Økonomi

Kristen tru, rasjonalitet og erfaring. Vi er verdifulle for Gud. Å vere hans eigedom er verdifullt for oss. Skaping, kreativitet og arbeid.

Ung og uerfaren, men vitug og forstandig.

 

Det var lenge strid om den nye naturvitskapen var empirisk eller rasjonalistisk, men konklusjonen var at den var begge deler, den var hypotetisk deduktiv. Likevel verkar det som mange framleis har problem med dette og det har seg nok slik at når det kjem til samfunnsfag og kommunikasjon mellom menneske så utartar det seg litt annleis, problemstillinga vert litt annleis, det blir eit spørsmål om fri vilje, ytringsfridom og demokratiske rettar, om å vere vituge eller ikkje.

Men menneska har då til alle tider hatt erfaring og dei har hatt og dei har hatt moralfilosofi kopla politisk makt og til avgudar. Den politiske makta vart nok til ved at den representerte folkeviljen, men også ved at den representerte gudane, kongen opphøgja guden med sin moral og guden opphøgja kongen med sin politikk. Og folket vart kua. Kva moglegheit hadde dei då til å erfare, tenke nytt, lære noko nytt og gjere bruk av det? Så etter at Galilei såg i teleskopet sitt og byrja å tenke nytt, vart betydinga av erfaring og tankefridom eit brennbart tema. Men grunnen til at det vart så kontroversielt, var at antikk moralfilosofi hadde kome inn i kyrkja og den hadde ei kopling til antikk mytologi med trua på at planetane var gudar. Men folk hadde då tenkt og erfart sjølve, lenge før Platon og Aristoteles og profetane i det gamle testamentet hadde for lengst sagt at det vi ser opp på himmelkvelven ikkje er gudar.

Kong Salomo var ung og uerfaren når han skulle ta over kongedømet etter David, far sin, men han bad Gud om visdom.

1.Krøn,1 Så baud David at innflyttarane som budde i Israel, skulle samlast. Han peika ut steinhoggarar til å hogga ut steinblokker som Guds hus skulle byggjast av.  3 David gjorde klar ei mengd med jern til spikrar i portdørene og til bindhakar, så mykje bronse at han ikkje kunne vegast,  4 og tallause sederbjelkar. For mennene frå Sidon og Tyros førte sedertre i mengd til David.  5 David sa: «Salomo, son min, er ung og urøynd, men huset som skal byggjast for Herren, må gjerast så stort og staseleg at det blir kjent og heidra i alle land. Difor vil eg gjera førebuingar for han.» Og David gjorde store førebuingar før han døydde.
  6 Så kalla han til seg Salomo, son sin, og påla han å byggja eit hus for Herren, Israels Gud.  7 David sa til han: Son, av heile mitt hjarte ønskte eg å byggja eit hus for namnet til Herren min Gud.  8 Men Herrens ord kom til meg: «Mykje blod har du aust ut, og store krigar har du ført. Du skal ikkje byggja noko hus for mitt namn, for du har aust ut mykje blod på jorda for mitt andlet.  9 Sjå, du skal få ein son som skal vera ein fredens mann. Eg vil la han få fred for alle fiendar rundt ikring. Salomo skal han heita, og i hans dagar vil eg gje Israel fred og ro. 10 Han skal byggja eit hus for namnet mitt. Han skal vera ein son for meg, og eg skal vera ein far for han. Eg vil tryggja kongsstolen hans i Israel til evig tid.»

 

 

1.Kong.3 4 Kongen fór til Gibeon for å ofra der, sidan det var største offerhaugen. Tusen brennoffer bar Salomo fram på altaret der.
5 I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta. Gud sa: «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!»  6 Salomo svara: «Du har vist stor miskunn mot din tenar David, far min, fordi han ferdast for ditt andlet i truskap og rettferd og hadde eit hjarte som var ærleg. Og denne store miskunn har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag.  7 No har du, Herre, min Gud, gjort tenaren din til konge etter David, far min. Men eg er berre ein ungdom og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt i eitt og alt.  8 Her står tenaren din midt imellom folket ditt som du har valt ut, eit folk så stort at det ikkje kan teljast, og så talrikt at det ikkje kan reknast.  9 Så gjev då tenaren din eit hjarte som kan høyra, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt. For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?»
10 At nett dette var svaret frå Salomo, var godt i Herrens auge. 11 Og Gud sa til han: «Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men om vit til å skjøna kva som er rett, 12 så vil eg gjera det du har bede om. Eg gjev deg eit vist og vitug hjarte. Aldri før har det vore nokon som deg, og din like skal heller aldri koma. 13 Og det du ikkje bad om, vil eg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane. 14 Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.» 15 Salomo vakna. Det hadde vore ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram fredsoffer og heldt festmåltid for alle tenarane sine.

 

 

Salomos Ordspråk. 7,1 Son min, ta vare på orda mine,
gøym boda mine hos deg!

2 Hald fast på boda, så skal du leva,
ta vare på mi rettleiing som din augnestein!

3 Bind dei fast til fingrane,
skriv dei på di hjartetavle!

4 Sei til Visdomen: «Du er syster mi»,
kall innsikt for din nære slektning.

5 Så vaktar dei deg mot annan manns kone,
ei framand kvinne som lokkar så fint.

6 Eg stod ved vindauget i huset mitt,
kikka ut gjennom gitterverket.

7 Då såg eg han blant dei urøynde,
la merke til han mellom dei unge,
ein ung mann utan forstand.

8 Han gjekk over gata ved hennar hjørne
og styrte stega mot huset hennar.

9 I skumringa var det, om kvelden,
då nattemørkret fall på.

10 Då kjem kvinna imot han,
kledd som ei hore, med listig hjarte.

11 Rastlaus er ho, og ustyrleg,
heime har føtene inga ro.

12 Snart er ho på gata og snart på torget,
ved kvart eit gatehjørne står ho på lur.

13 Ho tek tak i han og kysser han,
med ei frekk mine seier ho:

14 «Eg hadde lova å bera fram eit fredsoffer,
i dag har eg halde lovnaden min.

15 Difor gjekk eg ut for å møta deg,
eg leita etter deg og fann deg.

16 Eg har lagt teppe på senga mi,
fargerikt lin frå Egypt,

17 og over leiet har eg strødd
myrra, aloe og kanel.

18 Kom, lat oss drikka djupt av kjærleiken,
fryda oss i elskhug til morgonen gryr.

19 For mannen min er ikkje heime,
han er ute på langferd.

20 Pengepungen tok han med seg,
først ved fullmåne kjem han heim.»

21 Ho overtala han etter beste evne,
med glatte lepper forførte ho han.

22 Han følgjer etter henne med det same,
lik ein okse dei fører til slakting,
lik ein hjort som går rett i fella,

23 til pila borar seg inn i levra.
Han liknar fuglen som flyg mot snara,
han skjønar ikkje at det gjeld livet.

24 Så høyr no på meg, søner,
lytt til orda frå min munn!

25 Lat ikkje hjartet venda seg til hennar vegar,
villa deg ikkje inn på stigane hennar!

26 For ho har gjeve banesår til mange,
talrike er dei ho har felt.

27 Huset hennar er vegen til dødsriket,
ned til dødens salar.

 

 

Salomos Ordspråk 8

1Høyr, Visdomen ropar,
forstanden lyfter si røyst.

2 Visdomen stiller seg på toppen av høgdene,
ved vegen, der stigane møtest.

3 Ved portane inn til byen,
der folk går inn, ropar ho høgt:

4 Eg ropar til dykk, de menn,
mi røyst når ut til menneska.

5 Lær dykk klokskap, de urøynde,
få forstand i hjartet, de dårar!

6 Høyr, eg talar om det som er edelt,
frå leppene mine kjem ærlege ord.

7 Tunga mi talar sanning,
og leppene avskyr urett.

8 Kvart ord frå min munn talar om rettferd,
dei er ikkje svikefulle og falske.

9 Dei er gode for den som forstår,
og rette for den som finn kunnskap.

10 Ta imot mi formaning heller enn sølv
og kunnskap framfor utvalt gull.

    11 For Visdomen er betre enn perler,
av alle skattar er ingen som ho.

12 Eg, Visdomen, bur i lag med klokskap;
kunnskap og omtanke finst hos meg.

13 Å frykta Herren er å hata det vonde.
Eg hatar hovmod og stormod,
den vonde vegen og all svikefull tale.

14 Meg høyrer råd og klokskap til,
innsikt er eg, og styrke har eg.

15 Ved meg herskar kongar,
og fyrstar fastset kva som er rett.

16 Ved meg rår fyrstar og stormenn,
alle som styrer rettferdig.

17 Eg elskar dei som elskar meg,
og dei som leitar, finn meg.

18 Hos meg er velstand og prakt,
rettferd og varig rikdom.

19 Mi frukt er betre enn det finaste gull,
den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sølv.

20 Eg går på rettferds veg,
held meg på dei rette stigar.

21 Eg gjev rikdom i eige til dei som elskar meg,
og fyller skattkammera deira.
Opphavet til Visdomen
22 Herren bar meg fram som sitt første verk,
før hans gjerningar i fjerne tider.

23 Frå eldgammal tid vart eg forma,
i opphavet, før jorda vart til.

24 Eg vart fødd då djupa ikkje fanst
og dei vassrike kjeldene ikkje var til.

25 Før fjella vart sette på plass,
før høgdene vart eg fødd.

26 Han hadde enno ikkje laga jorda og marka
og dei første støvkorn på landjorda.

27 Eg var der då han grunnfeste himmelen
og rissa opp himmelranda over djupet,

28 då han gav kraft til skyene der oppe
og kjeldene i djupet fekk styrke,

29 då han sette grense for havet
så vatnet stansa der han baud,
då han rissa opp grunnvollane under jorda.

30 Eg var byggmeister hos han.
Eg var til glede for han dag etter dag
og leika meg støtt for hans andlet.

31 Eg leika på hans vide jord
og gledde meg med menneska.

32 Så høyr no på meg, born!
Sæle er dei som følgjer mine vegar.

33 Høyr på formaninga og bli vise,
forakt henne ikkje!

34 Sælt er det mennesket som høyrer på meg,
som dagleg vaker ved dørene mine
og held vakt ved portane mine.

35 For den som finn meg, finn livet
og vinn velvilje hos Herren.

36 Men den som ikkje finn meg, skader si sjel.
Alle som hatar meg, elskar døden.

 

 

Når Salomo var ung, gav Gud han ein visdom som var heilt unik og denne visdomen ser vi i Høgsangen, i kjærleiksforholdet mellom kong Salomo og hans brud, som han kallar «den lytelause reine». Det er så tydeleg at kjærleiken mellom dei er frå Gud, den er sterk som døden. Dette er førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og kyrkja som er hans brud. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud er ånd og han rører ved oss med sin Ande og vekker oss opp til i samfunn med seg, slik som vi ser i 1.Mos.2.

 

 

Lova og trua, erfaring og forstand.

 

Den gamle pakt, representert ved dei ti boda, handlar om kva du ikkje har lov til, kva du ikkje skal gjere altså. Kun to av dei er formulert som noko du skal gjere, du skal ære Gud og foreldra dine for kva dei har gjort for deg, då er hovudsaka likevel ikkje kva du skal gjere men kva dei har gjort. Du skal halde kviledagen heilag, så då skal du takke og ære Gud for det han har gjort for deg og det han er for deg. Så skal du heidra far din og mor di så det går deg godt og du får leva lenge i landet som Gud gir deg.

I SO.7,7 er det tale om ein urøynd mann som er utan forstand, sagt med moderne språkbruk manglar både erfaring og rasjonalitet altså. Men i SO.8,5 er det sagt til dei urøynde at dei må lære seg klokskap, så dei kan få forstand i hjartet. Men det er då merkeleg rart om samfunnsvitarar skal argumentere mot ein slik rasjonalitet på grunnlag av empirisme, argumentet er at det du erfarer er verkeleg, men kva med rasjonaliteten, eksisterer den? Påstanden er at den ikkje eksisterer og derfor er den ikkje noko å bry seg om. Men vi kan samanlikne det med ein mann som tek med seg gutungen sin ut på garden og der er det ei strid elv. Så seier til han at han må ikkje gå bort til elva, for om den dett uti, så kan han drukne. Likevel passar han vel på gutungen så han ikkje kjem nær elva, men når han vert noko eldre reknar faren med at han forstår det sjølv, så han let han gå fritt på garden. Han har fått ein rasjonalitet (forstand) som er verdifull for han. Han trengde ikkje den erfaringa at han ramla i elva for å forstå det, tvert om trengde han rasjonaliteten for å unngå å få den erfaringa. Den erfaringa kunne ha resultert i at han drukna. Om faren berga han, så vart han altså redda ved farens rasjonalitet. Rasjonalitet er forstand og det motsette er uforstand. Å påstå at rasjonalitet ikkje eksisterer er eigentleg ikkje relevant, men ei relevant problemstilling er kor god rasjonaliteten er, det kan diskuterast.

Men Bibelen fortel meir enn kva du ikkje har lov til. Adam og Eva skulle dyrke og verne Edens hage og Israels-folket skulle dyrke opp landet sitt, så det vart grøderikt og dei skulle få nyte grøda sjølve. Dei skulle tru på han og høyre på han når han talte til dei gjennom sine prestar og profetar. Så skulle dei få komme inn til Guds kvile. I SO.8 er det tale om ein visdom som er meir verdifull enn dyre skattar. Den gjer folk rike og ved den rår kongar. Mykje av det som er sagt her høver med den realfaglege kunnskapen. Då kjem den realfaglege kunnskapen vel med. Men det viktigaste er å finne godvilje hos Herren og berge si sjel.

Israels fråfall var at dei ikkje lenger trudde på han og lærde seg det han hadde sagt til dei og ikkje lenger høyrde på kva han sa til dei gjennom sine profetar. Dei var Guds kone og han elska henne og hadde omsorg for henne og stelte vel med henne. Men ho forstod seg ikkje lengre på det og byrja då dyrke avgudane til nabofolka, dei var laga av stokk og stein, men Israels Gud var usynleg for det fysiske auget. Så ho vart ei hore. Det vert skildra som ei kvinne som brann etter lyst på mannfolk. Når dei var trælart i Egypt, var der egyptiske menn som kjende på henne og det var det ho sidan fekk lyst på. Slik fekk dei makta over henne, så vart ho inderleg lei av dei, men då oppdaga ho at ho hadde fått eit vanskeleg problem.

 

Esekiel.23 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:  2 Menneske, det var to kvinner, døtrer til ei og same mor.  3 Dei levde utuktig i sin ungdom; dei dreiv hor i Egypt. Der tok dei på brysta deira og klemde deira jomfrubarm.  4 Den eldste heitte Ohola, og systera heitte Oholiba. Dei vart mine og fødde søner og døtrer. – Namnet Ohola står for Samaria og Oholiba for Jerusalem.

 

 

Kva eksisterer, den fysiske naturen som vi sansar, som vi lagar noko av og dei gudane menneska lagar av den? Eller Gud og den naturen han har skapt?

 

 

Med eit empiristisk vitskapssyn vert det ofte påstått at alt som eksisterer er det som vi sansar, kjenner, ser og høyrer, men her ser vi altså at det hadde seg slik at det var det ho hadde lyst på og derfor vart ho dum, ho vart dåra og forførd slik som ved syndefallet og fall ifrå og slik er det med fråfallet i kyrkja også. Vi får eit eksistensielt spørsmål, kva er det som eksisterer, er det berre det som vi sansar, kjenner, er og høyrer?

Men avgudane, laga av stokk og stein, sansar ikkje, dei kjenner ikkje, ser ikkje, høyrer ikkje og talar ikkje. Men Israels Gud ser, høyrer og talar.

 

Jeremias.10,1 Høyr dette ordet som Herren talar til dykk, Israels ætt.  2 Så seier Herren:
Ven dykk ikkje til å gjera som andre folk
og reddast ikkje teikn på himmelen,
endå om andre folk reddast dei.
3 For skikkane åt folka er ingenting verde.
Dei høgg eit tre i skogen,
ein treskjerar lagar det til med øks,
4 han pryder det med sølv og gull
og fester det med naglar og hamar,
så det står støtt.
5 Gudebileta liknar
fugleskræmsla i ein agurkåker;
dei kan ikkje tala,
og dei må berast, for dei kan ikkje gå.
Ver ikkje redde dei!
Dei gjer ingen skade,
men kan heller ikkje gjera noko godt.
6 Ingen er som du, Herre.
Stor er du,
stort og mektig er ditt namn.
7 Kven må ikkje ottast deg,
som det sømer seg,
du konge over folkeslag.
For mellom alle vismenn hjå folka,
i alle rike er ingen som du.
8 Alle saman er dumme som fe,
frå gagnlause tregudar har dei sin lærdom.
9 Platesølvet er kome frå Tarsis
og gullet frå Ufas.
Det er eit verk av treskjerar og gullsmed,
kledt i purpur, fiolett og raudt;
alt er laga av kunstnarar.
10 Men Herren, han er i sanning Gud,
ein levande Gud og ein evig konge.
Jorda skjelv for hans harme,
folka kan ikkje halda ut hans vreide.
11 Så skal de seia til dei:
«Dei gudar som ikkje skapte himmel og jord,
skal kverva frå jorda
og ikkje finnast under himmelen.»
12 Herren skapte jorda med si kraft,
han grunnla fastlandet i visdom
og spente ut himmelen med skjøn.
13 Når han tornar, brusar vatnet i himmelen,
han lèt skodd stiga opp frå enden av jorda,
han lèt lyna blinka og regnet falla
og sender vinden frå hans opplagsrom.
14 Alle menneske er dumme og uvituge.
Kvar gullsmed må skjemmast av sine gudebilete,
dei støypte bileta hans er lygn,
det er ikkje ånd i dei.
15 Gagnlause er dei, eit verk til å spotta,
i rekneskapsstunda er det ute med dei.
16 Såleis er ikkje han som er Jakobs del,
for det er han som skaper alt.
Israel er hans eiga ætt.
Herren, Allhærs Gud, er hans namn.
Det eksistensielle spørsmålet var først eit spørsmål om kva vi sansa, så vart det eit spørsmål om kva vi lagar, er guden vår noko vi lagar av stokk og stein. Men så spørst det også om kva vi er laga av. I 1.Mos.2 vart det sagt at Guds skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans og han var til ei levande sjel. Men etter syndefallet vart menneska dømde til døden, Gud sa til mannen at han er mold og til molda skulle han attende. Han var ikkje liksom Gud likevel altså, Gud er ånd, men mannen var mold.

 

 

 

 

Gjenfødinga.

 

Men den glade bodskapen er at Kristus døde i staden for oss. Og etterpå stod han oppatt frå dei døde.

 

Joh.1,12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

 

Joh.3,  5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.  6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd.  7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt.  8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»

Joh.3, 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

 

Det som er født av Anden er ånd, er vi fødde av Anden, så er vi ånd og det er evig. Gud er alfa og omega, byrjinga og enden, før han var det ingen og etter han kjem det ingen. Han har skapt alle ting og slik var han opphavleg den første i menneska sine liv og når vi let oss forsone med han på evangeliets grunnvoll, blir han igjen den første i våre liv, som den første og mest grunnleggande årsak. Han er kjelda med det levande vatnet, som kjelda som vatna Edens hage og gav alt liv.

Dette er fundamentalistisk tenking, til samanliknast med filosofi, men vi trur og hevdar at Gud er ånd, når han velsignar oss, så rører han ved oss i vårt indre menneske, så vi erfarer at han og hans rike er ein åndeleg røyndom, han gjer sitt verk i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande. Dette er noko anna enn det vi erfarer rundt oss, Gud gir oss noko nytt frå himmelen og når vi tek imot det, så er det meininga vi skal tilføre verda noko nytt og verdifullt, med det nye som vi har fått ifrå himmelen. Vi skal gå ut og bere frukt, frukt som varer. Ja, aller helst ved å sitere frå Bibelen og sitere det han har sagt til oss gjennom forkynninga av Guds Ord og gjennom tyding av tungetale. Men når vi går ut i verda er det ikkje alle tider det er relevant. Vi må vere frimodige nok til å bruke våre talent til å tale sjølve og ordlegge oss slik som det fell for oss og slik som vi sjølve synest det høver i dei ulike situasjonane vi møter.

 

 

 

Velsigninga.

 

Denne fundamentalismen vert tydeleg for oss når Jesus velsigna småborna.

 

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei  3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.  6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden.  9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

 

I Høgsongen vert det sagt at vi skal ikkje vekk kjærleiken før sjølv han so vil.

 

Høgsongen.2, 7 Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer,
ved gasellane og hindane i marka:
Vekk ikkje kjærleiken!
Eggja han ikkje før sjølv han vil!

 

Vi kan forstå kjærleiken som ein rasjonalisme og det er med den rasjonalismen vi skal gjere erfaring. Frå det nye testamentet veit vi at den ekte kjærleiken er frå Gud og det er viktig for oss å få med oss den kjærleiken inn i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

I slutten av Høgsongen vert det sagt at kjærleiken er sterk som døden og så er det tale om ei jente som enno ikkje er kjønnsmoden, så dei må verne henne når friarane kjem. Vi kan seie det slik at dei har ein rasjonalitet og med den rasjonaliteten vil dei verne henne mot visse erfaringar.

 

Høgs.8,  5 Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,
stødd til sin ven?
Under apalen vekte eg deg,
der mor di hadde føderier,
der ho fødde deg.
6 Set meg til eit segl på ditt hjarta,
eit segl på din arm!
For kjærleiken er sterk som døden
og mektig som dødsriket i si trå.
Han brenn som logande eld,
han logar mot himmelen.
7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,
elvar kan ikkje fløyma han bort.
Om einkvan ville gje
alt han åtte for kjærleik,
så vart han berre til narr.

8 «Vi har ei lita syster,
som enno ikkje har bryst.
Kva skal vi gjera med syster vår
når friarane kjem?
9 Er ho ein mur, vil vi byggja
tindar av sølv på han.
Er ho ei dør, vil vi stengja henne
med ein sederplanke.»
10 Eg er ein mur,
og mine bryst er som tårn.
I augo hans har eg vorte
lik ei som finn fred.

 

Døyparen Johannes sa om Kristus at det er han som har bruda.

Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.

 

Kjærleiksforholdet mellom kong Salomo og henne «lytelause reine» i Høgsongen er førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Når vi tek imot Jesus som vår frelsar og Herre, vert det født i oss ved den Heilage Ande, så for oss gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Velsignar vi småborna og tek imot Guds rike som små born, så er det klart at slik er det for born og unge lenge før dei er kjønnsmodne og lenge før dei finn seg kjæraste og gifter seg. Det er ein orden som er naturleg og som Gud skaper i oss ved sitt Ord og sin Ande og som han også skaper i Jesu kyrkje.

Vi trur at Gud er til, han er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom. Han har skapt alle ting ved sitt Ord og han skaper oss framleis ved sitt Ord, han openberrar Ordet for oss og oppseder oss og lærer oss opp ved sitt Ord og sin Ande. Han gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande. Dermed kan vi kalle det ein rasjonalitet som eksisterer, Gud eksisterer som den første, som var til før noko anna vart til, som den første årsak til alt mogleg. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, Jesus elskar oss med kjærleiken frå Gud og det er vår første kjærleik. Så ei sann kristen kyrkje har ekte kjærleik og ein rasjonalitet som eksisterer. Det står i motsetnad til Immanuel Kant’s påstand om at kyrkja sin rasjonalitet ikkje eksisterer. For oss er det non å spørje etter kvar det vart av den evangeliske forkynninga og kvar blir det av den i vår tid.

Når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at Herren er komen nær til oss, då er det viktig for oss å kalle på han den stund han er nær, ja, for vi får komme til han med alle våre problem og behov, Jesus er Guds Ord, han er løysinga på alle våre problem og svaret på alle våre behov. Så er det viktig for oss å gå ut og fortelje om han til kven som helst som vi møter. Han har lova å vere med oss og det er viktig for oss å innsjå det. Det vesentlege poenget er at han vil vere med oss og møte fleire menneske i vårt nabolag og nærmiljø.

I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for Gud er den same no, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Så den skapinga som det er tale om i 1.Mos.2, er ikkje berre eit eingangsforetak, men når vi lever i samfunn med Gud, får vi oppleve at Gud framleis skaper oss slik. Det ser vi av Fork.3,14-15:

 

Eg skjøna at alt det Gud gjer,
varer til evig tid.
Ikkje kan ein leggja noko til,
og ikkje kan ein ta noko ifrå.
Gud har laga det så
for at menneska skal ha age for han.
15 Det som er, har eingong vore,
og det som skal henda, har hendt før.
Gud tek fram att det som kvarv.

 

Adam og Eva skulle dyrke og verne Guds hage, Israelsfolket skulle innta det lova landet, lovnaden var at ved trua på Gud og hans Ord, skulle dei få komme inn til Guds kvile. Ved trua på Israels Gud skulle dei la han gjere sitt verk, ved sitt Ord og sin Ande, for dei betydde det kvile.

Og nettopp slik er det med Jesus frelseverk, det er Guds verk, han forsona verda med seg ved at Jesus døde i staden for oss, med sitt syndeoffer sona han all verda si synd. På det grunnlaget får vi kvile. Men no gjeld altså lovnaden alle folkeslag.

I 1.Mos.2 er det sagt at Gud såg at det var ikkje godt for mannen å vere åleine, så han ville gi han ei hjelp som høvde for han, derfor skapte kvinna av sidebeinet han og førde henne til han. Eg forstår det slik at det betyr at ho var av hans eige folk. Men no, i den nye pakta, er det vesentlege poenget at Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Jesus kyrkje er hans brud, det er dei som har teke imot han og er fødde på nytt, av vatn og Ande, dei har fått den nye naturen, Anden og livet som han gir dei frå himmelen, dei har fått hans natur.

 

 

Forbanninga.

 

Ved barnedåpen i kyrkja talar prestane varmt om at Jesus velsigna småborna, Guds rike høyrer slike til, vi må vende om og verte som småborn for å komme inn i det. Men når ungdommen kjem opp i den alderen at dei vil ha seg kjærestar, ein ung mann vil ha seg ei kone og ei ung kvinne vil ha seg ein mann, så får pipa fort ein annan lyd, då vil dei ikkje godta at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skal ha noko med Gud å gjere, då vil dei ikkje vite av denne velsigninga lenger. Og alternativet til velsigninga er forbanninga. Det er som om dei er av ein annan skule, antikk filosofi og tradisjonell moralfilosofi som konkluderer med at dei unge er for dumme, ja, endåtil vonde, fordi dei er ulærde. Det viser seg i kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære. Ved trua på Kristus er Kristus hovudet for mannen, likevel held dei han for å vere dum, ja, endåtil vond, fordi han etter deira skule er ulærd. Sidan dei trur og påstår at han er dum og vond, let dei han ikkje få møte ei ung jente eller snakke med henne, for å fri til henne. Men då erstattar dei rasjonaliteten med ein annan rasjonalitet, hans tanke og hendsikt var god, men dei erstattar den med noko vondt.

Men la oss no samanlikne det med antikk filosofi igjen, han har rasjonalitet til samanlikning med rasjonaliteten i platonismen. I ettertid kan ein seie at den var mangelfull og kanskje også at der var noko den måtte kvitte seg med. Men Jesus frelseverk er fullført og fullkome, Jesus er fullkomen og den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss. Så vi skal sjå på han og kjennast ved han. No ser vi stykkevis og delt, så vår innsikt er ikkje fullkommen, men vi ser fram til at vi ein gong skal få sjå og kjenne fullt ut. Dette liknar på platonismen, men den vesentlege skilnaden er at vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde. Det fundamentale er at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Motstanden og innvendinga utartar seg som ein påstand om at rasjonaliteten hans er for dum eller ikkje eksisterer, for det er det som vi erfarer som eksisterer. Om vi igjen tenker oss faren som tok med seg sonen ut på garden og sa til han at han måtte holde seg unna elva, så blir innvendinga som å påstå at dette kan ikkje son hans vite før han har falt i elva og fått erfare det. Men når det gjeld den unge mannen som ville fri til ei kvinne, så blir innvendinga at kvinna må få seksuell erfaring med ein annan mann først, for å verte kompetent til å snakke om det. Men resultatet er då at han får henne som kone i staden og får makt over henne som kona si. Så strategien og politikken deira er at når den unge mannen som trur på Kristus vil ta kontakt med ei kvinne, snakke med henne for å finne seg og vinne seg ei kone, fri til henne, så syter dei for at han kjem i den situasjonen at det blir som å trå etter annan manns kone. Og i Salomos Ordtøke såg vi at det er livsfarleg, så det kan samanliknast med å falle i elva.

Dei held han for å vere dum og ulærd fordi han framleis er i barnetrua, men då er det mange andre som dei også held for å vere dumme og ulærde. Fornektar dei trua og påstår at rasjonaliteten ikkje eksisterer, kva vil dei då erstatte den med? Poenget er at han ikkje har seksuell erfaring og derfor held dei han for å vere dum. Sidan han vil ha seg ei kone, vil han sjølvsagt med tida gjerne få seksuell erfaring saman med henne, derfor held dei han for å vere dum og vond og derfor vil dei støyte han ut. Og kvifor det? Det er som med «Mor Israel» som var Guds kone, men ho forstod seg ikkje lenger på at det var han som elska henne og hadde omsorg for henne og stelte så vel med henne. Ho dreiv hor med avgudane til folka rundt henne, avgudar laga av stokk og stein. Så ho byrja å tru at det var dei som stelte så vel med henne. Slik fekk nabofolka makt over henne. Og i vår tid er det tydelegvis mange som soleis prøver å få makta over både kyrkja og israelsfolket.

Korleis får dei det til? Jau, ved at dei fornektar han som er alfa og omega, den første og den siste. Dei nektar for at det var han som rørte ved oss og gjorde sitt verk. Kva var då hendsikta med barnedåpen? At dei sjølve rørte ved det. Så når ein ung mann som trur på Jesus vil ha seg ei kone, vil dei ikkje vite av at det skal ha noko med Guds Ande og Guds kjærleik å gjere, for dei vil med den fysiske berøringa erstatte han.

For å vise kor dumt dette er, la oss tenke oss at ein lærar skriv Newtons 2.lov på tavla og vil forklare den for elevane. Men så seier dei at det er noko som dei ikkje verken ser eller sansar, så det eksisterer ikkje, derfor vil dei ikkje tru på det, lære det eller høyre noko meir om det. Eller la oss tenke oss at ein mann vil rydje seg ein gard, bygge seg eit hus og plante ein frukthage. Han har planen klar, men må ha visse løyve frå kommuna, så han legg planen fram for dei. Men dei seier at dei ser ikkje noko av det, dei ser berre ei øydemark, ingen frukthage, ikkje noko hus, derfor vil dei ikkje tru på det. Ikkje nok med det, men derfor vil dei ikkje invilge løyvet, så dei forbyr det altså, fordi dei ikkje vil tru på det. Dermed erstattar dei rasjonaliteten med ein annan rasjonalitet. Den gode ideen ville dei ikkje vite av, den gode planen forbaud dei og det er vondt.

Når jødane fall ifrå Gud, virka det tydelegvis slik. Han førde dei inn i eit land som fløymde av mjølk og honning. Då skulle dei sjølvsagt dyrke det så det vart minst like fruktbart og få nyte frukta sjølve. Men dei fall ifrå han og landet deira vart til ei øydemark. Og så livsfiendtleg er fråfallet i kyrkja og i samfunnet elles i vår tid.

Men Israels Gud er alfa og omega, byrjinga og enden, han er den fyrste, han er ånd og han rører ved oss med sin Ande og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

 

 

 

Skapinga og frelsa.

 

Gud sa til folket sitt at dei var som leiren i pottemakarens hand, han skapte dei slik som han ville.

 

Jer.18, Dette ordet kom til Jeremia frå Herren:  2 «Stå opp og gå ned til pottemakarens hus! Der skal eg la deg få høyra mine ord.»  3 Så gjekk eg ned til pottemakarens hus. Han stod og arbeidde ved dreieskiva.  4 Når det karet han heldt på å laga av leire, vart mislukka i pottemakarens hand, laga han det om til eit anna kar, slik han tykte det var rett.
5 Då kom Herrens ord til meg:  6 Israels hus, kan ikkje eg gjera med dykk slik denne pottemakaren gjer med leira? seier Herren. Sjå, som leira i pottemakarens hand, slik er de i mi hand, Israels hus.  7 Stundom trugar eg eit folkeslag eller eit rike med å rykkja opp og riva ned og øydeleggja.  8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, angrar eg på det vonde eg hadde tenkt å gjera mot det. 9 Stundom lovar eg eit folkeslag eller eit rike at eg vil byggja og planta.10 Men gjer dei då det som vondt er i mine auge, og ikkje høyrer på mi røyst, angrar eg på det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
11 Og no, sei til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem: Så seier Herren: Sjå, eg formar til ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend om, kvar frå sin vonde veg! Gjer vegane og gjerningane dykkar gode! 12 Men dei skal svara: «Det nyttar ikkje. Vi vil følgja våre eigne planar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde og eigenrådige hjarte.»

 

Dette er harde ord med sterke trugsmål og når ein tenker på korleis det gjekk med Israel, så brukte Gud brutale metode. Det verkar også brutalt når han seier om sin utvalde konge at han skal knusa folkeslaga med jarnstav.

 

Salme.2,1 Kvifor er folkeslag i opprør?
Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?

2 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane slår seg saman
mot Herren og den han har salva.

3 «Lat oss slita sund deira lenkjer
og kasta reipa av oss!»

4 Han ler, han som tronar i himmelen,
Herren spottar dei.

5 Så talar han til dei i sin vreide,
i sin harme slår han dei med redsle:

6 «Det er eg som har innsett min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»

7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.

8 Be meg, så gjev eg deg folka som arv
og heile jorda i eige.

9 Du skal knusa dei med jernstav,
som ei krukke frå pottemakaren skal du slå dei sund.»

10 Kongar, ver forstandige!
lat dykk refsa, de som styrer på jorda.

11 Ten Herren med ærefrykt,
gled dykk og skjelv for han!

12 Kyss jorda, så han ikkje blir harm
og de går til grunne på vegen.
For hans vreide kan lett flamma opp.

Sæle er dei som søkjer tilflukt hos han.

 

Det er Jesus som er denne kongen, han døde i staden for oss, når vi bøyer oss for korset og tek imot han som vår frelsar og Herre, er det som ei slik sundknusing. Det verdifulle poenget er at vi får oppleve at han bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda. Han byrjar å gjere noko nytt i vårt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande.

 

Jesaja.57,    15 Så seier han som er høg og opphøgd,
han som tronar evig,
Den heilage er hans namn:
I det høge og heilage bur eg
og hos den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vil gje ånda liv hos dei som er bøygde ned,
gje hjartet liv hos dei som er knuste.

 

Jesus frelser oss for æva og gir oss evig liv. Likevel kjem der ein dommedag og då er det han som dømmer henne. Og då vil han også frelse oss frå domen.

 

 

Jesu eigedom, besegla med den Heilage Ande.

 

Gud salva Jesus og innsette han som konge på Sion og han bad Gud gi han heidningane til arv og jordas endar til eige (Salme.2,8). Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne Gud. Vi må belage oss på at dette kjem i konflikt med dei som vil gjere krav på menneska for å gjere dei til salsvare, så dei selje dei og tene pengar på det (Joel.3,8 Sak.11).

Men har vi teke imot han som vår frelsar og Herre, så vi har fått hans Ande, så tilhøyrer vi han og er frelst. Den Heilage Ande er som eit segl som viser at vi tilhøyrer han.

 

Ef.4, 29 Lat ikkje eit einaste ròte ord koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er, og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan bli til velsigning for dei som høyrer på. 30 Gjer ikkje Guds heilage Ande sorg, for Anden er seglet de ber til den dagen de skal friast ut. 31 Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap.32 Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.

 

2.Kor.1, 21 Men den som grunnfester både oss og dykk i Kristus, og som har salva oss, det er Gud. 22 Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarta våre.

 

Fekk vi Anden til segl og som pant i hjartet, så kan vi seie at Gud rørte ved oss med sin Ande og det held han fram med.

I Joel.3 er det fortalt at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt og det er eit Guds under, slik utruster Gud menneske til å tene han (1.Kor.12).

 

Joel.3,1 Ein gong skal det henda
at eg auser ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal profetera,
dei gamle skal drøyma draumar,
og dei unge skal sjå syn.

2 Sjølv over slavar og slavekvinner
vil eg ausa ut min Ande i dei dagane.

Gud vil dømme folka fordi dei selde folket hans.

 

Men så ser vi at Gud vil dømme folka fordi dei selde folket hans.

 

Joel.3, 6 For sjå, i dei dagane og på den tida,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,

7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt

8 og kasta lodd om folket mitt,
dei gav ein gut for ei hore
og selde ei jente for vin,
og den drakk dei opp.

 

Sak.11, 4 Så seier Herren min Gud: «Gjet slaktesauene!»

5 Kjøparane slaktar dei uten å kjenna skuld,
seljarane seier: «Velsigna er Herren, eg vart rik!»
og deira eigne gjetarar sparer dei ikkje.

6 «For eg vil ikkje lenger spara dei som bur i landet», seier Herren.
«Sjå, eg gjev menneska over i hendene på kvarandre
og i hendene på kongen deira.
Dei skal knusa landet,
og eg vil ikkje berga nokon frå deira hand.»
Sak.11,  15 Herren sa til meg: «Utstyr deg no som ein duglaus gjetar! 16 For sjå, eg reiser opp ein gjetar i landet.
Han leitar ikkje etter dei tapte,
søkjer ikkje opp dei spreidde,
lækjer ikkje dei skadde,
fôrar ikkje dei friske,
men et kjøtet av dei beste dyra
og kløyver til og med klauvene på dei.»

17 Ve den dårlege gjetaren min
som forlèt flokken!
Sverd mot hans arm,
mot hans høgre auge!
Armen skal visna,
høgre auge blindast.

 

Joh.16, Eg sa ikkje dette til dykk frå først av, for då var eg hos dykk.  5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: ‘Kvar går du?’  6 For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette.  7 Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.  8 Og når han kjem, skal han gå i rette med verda og visa henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er:  9 Synda er at dei ikkje trur på meg. 10 Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger. 11 Dommen er at han som herskar over denne verda, er dømd.

På apostlane sin tid var det vanleg med slavehandel og sjølv om evangeliet var ein frigjerande bodskap, så var det likevel ikkje eit slaveopprør. Men Jesus frelser menneske, så når det kjem til fundamentalistisk tenking, vert dei hans eigedom og Faderens eigedom. Den Heilage Ande er eit segl som stadfestar det, den er eit pant vi har fått i hjertet.

Men så viser det seg altså at der er verdslege maktinteresser som gjer krav på menneska, for å gjere dei til salsvare, så fundamentalistisk at dei fornektar Faderen og Sonen. Det er Antikrist og Antikrists ånd er ikkje av Gud. Så vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær og mot verdsleg makt som står den Heilage Ande imot.

 

Ef.6, 10 Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! 11 Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. 12 For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. 13 Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande. 14 Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, 15 og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. 16 Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. 17 Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

 

 

 

 

 Den åndelege velsigninga resulterer i materielle velsigning.

 

I det gamle testamentet ser vi at den åndelege velsigninga skulle resultere i materiell velsigning. Dei skulle dyrke jorda så ho vart fruktbar for dei og dei skulle få nyte fruktene sjølve.

I vår tid har Noreg vorte eit rikt land og med takk til Gud skulle vi vel få nyte rikdomen sjølve, liksom jødane skulle få dyrke opp landet sitt og nyte avlinga sjølve. Men den såkalla kvinnefrigjeringa har eigentleg vore ein protest mot at vanlege menn og kvinner skulle få lov til det. Det er tydelegvis moralfilosofiske og politiske maktinteresser som ligg bak, men eg hevdar at i bunn og grunn er det småligheit og vondskap.

No har eg sett inn eit minimumbeløp i eit selskap som driv med kryptovaluta-spekulasjon, det heiter Kodimax. Så viste det seg at eg fekk problem med å få aksept på at det var mine pengar og få dei tilbake.

Dette har eg skrive om her:

https://faithandentropy.church/2019/08/22/krypto-valuta-spekulasjon-hoveleg-for-guds-rike-og-smart-for-sma-spararar-eller-svindel-og-lureri-til-samanlikning-med-oslo-politikken/

 

 

Her er kopi av litt meir e@post-utveksling, der eg skriv om nettopp dette.

 
Parker Alice <alice.p@kodimax.com>

Thu 9/12/2019 12:06 PM

tsivertstol@hotmail.com

 

Dear Torbjorn,

I hope you are doing well

I have tried to reach you over the phone to discussed your account and complete rational business plan for you to see the result in closest future possible.

Tell me please where is the good time to get hold of you,

I want you to find 15 -20 minutes in front of your computer or tablet for our meeting.

Meanwhile I wish you great evening and hope to hear from you soon.

 

Website: https://kodimax.com/

 

 

My money?

Torbjørn Sivertstøl

Fri 9/13/2019 1:15 AM

james.r@kodimax.com

 

In earlier times, Norwegian men were used to have their own wives, so a man could say that a woman was his wife and she could say that he was her husband. They work for a common project and put money in it and as far as they can trust each others this way, their money is safe. In this way they belonged to each other. By our faith in Jesus we come belong in him and he saves us. This should make our money even safer.

Nowadays very much of the Norwegian policy is that the woman shall free herself from belonging to a man as his wife and free herself from the Lord our savior, but the alternative is that she gets lost. They claim that the man also shall free himself from him. But to get such a “wife” or a whore, is a destiny worse than death.

I hope you don’t start to think of my money as such a “wife” of mine or such a whore. But if you do, I will warn you that she may come to be so terrible that she can very well scare the shit out of you.

But don’t start to think that this policy is compatible with Christianity. I pay monthly to a Christian mission organisation to help them run a school for homeless children in Kenya. Christian missionaries certainly work like this in Nigeria and the other African countries also. For example “Jesu Church” in Oslo, once a team of such school-children visited them, singing and dancing in the church, showing photos and telling about their school. And it was also learning practical work, like building houses.

 

rgs Torbjørn Sivertstøl

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s