar, journalistar, pratmakarar og lurendreiarar. Men dei vart meir og meir korrupte. Og hendrettinga av Sokrates var eit justismord. Sidan folket let seg oppvigle mot han, konkluderte Platon med at menneska er vonde og dumme og derfor skal ei lære elite styre med diktatorisk makt. 

I middelalderen kom antikk filosofi inn i kyrkja og den vart fort prega av platonismen. Men islam er vel endå meir prega av den. Platonisme finn vi igjen i totalitære politiske ideologiar i heile det politiske spekteret.

Det er klart at eit slikt utdanningssystem konserverer det beståande, hendsikta med utdanninga er vel uansett utvikling og framgang, men verkar det slik? Den lærde elita kan ha behov for å framstille undersåttane som dumme og vonde, for å behalde si makt og føre vidare sin tradisjon. Så det ofte kan det tvert om virke slik at det strir mot utvikling og framgang. Slik kan vi få ein vulgær platonismen. 

Som reaksjon mot demokratiet i Athen, fann krigaren og diktaren Aiskylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjer var hans verk. Men korleis kunne ein av dei gudane som sprang ut av kaos få så stor makt at han kunne styre alt som skjer, som om det ikkje er kaos lenger? Det er å bytte om på årsak og verknad og det strir mot entropilova.

I Daniels bok er det profetert om Aleksander den Store og Antiokus 4. Epifanes. I følgje historiebøkene var Aleksander forholdsvis tolerant og tillet eit lokalt demokrati i Aten. Men i det gresk-syriske riket, noko seinare, kravde Antiokus 4. Epifanes at alle skulle dyrke Zevs og ingen annan gud. Metodene hans var korrupsjon og svik. Han rydda vekk den jødiske øvstepresten og sette inn sin eigen øvsteprest, som altså dyrka Zevs. Sette opp sit eige alter nær alteret i jødedommen og ofra der ein gris. Stikk i strid med Moselova, jødane hadde ikkje ein gong lov til å ete svinekjøt. Daniel profeterte om dette som den øydande styggedomen som står på heilag grunn.

Dette kan vi lese om i 1.Maccabearbok. Jødar som heldt fram med å dyrke Israels Gud vart drepne. Men så gjorde dei opprør og kjempa med livet som innsats inntil dei klarde få frigjere seg. Ein av fridomsheltane vart både konge og øvsteprest og det embetet skulle følgje ætta hans inntil der stod fram ein profet. Men når Jesus kom, sveik dei han. Det viser at religionen deira likevel hadde vorte infiltrert av metodene til Antiokus og trua på Zevs. Og Jesus profeterte om den øydande styggedomen som står på heilag grunn, som Daniel profeterte om, altså som ei historie som gjentek seg eller vert vidareført. Det ser vi i Sakarja.11 også, der det er tale om den Duglause Hyrdingen, Jesus vert seld for 30 sølvpengar, så vert det sagt: ”Bu deg atter som ein duglaus hyrding…”. Og det er nok dette Paulus profeterte om i 2.Tess.2 også.

2TE 2,7 – 2TE 2,12 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten. 

Og Jesus sa at i den siste tid skal mange falle ifrå og svike og hate kvarandre. Og metodene til Antiokus 4. Epifanes var nettopp korrupsjon og svik. Som å hendsikta med å love noko, var å kjøpe dei eller svike dei, for å få makt.

Gud frigjorde folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt og førde dei til det lova landet, der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Seinare profeterte Joel om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt. No veit vi at det har seg slik at Jesus kjøpte oss til Gud med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til den er Jesus Sanninga, vert vi verande i hans ord, får vi lære å kjenne sanninga, så den set oss fri. Har vi teke imot han, så vi har Kristi Ande, så tilhøyrer vi han og er frelst. Då skal vi også leve for han. Korleis då? Vi har fått Anden ved trua på han, gratis, utan krav om lovgjerningar og då skal vi halde fram i nåden og Anden. I Joel.3 er det vidare sagt at Gud vil gå til rette med folkeslaga, fordi dei gjorde folket hans til salsvare:

JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND} Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord; dei gamle mellom dykk skal ha draumar, og dei unge skal sjå syner. 2 Jamvel over trælar og trælkvinner vil eg renna ut min Ande i dei dagane. 

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA} For sjå, i dei dagar og på den tid, når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7 då vil eg samla alle folkeslag og føra dei ned i Josjafat-dalen. Der vil eg halda rettargang med dei om Israel, mitt folk og min eigedom, som dei spreidde mellom folka. Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8 og kasta lodd om folket mitt; dei gav ein gut for ei skjøkje og selde ei jente for vin – og drakk. 

For nokre tiår sidan, i AKP-ml-tida, kritiserte dei venstreradikale det kristne studentlaget fordi dei konkurrerte om å få med seg folket. Dei meinte folk vart narra til å tru på eit betre tilvære etter døden og derfor gjekk dei med på å lide urett, så dei vart fattige her i dette livet, medan andre tente seg rike på det. Folk burde heller verte med dei og belage seg på å verte med i ein væpna revolusjon.

Men det kan no fort utarte seg slik at mange vert lokka i døden, medan dei som sit bak og organiserer går fri og vinn makt og rikdom på det. Mykje vert presentert som frigjering som alternativ og/eller oppfølging av fridomen i evangeliet, så det kan vel vere ein grunn til at kristne i diktatur vert forfølgde, til tross for at dette strir mot evangeliet. 

Men materielt sett har folk det så godt her i landet, at det er ikkje lett å motivere folk til å risikere livet i ein væpna kamp for å få det bere. Nei, det er nok ikkje alt som stemmer så bra med marxismen og leninismen. Men i islam vert menneske lova eit betre tilvære etter døden om dei ofrar seg som martyrar. Og der er andre som vinn pengar og makt på det. Er det so å forstå at dei venstreradikale også skal satse på dette no?

At denne maktinteressa er komen inn i Guds hus, ser vi ved at dei vik av frå den evangeliske forkynninga. I følgje Guds eige Ord har han lova oss noko verdifullt ved tru på Kristus og dette har vorte forkynt i kyrkje og kristne organisasjonar. Men når vanlege folk tek imot og trur på Jesus og kjennest ved han, så dei vedkjenner at dei oppnår noko og får noko verdifullt ved å tru på han, så vik av frå Guds veg og vil ikkje innrømme kva som var lova, kva var då hendsikta deira med å forkynne den? Var det berre for å få makt og tene pengar? Det verkar då ofte slik, for når det kjem til stykket, viser det seg at dei ikkje er interessert i at folk skal oppnå det som var lova. Som om lovnaden vart gitt berre for at dei skulle ha noko å lokke med, for å få makt og tene pengar på det. Elles er det berre å bryte den og så kan dei kanskje prøve seg på det ein gong til.

Men det var då Gud sjølv som gav oss lovnaden i sitt eige Ord og han kan ikkje lyge. Jesus gav livet sitt for oss, for at vi skulle få det som var lova. Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen og salva han til å vere vår frelseskonge. Han har sagt til meg at eg kan ikkje stole på menneske, men eg kan stole på Guds kraft. For Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur.

Gud. Myte eller vitenskap.

GUD – myte eller vitenskap?

Det er mange som seier at dei ikkje trur på Gud for dersom alt var skapt på sju dagar, så er ikkje universet meir enn omlag 6000 år. Og mange kristne meiner det er best å ha den barnslege trua og lese slik som det står: 7 dagar. Dei er flinke og nøyaktige med både boskstavtolking og ofte spenstige med symboltolkinga, men er dei det i dette tilfellet? 

Det står skrive at i opphavet skapte Gud himmelen og jorda, jorda var aud og øyde, men Guds Ande sveiv over vatna, så sa Gud at det skulle verte lys og så vart det lys. Lyset kalla han dag og mørkret kalla han natt. så han hadde skapt himmelen og jorda før desse «lysdagane» kom og det er ikkje det same som jord-dagar, for først fjerde lys-dagen sett han dei to lysa på himmelen, sola og månen altså, så først då vart det jord-dagar, så det er noko anna enn lys-dagane. 

Her er noko å spekulete på, for i følgje vitskapen var sola til lenge før månen. Det kan ha seg slik at atmosfære hadde eit tjukt skylag, dessutan var det mykje meit kosmisk støv i det tidlege solsystemet.

Eg har av og til lurt på kvar ideen om at jorda er flat kjem ifrå. I følgje artikkelen https://resett.no/…/galskapen-ruller-videre-som…/… oppstod den i middelalderen og vart forsterka ved inkvisisjonen. Då var paven på toppen av si makt og nettopp då florerte dette og mykje anna fordummande dårskap på grasrotplan, ikkje minst på grunn av mangel på forkynning av evangeliet.

I julevangeliet les vi om at keisar Augustus hadde gitt påbod om at det skulle takast manntal i heile «verda». Ja, riket hans var verdsomspennande, men dei visste då vel at det handde sine yttergrenser mot andre riker. Men dei lærde visst no at jorda var rund, både grekarane og egyptarane visst det. Men var solystemet geosentrisk eller heliosentrisk? Der tok dei feil og heldt på det geosentriske systemet og det hang nok saman med mytologien.

I det gamle testamentet er det profetert om at Guds ord skulle nå til utkantane av jorda og til øyane der ute. Men då er det altså den tørr jorda det er tale om. Det kan ha vorte til forestillinga om verda sin ende, som utkanten på ei flat jord. Så sidan forkynninga av Guds Ord var så mangelfull, byrja folk å fantasere og dikte og så viste det seg at leiarane i kyrkja også gjorde det og faktisk vart leiarar på den måten. Med dikting om helvete og skjærseld, for å tene pengar på. Nokså fjernt ifrå den opphavlege teksta. Slik også med hekseprosessane og vi ser likskapen i dagens samfunn, der ligg mykje maktinteresse og økonomisk interesse i å forføre folket.

Andre lys-dagen sa Gud at det tørre landet skulle komme til syne og det høver no bra med det geologane seier om at der var eitt kontinent, Pangaea, som seinare sprakk opp og vart til fleire kontinent på grunn av «plate-tektonitt». Så det er altså den historiske bakgrunnen for å tale om utkantane av den tørre jorda.
Guds Ande sveiv over vatnet, då sa Gud at det skulle verte lys, så vart det lys. Då tenker vi på sollyset, men då må vi forstå det som symbol på livet som er lyset til menneska.

Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje.

2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. 

Menneske er laga av mold frå marka, men Gud er ånd og det som er mold kan ikkje verte ånd. Vi kan ikkje verte som han eller komme til han i eiga kraft, vi er heilt avhengige av at han kjem til oss og frelser oss. Så han sende Son sin til vår jord og openberra si frelse i han. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Slik må vi verte fødde på nytt for å sjå Guds rike, vi må vende om og verte som småborn for å komme inn i det. Det er ikkje fordummande, for Faderen oppseder oss og lærer oss opp ved sitt Ord og sin Ande, Anden Openberrar Ordet for oss, så vi vert opplyste.

Britisk filosof fekk sparken etter kritikk av begrepet islamofobi.

Britisk filosof fikk sparken etter kritikk av begrepet «islamofobi»

Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde i staden for oss. På det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. 

Men eg er realist, samtidig som eg trur på Jesus, eg har studert realfag og eg innser at svært ofte beror motsegna på moralfilosofi og då ikkje vanskeleg å innsjå at læra deira ikkje stemmer med realfag og dermed strir den mot ekte vitskap. I følgje moralfilosofien deira er den fysiske naturen vond, så det er noko som feilar den altså, og påstanden er så dogmatisk og fundamental at dei ikkje tek imot den glade og frigjerande bodskapen i evangeliet. Men då kan læra deira aldri stemme med realfag og ekte vitskap. Og konklusjonen dei kjem fram til er at all fysisk natur er salsvare, også menneskekroppen. Deira interesse er økonomisk gevingst og politisk makt, ved trua på marknadskreftene både i liberalismen og i marxismen. Men det som er så rart, er at moralfilosofane (filosofien til Hegel, Marx, …) underkjenner vanlege folk sine sosiale og økonomiske interesser og behov for å ytre seg. Med sin dialektikk krev dei og ventar dei seg at menneska skal verte omforma. Når dei kjem inn på heilag grunn med dette, vert det fundamentalistisk og då er det ein øydande styggedom.

Men vi må komme til Jesus slik som vi er.

Kristendomen har sitt mål og si metode, vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Ved å tru at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Realfaga og teknologi har sine mål og metode. Og dette fungerer god i hop. Det er som om Gud dimensjon kjem i tillegg til dimensjonane i fysikken.

Men postmodernistane kritiserer den sanninga vi søker og som vi meiner vi finn og så fundamentalt at der er som om dei underkjenner metodene. Men kva så med dei sjølv, kva med deira mål og metode? I det dei ikkje godtek rettferda ved tru, blir det som den Lovlause som set seg inn i Guds hus og gjer seg sjølv til gud. Det blir å hevde den sterkaste sin rett. Så kven er då ”den sterkaste”, som vil hevde sin rett?

Vi hevdar at den levande Gud er den sterkaste, han har skapt alle ting ved sitt Ord og held alle ting oppe ved sitt Ord. Så det synlege har vorte til av det usynlege, derfor er universet forståeleg, derfor kan vi studere det med vitskaplege moter og soleis lære å forstå oss på det. Men som menneske er vi avgrensa og det er avgrensa kor mykje vi forstår.

Men når vi vert fødde på nytt, av vatn og Ande, så vert vi nye skapningar, det som er født av Anden er ånd og vi får oppleve at Gud gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande i våre liv. Gud står bak sitt Ord med si kraft og vi får oppleve at hans Ord har den eigenskapen at det skaper det som det nemner. Gud er den sterkaste og det han seier er rett fordi det er han som seier det.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s