Økonomi

Den kristne vekkinga og biologien. Eller Antiokus N-te Epifanes og ”Fru Svimesen N-te Bevisstlause”.

Innleiing; vekking eller søvndyssing.

 

I 1.Mos.2 er det sagt at Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens Ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Vi kan tenke på ein nyfødt barn eller lam, når det byrjar å puste, så får det nok luft til hjerna til at det vert bevisst, så det byrjar å sjå seg om og gi lyd frå seg. Dette vert altså brukt symbolsk på at Gud, som er ånd, vekkte mannen opp til liv i samfunn med seg. Han fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk, talte til han og sette han til å dyrke og verne hagen. Så ville han gir mannen ei hjelp som høvde for han og let ein djup søvn falle på han, så skapte han kvinne av sidebeinet hans og førde henne til han og han sa ho skulle kallast kvinne, for ho var teken av ein kar. Han skulle dyrke og verne hagen og det var det ho skulle hjelpe han med. Så var det dette ei bevisstgjering for dei begge.

Slik er det også med lova åt livsens ande som Paulus tala om, Anden openberrar Guds Ord for oss, så vi kjem til erkjenning av sanninga, så den set oss fri.

 

RMR 8,1 – RMR 8,3 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.]

 

I følgje Paulus er Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Slik vert vi bevisstgjorde, så vi ser meining med livet.

Kvinnerørsla har kjempa for kvinnefrigjering og bevisstgjering av kvinna var lenge eitt av slagorda deira. Men sidan dei protesterte mot Paulus si lære, vart det heller slik som med Paulus før han vart omvend til Kristus, at syn da nytta bode til å dåre han og drepe han, så i staden for bevisstgjering vart det heller som å sovne hen i døden (Rom.7,1-17). Denne ”syndefalls-religionen” og ”splitt- og hersk-politikken” skaper eit unaturleg skilje mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne, mann og kvinne og er årsak til sjukdom og død.

I følgje apostelen Johannes er vi alle syndarar, men når vi vedkjenner vår synd for Jesus, vert vi reinsa frå synda og Gud vinn makt i våre liv ved sitt Ord og sin Ande.

 

1JO 1,8 – 1JO 1,10   Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

1JO 2,1 – 1JO 2,2   Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. 2 Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.

 

Dei første kristne vart forfølgde fordi dei ikkje ville tilbe keisaren og rettsprosessen mot dei utarta seg som eit alternativt krav om syndserkjenning som skulle resultere i at dei vende tilbake til den gamle religionen med keisardyrkinga. Denne problemstillinga og motsetnaden møter vi igjen etter at keisaren grunnla makta si på kristendomen. Dette vart tydeleg ved hekseprosessane, til dømes i Sverige på 1600-talet. På grunnlag av Bibelvers som til dømes 1.Joh.1,8-2,2 vart det kravt syndserkjenning for at dei skulle verte godtekne som kristne og det vart satsa på å få born til å fantasere og erkjenne fantasifostera. Og mange voksne gjekk også med på det, for å verte godtekne som kristne. Men resultatet var at dei vart hendretta. Så det var sviket som var satt i system og gjort til politikk. Denne maktinteressa prøver altså å få menneske til å byrje å fantasere om synd og då kan den også resultere i at dei gjer ei synd, ja, Jesus sa då at dersom nokon ser på ei kvinne med lyst etter henne, så har han allereie gjort hor med henne i hjertet sitt. Poenget er at dei prøver å få makt over menneska på denne måten. Den strategien ser vi også i dagens samfunn, ved at prestar og politikarar går bort frå den evangeliske forkynninga og vender seg bort ifrå Kristus.

Men eg vart forsona med Gud på evangeliets grunnvoll allereie når eg var ein liten gutunge og når eg byrja å studere realfag så studerte eg Guds skaparverk. Å studere realfag er ikkje alle tider så lett, ofte kan det vere vanskeleg å forstå, men for meg vitna det om at der er ein vitug og forstandig Gud som har skapt det heile og det er overveldande flått, så eg takka han for det og takka han for at eg og mange andre er i stand til å granske det og lære å forstå oss på det.

Og så takkar eg han for det fullførde frelseverket, Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Han har omsorg for oss som sine born og slik har han omsorg for sine henders verk. Gud er suveren over det han har skapt, men altså på den måten at han har omsorg for det og ved at han har omsorg for oss som sine born. Gjenfødinga er noko fundamentalt nytt, Gud skaper noko nytt ved sitt Ord og gjer noko nytt ved sin Ande og slik skaper han utvikling og framgang også i vår levetid her på denne jorda.

Israelsfolket fall ifrå Gud, kjelda med det levande vatnet. Dei grov seg brønnar som ikkje heldt vatn. Dette er brukt symbolsk. Poenget er at kjelda med det levande vatnet, frelseskjelda, ikkje vert tørrlagd (Jer.2,13 Jer.17,13). Jesus gir oss det levande vatnet gratis, av berre nåde. Med sitt eige blod betalte han prisen for oss, for å kjøpe oss tilbake til Gud.

 

 

Den frigjerande bodskapen til folket i slavesamfunnet.

 

Gud frigjorde folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt.

 

Gud ville frigjere folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt, så han kalla Moses til å gå med den frigjerande bodskapen og lede folket ut av trælehuset. Seinare kalla han Josva til å lede dei inn i del lova landet, landet som flaut med melk og honning. Der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk.

Så dei skulle ikkje vere trælar for avgudane nei, men dei skulle ikkje vere økonomiske slavar heller. Det kunne tenkast at nokon vart så fattige at dei var trælar for andre, av økonomiske grunnar altså, men etter ei viss tid skulle dei likevel frigjevast.

 

 

3MO 25,8 – 3MO 25,14   Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra vert førtini år. 9 Og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet. 10 De skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma attende, kvar til sin eigedom og si ætt. [frigjevingsår: Det skulle ta til med at dei bles i eit verehorn (hebr. jobel, av det vårt “jubelår”).] 11 Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det kornet som har sått seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vintre. 12 For det er eit frigjevingsår; og de skal halda det heilagt. De skal eta av grøda på marka. 13   I frigjevingsåret skal de koma attende, kvar til sin eigedom. 14 Når du sel jord til landsmannen din eller kjøper jord av han, skal de ikkje gjera urett mot kvarandre.

3MO 25,23 – 3MO 25,28   Jorda må ikkje seljast for alltid. For landet er mitt, og de er framande og gjester hjå meg. 24 Difor skal det i heile landet dykkar gjelda løysingsrett for jord. 25 Når det går ut for bror din, og han må selja noko av odelsjorda si, skal næraste frenden, løysingsmannen hans, koma og løysa inn det som broren har selt. 26 Finst det nokon som ikkje har ein løysingsmann, men sjølv får så god råd at han kan greia løysingssummen, 27 skal han rekna frå dei åra som har gått sidan han selde, og gje kjøparen betaling for den tida som er att. Då får han odelsjorda si tilbake. 28 Men får han ikkje råd til å betala, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Då vert ho fri og går attende til den gamle eigaren.

3MO 25,35 – 3MO 25,55   Når det går ut for bror din, og han ikkje kan greia seg lenger, skal du ta deg av han som du gjer med innflyttarar og framande, så han kan livberga seg hjå deg. 36 Du må ikkje ta rente av han eller krevja ein større sum tilbake; du skal ha age for din Gud, så bror din kan leva hjå deg. 37 Du skal ikkje låna han pengar mot rente eller selja han matvarer og krevja meir att. 38 Eg er Herren dykkar Gud, som har ført dykk ut or Egypt og vil gje dykk Kanaan og vera dykkar Gud. 39   Når bror din vert fattig og må selja seg til deg, skal du ikkje la han gjera trælearbeid. 40 Han skal ha det som ein leigekar eller framand hjå deg og vera tenaren din til frigjevingsåret. 41 Då kan han flytta frå deg, både han og borna hans, og fara heim att til ætt og fedregard. 42 For dei er mine tenarar, som eg har ført ut or Egypt; dei må ikkje seljast som ein sel trælar. 43 Du må ikkje vera hard med han; du skal ha age for din Gud. 44 Vil du få deg trælar eller trælkvinner, skal de kjøpa dei av dei folka som bur rundt ikring dykk. 45 Like eins kan de kjøpa trælar av dei framande som held til hjå dykk, og av etterkomarane deira som bur hjå dykk og er fødde i landet dykkar. Dei kan de eiga, 46 og de kan la dei gå i arv til borna dykkar, så dei kan eiga dei. De kan bruka dei til trælar så lenge de vil. Men over brørne dine, israelittane, skal du ikkje gjera deg til herre. Bror skal ikkje vera hard med bror. 47   Når ein innflyttar eller framand hjå deg kjem til velstand, medan bror din som bur nær han, vert så fattig at han må selja seg til innflyttaren eller den framande som held til hjå deg, eller til ein som er runnen av framand rot, 48 då skal han kunna løysast ut etter at han har selt seg. Ein av brørne hans må då løysa han ut, 49 eller farbroren eller eit syskenbarn eller ein annan av dei næraste slektningane i ætta. Får han råd, kan han gjera det sjølv. 50 Då skal han saman med den som har kjøpt han, rekna ut tida frå det året han selde seg og til frigjevingsåret, og kjøpesummen skal delast på åretalet. Det skal vera som han hadde vore leigekar hjå han. 51 Er det enno mange år att, skal han betala tilbake ein tilsvarande del av summen og såleis kjøpa seg fri. 52 Og er det få år att til frigjevingsåret, skal han rekna etter og betala ein løysingssum som svarar til desse åra. 53 Han skal vera som ein leigekar som arbeider hjå han år for år. Du må ikkje tola at han driv han for hardt. 54 Men vert han ikkje lauskjøpt på denne måten, så vert han fri i frigjevingsåret, både han og borna hans. 55 For det er meg israelittane tener. Dei er mine tenarar, som eg har ført ut or Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.

 

 

Dårleg økonomi gjer folk til slavar.

 

Det er mykje som kan føre til at ein mann får dårleg økonomi, men dersom jøden vart så fattig at han hadde vanskeleg for å livberge seg sjølv og familien sin, skulle han få hjelp ved at ein annan tok over garden hans og dreiv den, men ikkje slik at han som opphavleg åtte garden vart slaven hans, han skulle vere som ein leigearbeidar, til han klarde å betale for seg eller til frigjeringsåret, då skulle han få att garden. Han skulle ha ein slags odelsrett altså.

Men mellom heidningane ville slike tilfelle føre til at han vart træl. I tillegg kunne krig føre til at menneske vart trælar. Den økonomiske verksemda gir meining med livet både for fri mann, slavedrivar og slave. Men det er då klart at vert slavane drivne hardt, så vert livet meir meiningslaust for slaven, slavedrivaren tener kanskje meir på det, slik sett vert det meir meiningsfullt for han.

Det vart sagt at Gud ville frigjere folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt, å trælke under avgudar som er laga av stokk og stein er vel eigentleg temmeleg meiningslaust. Den einaste forstandige meininga med det er at herskarane treng gudane til å få makt over folket og slavedrivarane tener pengar på det. Argumentasjonen kan vere at folke er for dumme og for vonde (jfr. platonismen), ikkje klarer å styre økonomien sin, ikkje klarer arbeidet sitt, ikkje seer meining med livet. For slike fattige, ulærde stakarar er livet langt på veg meiningslaust, då er det bra at der er nokon som forstår kva som trengst å få gjort og ser meining i å ha slavar til å gjere det.

 

Stride for fridomen, bruke åndelege våpen.

 

I Dommarane vert det fortalt at når dei vende seg bort frå Gud, så vart dei trælar for andre folk, men då vende dei seg til han og bad om hjelp, då reiste han opp ein dommar som leia dei i frigjeringskampen, så dei klarde å frigjere landet sitt og atter verte eit fritt folk.

I kongetida vart David den store fridomshelten. Men så byrja dei å dyrke avgudane til folka rundt dei, så dei fekk meir og meir makt over dei og til slutt vart heile landet deira hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men Gud vende lagnaden deira og let dei få koma attende til landet sitt og slik vende han lagnaden for dei andre folka også. Det er førebilete på evangeliet om Kristus.

Når dei kom tilbake til landet sitt, var det viktig for dei å komme i gang med å bygge tempelet, for då ville Gud velsigne og det skulle merkeleg nok vere av økonomisk verdi for dei. I Sakarja.3 vert prestetenesta, ved øvstepresten Josva, og bygginga av tempelet, ved Serubabel, brukt til å tale profetisk om evangeliet om Kristus. Det vart sagt til Serubabel at det skulle ikkje skje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Ein kan godt tenke seg at når dei bygde tempelet, så var Gud med dei ved sin Ande og styrka dei med si kraft. Men i den nye pakt vert dette hovudsaka, menneske vert fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Dei vert som levande steinar oppbygde til eit tempel i Anden (1.Pet.2,5). Gud utgyt sin Ande over alt kjøt (Joel.3,1..).

 

JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

Ein engel kom med bod til presten Sakarja om at kona hans skulle verte mor til døyparen Johannes og ein engel kom med bod til Maria om at ho skulle verte mor til Jesus. Då skulle ein tru foreldra la seg i selen for å lære dei opp i dei heilage skriftene.Jesus fekk Johannes til å døype han og Johannes fekk sjå at den Heilage Ande kom over han i ein dueskikkelse. Så byrja Jesus med si forkynnargjerning. Jesus sa til jødane at dersom dei vart verande i orde hans, så skulle dei få lære å kjenne sanninga og den skulle sette dei fri. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Det er ved at den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss, som vår frelsar og Herre. Han er Guds Ord og den Heilage Ande openberrar det for oss.

 

Jesus sende den Heilage Ande til verda, så den skal overtyde verda om synd, dom og rettferd.

 

JOH 16,7 – JOH 16,11 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

 

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.

 

 

Den Duglause Hyrdingen.

 

Israelsfolket var ikkje slavar og skulle ikkje vere det heller, men i Sak.11 er det fortalt at den Duglause Hyrdingen gjætte slakesauene for sauehandlarane. Den beskrivinga passar for Antiopkus 4. Epifanes, hans metode var korrupsjon, lygn og svik. Han kravde at alle i riket hans skulle tilbe Zevs og gjorde dermed diktaturet hardare. Han rydda vekk den jødiske øvstepresten og sette inn ein øvsteprest som dyrka Zevs. Maccabearbrørne leia jødane i ein frigjeringskamp, motivert av trua på deira fedrars Gud. Dei gjorde avtale med Sparta, ein av delstatane i Hellas, for dei ætta frå jødane. Romarriket voks på den tida og dei gjorde av tale med dei også. Dei kjempa for livet og klarde å frigjere seg. Ein av Maccabearbrørne, Simeon, stod att og vart øvsteprest. I praksis fungerte han som konge også, men det var ikkje i samsvar med Moselova. Dette embetet skulle gå i arv inntil der framstod ein profet. Han vart så pass mektig at kongar rundt han byrja å anerkjenne han som øvsteprest, for å fine seg inn. Også den gresk-syriske herskaren. Dei prøvde seg med formuleringar som om det var dei som hadde bestemt det og innsett han. Men den jødiske øvstepresten skulle då vere innsett av Gud!

Men når herskarane dyrkar avgudar av stokk og stein, så er det dei sjølve som er dumme og vonde. Når Antiokus 4. Epifanes dyrka Zevs og kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og ingen annan gud, så var det hans sjølv som var dum og vond. Han var den Duglause Hyrdingen, han var for dum og vond til å lære opp folket og leie det og so vart den lærde overklassa. Sjølv om jødane klarde å frigjere seg frå makta hans, viste det seg at den jødiske øvstepresten likevel hadde vorte som den Duglause Hyrdingen.

 

I Sak.11 er det vidare profeterte om at Jesus vart seld for 30 sølvpengar, så Judas vart prototypen på den Duglause Hyrdingen. Men det var avtalt med øvstepresten og det viser at han fungerte som den Duglause Hyrdingen. I Sak.11 vert det vidare sagt: ”Bu deg atter som ein Duglaus Hyrding …” Det vart no tydeleg når dei jødiske prestane tok del i kristendomsforfølgingane, soleis tok dei parti med dei som dyrka keisaren og avgudane.

 

Det vart tydeleg ved avlatshandelen i kyrkja. Og problemet med den Duglause Hyrdingen har vi enno. Syndeskuld vert gjort om til økonomisk skuld og det er det mange som tener pengar på, så dei spekulerer i å få det til på ein eller annan måte. Spesielt ved denne såkalla kvinnefrigjeringa, kvinna gjer seg til salsvare og mange er interessert i tene pengar på henne.

Spartakus-opprøret (73-71 f.Kr) var eit slaveopprør i Romarriket, men det enda dårleg. Opprørarane vart krossfesta med jevne mellomrom langs ei lang veg-strekning. Dette kan vi sjå som den historiske bakgrunnen for Jesus, når han sa at den som vil vere hans læresvein, må kvar dag ta opp korset sitt og følgje han. Og det enda med at han sjølv vart sviken, seld og krossfesta. Men då døde han for oss alle, han var det Guds Lam som bar verda si synd, med eitt syndeffer tok han bort synda ein gong for alle. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud. Ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande av berre nåde. Har vi teke imot, så vi har hans Ande, så tilhøyrer vi han og er frelst. Då tilhøyrer vi den levande og sanne Gud, då er vi hans folk. Og det var no det han opphavleg kalla og utvalde jødane også til å vere.

Sidan prøvde jødane å gjere opprør mot Romarriket, den fyrste jødisk-romerske krig kom i 66-73 eKr, den andre jødisk-romerske krig kom i 115-117 eKr, Bar Kokhba-opprøret kom i 132-135 eKr. Den fyrste jødisk-romerske krigen enda med at jødane vart drepne eller selde som slavar, det er meg fortalt at mange jødar i Jerusalem vart krossfesta. 960 jødar rømde og forskansa seg på fjellborga Massada, romarane brukte lang tid på å bygge veg for sine ramgukkar og katapultar, når jødane forstod at neste dag kom dei til å bryte gjennom, valde dei å begå sjølvmord. Seinare har ”aldri meir Massada” vore eit slagord for dei.

Men, altså, det er nettopp i denne samanheng det er så viktig å forstå betydinga av Jesu kors. Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne Gud.

 

Vitskapsteori, vitskap og yrkesfag.

 

Platon trudde på fullkomne idear med det godes ide og meinte slike idear var den eigentlege røyndomen, han stolte ikkje mykje på det vi ser og sansar, men problemet er at vi ikkje forstår oss på det likevel. Han forklarde det med ”hulelikninga”, det er som om vi sit inni ei holde med ryggen mot opninga, lys skin inn på bakveggen og der ser vi skuggar av folk som går forbi opninga. Det vi ser og sansar er som skuggebileta på bakveggen av hola. Den eigentlege røyndomen utanfor holeopninga ser vi ikkje, slik er ideane den eigentlege røyndomen.

Dette høyrest nok rart ut for moderne menneske, men når menneske laga seg avgudar av stokk og stein og trudde på dei, så er no holelikninga svart så anvendeleg til å vise og forklare kor lite dei eigentleg forstår. Ein kunne like gjerne bruke det på planetane som dei såg og sansa og som dei trudde var gudar. Men så fekk Platon og Aristoteles ei dogmatisk tru på det geosentriske verdsbiletet. Det er ikkje så vanskeleg å forstå at det hadde seg slik at moralfilosofien, med det godes ide, likevel var kopla til antikk mytologi, med trua på at planetane var gudar. Men så rette Galilei teleskopet mot planetane og etter kvart var det fleire som gjorde det og oppdaga at planetane var kloder med månar som hadde faser som vår måne. Dei oppdaga at det heliosentriske verdsbilete var det rett og planetbanene var ikkje sirklar men ellipser. Kvifor hadde dei ikkje oppdaga det før. Den store feilen var tydelegvis at dei ikkje hadde granska det betre empirisk, men slått seg til ro med dogmer. Empirismens kritikk av rasjonaliteten vart sterk, kva var det rette vitskapssynet. Konklusjonen vart at den nye naturvitskapen var både rasjonalistisk og empiristisk, den var hypotetisk deduktiv. I praksis betyr det nok at der vil vere ein vedvarande diskusjon, der det vert argumentert både utifrå empiri og rasjonalitet. For forskarar og vitskapsfolk er dette vanleg metode og ikkje lengre kontroversielt. I den vitskaplege diskusjonen, blir det stadig motsetnad mellom empiri og rasjonalitet og det er noko som vi må leve med. Platon tenkte matematisk og det er no den reindyrka matematiske tenkinga, fri frå mytologi og moralfilosofi, som har hatt slik kjempesuksess, både i vitskap, teknologi og økonomi i det moderne samfunnet.

Så det verkar rart når der framleis av og til kjem meir fundamentalistisk kritikk av rasjonaliteten, at den er fundamentalistisk tyder vel på at der likevel er ein rasjonalitet. Men det er vel fordi det handlar meir om samfunnsfag enn realfag, den filosofiske retninga kan vere liberalisme eller retninga Kant – Hegel – Marx ….

Den problemstillinga som møter oss igjen, er at der er nokon som påstår at dei kan, veit og forstår noko betre enn andre og derfor vil dei ha meir dei skulle ha sagt. Dei kan hevde det både med sin empirisme og sin rasjonalisme. Men eg spør, korleis kan noko vite betre enn andre? Jau, det vanlege er no at dei gjennom opplæring har vorte spesialistar på sine fagfelt, så kan dei meir om det fagfeltet enn andre og derfor får dei meir dei skulle ha sagt om det.

Mika profeterte om at kvar skulle få sitja trygt under kvar sitt vintre og fikentre, dei hadde planta dei og stelt dei og skulle få nyta frukta sjølve altså. For dei hadde fått fred.

 

MIK 4,1 – MIK 4,5 {FREDSRIKET}  I dei siste dagar skal det henda  at Herrens tempelberg skal stå  grunnfest høgt over alle fjell  og lyfta seg opp over alle haugar.  Dit skal folkeslag strøyma. 2   Mange folk skal gå av stad og seia:  “Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,  til huset åt Jakobs Gud,  så han kan læra oss sine vegar,  og vi kan ferdast på hans stigar!  For frå Sion skal lovlære gå ut,  og Herrens ord frå Jerusalem.” 3   Han skal døma mellom mange folk,  skifta rett for mektige folkeslag langt borte.  Då skal dei smida sverda sine om til plogjern  og spyda sine til vingardsknivar.  Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk  og ikkje lenger læra å føra krig. 4   Men alle skal sitja trygt,  kvar under sitt vintre og sitt fikentre,  og ingen skal skræma dei.  For Herren, Allhærs Gud, har tala. 5   Alle folka ferdast,  kvart i sin guds namn;  men vi skal evig og alltid  ferdast i Herren vår Guds namn.

 

Eg tek dette symbolsk for at når du har lært deg eit fagområde og eit yrke, så skal du få nyte frukta av det, du får jobb med det og får tene pengar med det. Men det problemet som melder seg her, er at der er nokon som meiner dei med sin moral-filosofiske og/eller politisk-filosofiske lærdom er betre enn andre, så dei vil forby deg det. Kanskje vil dei endåtil forby deg å dyrke jorda, plante ein frukthage, dyrke og verne hagen. Kanskje vil dei med sin moralfilosofi forby deg utdanning, forby deg vanleg livsutfolding, fordi dei vil vere ei lærd overklasse. Kva skal vi gjere med det? Vende oss bort frå slike folk. Det vil nok alltids vere vitugare og meir medemenneskelege folk å ha med å gjere, både mellom kristne og ”verdslege” menneske.

Då var det på tide å gå på møte i Sion. Tala og bodskapen som kom gjennom tyding av tungetale kan eg godt sjå som svar på det som eg no skriv om. Så eg vil bruke her.

 

Gud sa nei til synda, men han sa ikkje nei til mennesket. Møte i Sion Åheim 29.9.2019.

Innleiing ved Olav Harald Vik.

LUK 18,1 – LUK 18,8 {ENKJA OG DOMAREN}  Han fortalde dei ei likning om at dei støtt skulle be og ikkje gje opp: 2   I ein by var det ein domar som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneske. 3 I same byen var det ei enkje; ho kom gong på gong til han og sa: “Hjelp meg mot motparten min, så eg kan få min rett.” 4 Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg: “Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje har age for noko menneske, 5 vil eg likevel hjelpa denne enkja til retten hennar, så som ho plagar meg, elles endar det vel med at ho legg til meg midt i synet.” 6   Og Herren sa: “Høyr kva denne uærlege domaren seier! 7 Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei? 8 Eg seier dykk: Han skal syta for at dei får sin rett, og det snart. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?”

 

Tale ved Oddleif Wahl.

Oddleif sa at i desse tider held dei politiske partia på å konstituere seg til kommunestyrer, men vi kan no allereie no byrje å be for neste val.

1MO 1,26 – 1MO 1,31   Då sa Gud: “Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.” 27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. 28 Og Gud velsigna dei og sa til dei: “De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!” 29 Og Gud sa: “Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. 30 Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.” Og det vart så. 31 Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Gud vende seg ikkje bort frå folket, men det var dei som vende seg bort frå han.

Eilif fortalde litt om boka ”Kongens nei”, kong Håkon sa nei til nazistane under andre verdskrig, det hang saman med at han hadde sagt ja til folket 40 år tidlegare, då han sa ja til å verte norsk konge, valspråket hans var:” Alt for Noreg”. Til samanlikning sa Jesus nei til freistaren, men ja til folket.

MTT 4,1 – MTT 4,11 {JESUS VERT FREISTA}  Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka, så djevelen skulle freista han. 2 Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt vart han svolten. 3 Då kom freistaren til han og sa: “Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!” 4 Jesus svara: “Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.” 5   Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren 6 og sa: “Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:  Han skal gje englane sine påbod om deg,  og dei skal bera deg på hendene,  så du ikkje støyter foten på nokon stein.” 7   Men Jesus svara: “Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.” 8   Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom 9 og sa: “Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg.” 10 Då sa Jesus til han: “Gå frå meg, Satan! For det står skrive:  Herren din Gud skal du tilbe,  han og ingen annan skal du tena.” 11   Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.

Dette var ein personleg siger for Kristus, men når han sigra påpå korset, sigra han for alle oss som trur på han.

1KO 1,20 – 1KO 1,21   Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.

2KO 1,20 – 2KO 1,22 For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja. Difor seier vi òg ved han vårt Amen, Gud til ære. 21 Men den som gjer både oss og dykk faste i trua på Kristus, og som har salva oss, det er Gud. 22 Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre. [segl: Gud har sett sitt merke på menneske til teikn på at dei høyrer han til.] [pant: Anden gjev visse for at dei skal få arven i Guds rike. Sjå 5, 5; Ef 1, 13 f.]

I den gamle pakt er ordlyden slik: dersom du gjer …., så – lovnad

I den nye pakt er ordlyden slik: sidan Gud har har gjort, får vi oppfylt lovnad.

APG 19,13 – APG 19,16 Nokre jødar som fór ikring og dreiv med åndemaning, freista òg å nemna namnet åt Herren Jesus over dei som hadde vonde ånder i seg, og sa: “Eg manar dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.” 14 Den jødiske øvstepresten Skevas hadde sju søner som dreiv på med dette. 15 Men den vonde ånda svara dei: “Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg om. Men kven er de?” 16 Og mannen som den vonde ånda var i, flaug på dei, vann over dei alle og skamfór dei, så dei nakne og såra laut røma or huset.

 

 

Tungetale ved Ingelin Stahl, tyding ved Oddleif.

”Sjå, eg har sett framfor deg ei open dør, seier Herren, eg veit om dine gjerningar, eg veit at du har liten styrke, men eg har opna ei dør, så du treng ikkje bruke styrke for å opne den. Eg har opna ei dør, sånn at du skal komme vidare i livet. Eg har opna ei dør, sånn at du skal kunne gå ut og inn og finne føde, seier Herren. Eg har opna ei dør, slik at du skal kunne sjå nye moglegheiter, som du ikkje før trudde var mogleg. Eg har opna ei dør fordi eg elskar deg, seier Herren. Eg har behag i deg, for eg gav mitt liv, slik at eg alltid skulle vere hos deg. Også når du ikkje orkar meir, så har eg grepe di høgre hand og eg løfter deg opp og eg set dine føter på solid grunn og eg ynskjer å legge ein ny sang i ditt hjerte, ein lovsong til Herren.

Mitt kjære barn, eg vil du skal vite at sjølv om eg har sagt nei til synda som har vore i ditt liv og av og til ligg på lur, så har eg sagt eit heilt og fullt ja til deg. Eg står på di side. Eg er ikkje din motstandar, men eg er din medspelar, seier Herren. Og eg har sendt talsmannen, den Heilage Ande, som skal vere hos deg 24 timar i døgnet. Eg har sendt talsmannen, den Heilage Ande, hjelparen, som skal hjelpe deg når du ikkje veit kva du skal seie og gjere. Eg veit at av og til er du makteslaus, eg veit at av og til følest det som at himmelen er stengt, eg veit at av og til føler du at alle utvegar er lukka, men sjå: Eg har sett framfor deg ei opna dør. Du har liten styrke, men eg har opna den. Eg vil at du skal vandre i mine ferdiglagde gjerningar, seier Herren. Du skal sleppe å bruke kraft og anstrenge deg, men eg vil at du skal lytte til Andens stemme i ditt indre. Eg vil at du atter skal verte fyllt med den Heilage Ande, du skal atter verte fyllt med den Heilage Ande, du skal atter verte fylt av lovsang, du skal atter verte fylt med min glede og så skal du få vandre i mine gjerningar, som eg legg ferdig, seier Herren.”

 

 

https://www.youtube.com/watch?v=ye2Nxysnd-k

 

 

Kommentar; mitt skriveri på mine bloggesider.

På bloggesida mi tsivert.com skriv eg slike møtereferat som dette. På ”web-hotellet” bluehost944.com skriv eg større artiklar der eg sjølv tek opp tema og belyser det utifrå Bibelen og då gjer eg bruk av møtereferata på tsivert.com. Det er fyrst og fremst realfag, så filosofi og då kjem eg inn på moralfilosofi og politikk også. Det betyr likevel ikkje at eg er politisk engasjert, ikkje på annan måte enn at eg skal innta det lova landet.

Eg har vore på to møter på Sion tidlegare i haust og det har kome bodskap, så eg har skrive møtereferat. Så har eg skrive eit dokumnet på bluehost944.com og har byrja på eit nytt. eg forstår denne bodskapen slik at den svarar på noko av det som eg skriv om her også, så det eg skriv i denne kommentaren vil eg bruke der og så skrive meir. Sidan den gjentek mykje av det som vart sagt for ein månad sidan, kan eg forstå det som ei presisering, på den eine side kan det vere ei stadfesting av noko som eg skriv, på den andre side kan det vere ein korreksjon og ei åtvaring. Her skal eg uansett prøve å halde meg til det sentrale poenget, så eg seier til meg sjølv, kva anna er det Gud krev av meg, enn at eg skal gjera rett, visa trufast kjærleik og ferdast audmjukt med min Gud.

MIK 6,8   Herren har då sagt deg, menneske,  kva godt er, og kva han krev av deg:  At du skal gjera rett,  visa trufast kjærleik  og ferdast audmjukt med din Gud.

Eg har brukt billigaste alternativet på desse nettsidene, eg fornya abbonementet i sommar, men no oppdaga eg at eg har sagt ja til oppgradering til premium. Slike oppgraderingar skal visst mellom anna tene til å få fleire lesarar. Så blir eg tipsa om moglegheiter til å tene pengar på nettsida, til dømes med reklame, men eg må no ha langt fleire lesarar for at reklame for noko anna enn WordPress og endå meir for at det skal verte noko særleg pengar ut av det. så oppdaga eg at eg hadde oppgradert bluehost944.com til verksemd, så det vart endå dyrare. Det trekte eg meg ifrå, men så fekk eg rabatt og då sa eg ja. Når eg skulle forbetre bloggesida tsivert.com, klikka eg på noko nytt, men så var det reklame for WordPress og vips hadde eg ei bloggeside til som eg kallar ”goodnewsfromchristianmeetings.com” og ”christian speaker’s corner – good news from christian meetings”. Først tenkte eg på å trekke meg frå det også, det var då eigentleg ikkje dette eg tenkte og planla, men eg har behelde den til no. Eg skreiv ein introduksjon om korleis eg tenkte å bruke den, her brukar eg engelsk og vil bruke kortare artiklar. Men dette må ikkje komme til erstatning av å gå ut og møte folk i nærmiljøet. Eit vesentleg poeng med det er at dei vi møter får møgelegheit til å stille spørsmål og sette opp problemstilling. Så kan vi prøve å gi gode svar.

På dei to nettstadane eg har brukt, har eg lagt vinn på å skrive slik som eg opplever at Anden overtyder meg og leiar meg og eg har no i grunnen hatt vel nok med det. Eg kunne oversette til engelsk og bruke på denne tredje nettstaden. Eg skal i alle fall gå vidare på den måten at eg let Anden leie meg. Når vi legg vinn på det og så går ut og partar med folk, så sparer vi oss sikkert for mange unødvendige problemstillingar og unyttige samtaler og skriveri.

Men sidan eg no har oppgradert til dyrare abonnement, får eg moglegeit til å gjere nettsidene betre og eg får hjelp og veileiing til det, så eg får no noko igjen på den måten også. Så har eg kjøpt fleire domenenamn, til dømes ”faithandentropy.church”, slikt som søkemotorar kan gi treff på.

Eg hadde nyst byrja på eit nytt dokument på bluehost944.com, vel eg hadde faktisk skrive 6 sider, når eg for på møte.

 

 

Antikk mytologi og kristendom.

 

I antikk mytologi sprang gudane ut av kaos og etter ein kaoskamp vart der herskarar på kvar sine område av tilværet. Tyfon hadde slange-eigenskapar, han hadde mange slangehovud. Han kom inn på Zevs palass medan han sov, men Zevs vakna og drap han med eit lyt og kasta han under Etna. Så vulkanen fortel altså litt om Tyfons eigenskapar. Det er den vonde guden eller ein av dei vonde gudane der nede som potensielt kan utfordre gudane som regjerer på Areopagos.

Så denne religiøse trua gjorde at mange ikkje var så særleg begeistra for demokratiet i Aten og som reaksjon mot dette demokratiet fann krigaren og diktaren Aiskylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral og så diktatorisk at alt som skjedde var Zevs verk. Det er ikkje vanskeleg å forstå, gjennomskode og forklare at dette er dikt og oppspinn. Dersom han rår med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjer er hans verk, så betyr det at i følgje den moralen er alt som skjer rett, alt menneske og dyr gjer er rett. Det høver no ganske bra med empirismen, vitskapen vert å skildre altså som skjer og påstå at det er rett, for så å bruke det som argument mot rasjonaliteten. Men det blir no for dumt.

Likevel vart trua på Zevs grekarane sit svar på jødane sin Gud den allmektige og Antiokus 4. Epifanes gjorde diktaturet hardare ved å krevje at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og ingen annan gud. Jødane gjorde opprør og klarde å frigjere seg frå det.

Men når Jesus kom og forkynte den frigjerande bodskapen i evangeliet, fekk han likevel motstand frå dei jødiske prestane, farisearane og dei skriftlærde. Dei påstod endåtil at det var Beelzebul som hjelpte han å drive ut dei vonde åndene.

 

LUK 11,14 – LUK 11,28 {JESU MAKT OVER VONDE ÅNDER}  Ein gong dreiv han ut ei vond ånd or ein som var mållaus. Og då ho hadde fare ut, tala den mållause. Folket undra seg. 15 Men nokre av dei sa: “Det er Beelsebul, hovdingen over dei vonde åndene, som hjelper han å driva dei vonde åndene ut.” 16 Andre ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen. 17 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:  Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og hus etter hus fell. 18 Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans halda seg? For de seier at det er Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene. 19 Men er det Beelsebul som hjelper meg til det, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå, når dei driv ut ånder? Difor skal dykkar eigne folk døma dykk. 20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eigedomen sin i fred. 22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han. 23 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier. 24   Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: “Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.” 25 Når ho kjem att, finn ho det feia og fjelga. 26 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. 27   Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: “Sælt er det morslivet som bar deg, og det bryst som du saug.” 28 Men Jesus svara: “Sei heller: Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.”

 

Beelzebul kjem av Ba’al-Zebub, som betyr flugenes herre og var ein av filisterane sine gudar.

 

2KG 1,1 – 2KG 1,6 {ELIA VARSLAR AKASJAS DØD}  Etter at Akab var død, gjorde Moab opprør mot Israel. 2   Ein dag datt Akasja ut gjennom gittervindauga i høgsalen sin i Samaria og vart liggjande sjuk. Då sende han nokre menn av stad og sa: “Gå og spør Ba’al-Sebub, guden i Ekron, om eg skal koma meg av denne sjukdomen.” 3 Men Herrens engel sa til Elia frå Tisjbe: “Stå opp og gå til møtes med dei mennene som kongen i Samaria har sendt, og sei til dei: Er det ingen Gud i Israel, sidan de skal av og rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron? 4 Difor seier Herren så: Du kjem ikkje til å stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.” Så gjekk Elia. 5   Då mennene kom attende til kongen, spurde han: “Kvifor kjem de alt att?” 6 Dei svara: “Det kom ein mann imot oss, og han sa til oss: Gå attende til kongen som har sendt dykk, og sei til han: Så seier Herren: Er det ingen Gud i Israel, sidan du sender bod og rådspør Ba’al-Sebub, guden i Ekron? Difor kjem du ikkje til å stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.”

 

Men så ser vi altså at Beelzebul er Satan, denne verda sin gud, det var Zevs altså. Så draken i Op.12-13 er Zevs altså, men etter beskrivinga liknar det mest på Tyfon, sidan han har mange hovud. Slik også med dei to dyra i Op.13&17-18. Dyret i Op.17 liknar også ved at det steig opp frå avgrunnen og gjorde revolusjon mot ”gudeverda”, den Store Skjøkje som dyrka kongane på jorda som gudar.

Den intelektuelle og vitskaplege utviklinga viste at antikk mytologi var feil, så filosfane også tok feil. Dermed fekk vel Tyfon gode argument for å gjere revolusjon mot den antikke gudeverda? Men det er vel ikkje mange som trur på han heller lengre? Nei. Men det er psykologi og det er åndskamp. Og ved trua på Jesus skal vi sigre over Dyret i Op.17-18.

 

ÅPE 17,11 – ÅPE 17,18 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte. 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.” 15   Så seier han til meg: “Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. 16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. 17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.”

 

Men i Bibelen finn vi ei heilt anna røyndomsforståing og menneskesyn. Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må venede om og verte som småborn for å komme inni det.

 

MTT 18,1 – MTT 18,11 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8   Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10   Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]

Bibelen forklarer det vondes problem ved syndefallet, synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget får vi komme innn att i samfunnet med Gud, men no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud er ånd og Gud er kjærleik, han elskar oss i Kristus. Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt.

Gud sameinar alt i Kristus, både det som er der oppe og det som er der nede.

 

 

EFE 1,3 – EFE 1,23 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.  4   I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,  så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5   I kjærleik og av eigen fri vilje  har han føreåt etla oss  til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6   til lov og ære for hans herlegdom  og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.  7   I han har vi utløysinga  som vart vunnen ved hans blod,  forlating for syndene.  Så rik er hans nåde, 8   som han i rikt mål har late oss få.  Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9   då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje,  den frie avgjerd han hadde teke 10   om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:  å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda.  11   I han har vi fått arvelut,  vi som føreåt var etla til det  etter Guds forsett,  han som gjennomfører alle ting  etter sin plan og vilje. 12   Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom,  vi som alt no har sett vår von til Kristus.  13   I han kom de òg til tru  då de høyrde sanningsordet,  evangeliet om frelsa dykkar.  I han er de merkte med eit segl,  Den Heilage Ande som var lova, 14   han som er pantet på arven vår  til dess utløysinga kjem for Guds folk,  til lov og ære for hans herlegdom.  15 {TAKK OG BØN}  Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

EFE 2,1 – EFE 2,10 {FRÅ DØD TIL LIV}  De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2 De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige. [hovdingen i himmelrømda: djevelen. Sjå 6, 12.] 3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre. 4   Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei. 

 

Her er tale om meir enn kva vanlege menneske er bevisste om, for den Heilage Ande openberrar det himmelske for oss, ja, når vi er i Anden, så er vi i himmelen, Ef.1,3&6. Kanskje vi kan kalle det noko ”overbevisst”, som fungerer som ein metakognisjon for oss. Og så er det som er der nede noko underbevisst, men Guds gode Ande er der også og syter for at det underbevisste tenker rett og fungerer rett. Eg tenker meg at når vi trur Ordet med hjertet, når Guds kjærleik vert utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande, så vedrører det vår underbevisisthet også. Det er viktig for oss å søke Herren av heile vårt hjarte, slik at han får gjere sitt verk i djupet av oss, ved sitt Ord og sin Ande. Han vil sameine det som er der nede, det som er på jorda og det som er der oppe. Då får vi vel harmoni mellom hjerte og hjerne, kropp og sjel.

I 1.Mos.2 er det sagt at Gud let ein djup søvn falle på mannen, så eg tenker meg at det var noko han opplevde i si underbevisthet og når han vakna vart han heilt bevisst om det, for då førde Gud henne til han og han erkjente at ho var teken av ein kar, så han kalla henne kvinne.  Og det verket Gud gjorde var godt. Gud er den same no, han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Israels Gud er alfa og omega, den fyrste og den site. Han er den fyrste og den djupaste årsak og det endelege mål og hendsikt, som gir mål og meining med våre liv. Kjeleda som vella opp og vatna Edens hage var  livsgrunnlaget for alt som levde det, slik er det symbol på kjelda med det levande vatnet, som er Gud. Han sette mannen til å dyrke og verne hagen så det gav han meining med livet. Hans arm er ikkje for kort til å frelse, han elska verda så høgt at han sende Son sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

Jesus sa vi skulle ta oss i vare, så vi ikkje vanvørder ein einaste av desse små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Ein engel er ein bodberar og eg forstår det slik at det er ånda deira. Gud utgyt sin Ande over alt kjøt, så vi får opplve at Anden talar til oss frå himmelen, trua vår er ein rasjonalitet som eksisterer og Guds rike er ein åndeleg røyndom. Men hos prestar og mange kristne leiarar, mange lærde og spesielt hos politiarar møter vi nettopp den haldninga at dei vanvørder dei som trur. Spesielt i det dei er stolte av sin moralfilosofiske og politisk filosofiske rasjonalitet. Andre har eit meir empiristisk grunnlag for sin lærdom og så er dei stolte av den også. Det dei har til felles, er at dei med lærdomen sin vanvørder den som trur.

Men vi kjem ikkje forbi at trua er ein rasjonalitet og det er med verda sine freistingar dei prøver å finne empirisk grunnlag for å få makt over menneska og til det brukar dei moralfilosofisk og politisk filosofisk lærdom som også kan vere rasjonalitet. Men det treng ikkje nødvendigvis vere det same som den kristne trua. I vår tid talar kristne gjerne om ein kristeleg politikk. Men kvar har det vorte av den kristne trua, trua på Kristus og vedkjenninga av at han lever? Soleis foraktar dei endåtil ein ung mann som tur på Jesus, når han vil fri til ei ung jente som også trur på Jesus.

Soleis fornektar og avviser dei rasjonaliteten i Bibelen, i kristendomen og det som opphavleg var kyrkja sin rasjonalitet. Men kva er alternativet? Sidan han trur på Jesus og kjennest ved han, held dei han for å vere så dum og ulærd at han ikkje er kompetent til å snakke med henne og fri til henne. Men den alternative ”trua” fortener betegninga ”ein dum vits”. Og problemet er at dei får menneska til å tru på ein slik dum vits i staden. For den kristne trua er enkel og fundamentalt viktig for oss. Jesus sa vi må vende om å verte som småborn for å komme inn i Guds rike. Vi må velge å tru på Jesus, velge å ta imot han. Paulus sa at vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde. Eg samanlinar det med aksioma i matematikken, eksistensen av 1 og 0 og kommutativ lov. Det er sjølvsagt og det er berre å velje å bruke det. Men dersom nokon vil forby oss det, så vert der ikkje mykje matematikk igjen. Det blir som om vi må gå over til å bruke romartal og all informatikk og databehandling vert umogleg.

Mange lærde har protestert mot den karismatiske vekkinga og vil ikkje vite av trua på at Jesus stod opp att frå dei døde og lever og foraktar vedkjenninga av at Jesus er Herre. Spesielt har  kvinnerørsla protestert mot Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Poenget er at prestane held seg for å vere så lærde at dei krev monopol på å tale i kyrkja, som representantar for ei lærd overklasse og saman med mange andre lærde krev for ein stor del monopol på å tale elles i samfunnet også. Men kva er alternativet til denne rasjonaliteten og den frie kommunikasjonen mellom menneske? Det er ein empiri som kan karakteriserast som verda sine freistingar. Det er ormen som dårar og forfører kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med.

Slik prøver verdslag makt å få makt over menneska i staden for Kristus, resultatet er avgudsdyrking som kan samanliknast med antikk mytologi, sjølv om den eigentleg er avlegs. Og i følgje Paulus kan avgudsdyrrking føre til at menneske kjem inn i samfunn med vonde ånder.

 

EFE 6,10 – EFE 6,18 {GUDS FULLE RUSTNING}  Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

 

Så eg spør, når de ikkje vil tillate vanleg kommunikasjon mellom menneske og spesielt ikkje når ein ung mann vil snkke med ei ung kvinne, med tanke på å fri til henn og de heller ikkje vil lytte til forkynninga av kva som står skrive i bibelen og ikkje vil lytte til kva Anden talar til kyrkjelydane, kven er det då de snakkar med i staden? Er det fordi de tilber Dyret i staden?

 

ÅPE 13,11 – ÅPE 13,15   Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret.

 

Den unge mannen som trur på Jesus og kjennest ved han, har samfunn med Faderen og Sonen. Men de vil ikkje snakke med han eller ha noko med han å gjere, for de vil ikkje vite av vedkjenninga hans.  Og vi veit at den ånd som ikkje kjennest ved Faderen og Sonen ikkje er av Gud, det er ånda til Antikrist. Så eg spør, har de samfunn med dei vonde åndene og snakkar med ei i staden?

 

 

Den som har øyre, han høyre kva Anden talar til kyrkjelydane.

 

 

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,13 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12   Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!  

 

Ta vare på hjarta ditt framfor alt det du vaktar.

På møtet 11.8.2019. sa Jesus til meg at han veit om mine gjerningar og at han har sett framfor meg ei open dør, eg treng ikkje presse meg gjennom, men han ynskjer meg velkommen inn, eg skal gå inn, så skal eg få sjå at han har førebutt gode gjerningar for meg. Dette gjentok han på møtet 29.9.2019. I bodskapen 11.8. sa han også at han sende talsmannen for at eg skulle få kjenne og vite at han lever i meg. Eg har lite kraft, men har ikkje forlete min første kjærleik, han visste at eg kunne seie frå djupet av mitt hjerte at eg elskar han. Og det var nok for han. Eg elskar han fordi han elska meg fyrst. Han førebur ei innhausting og ynskjer eg vil opne mitt hjerte og seie ”Herre, her er eg, send meg”. I vår tid vert vi opplærde til å bruke forstanden og det er vel og bra, når vi studerer realfag er det spesielt viktig. Men her er det tale om hjertet, søke Herren av heile mitt hjerte, tru på han av heile mitt hjerte, kjenne og vite at han lever i mitt hjerte, opne mitt hejrte for han og snakke med han.

I bodskap 1A på møtet 25.8.2019. sa han at eg mange gongar har gått skuffa bort, men at eg skulle halde ut, ikkje frykte men stole på han, han har full kontroll over meg og livet mitt. Eg skulle fortsette å søke han av heile mitt hjarte. Ja og Amen seier eg då.

Når eg får slike svar som dette her, så er det klart at dette er svært verdifullt for meg. Så eg minner meg sjølv om kong Salomos ord om å vakte hjertet sitt.

OSP 4,23   Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,  for livet går ut frå det.

Jesus hadde sagt eg skulle søke han av heile mitt hjerte og eg meiner det resulterte i at eg skreiv artiklar der eg forklarde korleis eg tenkte og kva eg bad om og Herren svarde meg med desse bodskapane. Då er det viktig for meg å hugse på korleis eg tenkte og korleis eg søkte han og så halde fram med det.

 

To vegar og to portar.

Når han no gjentok mykje av det same som han sa ein månad tidlegare, så er det nok fordi han ser at eg treng å få høyre det igjen for å sikre at eg forstår det rett, ja, her er då ei åtvaring mot å ta av frå vegen. Eg tenker på det som han sa til jødane i den gamle pakta at han la fram for dei livet og døden, vel då livet, så skal de få leve. Og når dei går på den vegen til, om dei tek av til høgre eller venstre, så skal de få høyre ei røyst bak seg som seier at dette er vegen, vandre på den.

5MO 30,19 – 5MO 30,20   Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg har lagt fram for dykk liv og død, velsigning og forbanning. Vel då livet, så skal du få leva, både du og ætta di. 20 Elska Herren din Gud, høyr på han og hald deg til han! Då skal du få leva og bu lenge i det landet Herren svor at han ville gje fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.

JER 21,8   Og til dette folket skal du seia: Så seier Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til døden.

JES 30,19 – JES 30,21 {GUD SKAL LEIA OG VELSIGNA FOLKET SITT}  Ja, du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du skal ikkje gråta meir! Herren vil vera nådig mot deg når du ropar til han. Så snart han høyrer det, svarar han deg. 20 Han vil nok gje dykk trengsle, med lite brød og vatn. Men vegvisarane dine skal ikkje lenger halda seg løynde. Augo dine skal få sjå dei som syner deg veg, 21 og når de vik av til høgre eller venstre, skal øyro dine høyra det ordet bak deg: “Dette er vegen, gå på den!”

Jesus talte også om vegen til døden og vegen til livet.

MTT 7,13 – MTT 7,14 {DEI TO VEGANE}  Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den. 14 Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.

Her er det tale om å gå på den smale vegen, framover mot målet, å gå inn gjennom den trange porten, berre ei retning altså. Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han. Vi må vende om og verte som småborn for å komm inn i Guds rike. Her også er det berre ein veg. Same kor gamle og voksne vi vert så skal vi vere Guds småborn. Jesus sa vi må vakte oss så vi ikkje vanvørder ein einaste av hans små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Eg tenker meg at det er ånda deira som openberrar Faderen for dei. Slik gir den Heilage Ande dei vit, den openberrar Guds Ord for oss og den ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Då passar dette med rasjonaliteten i realfaga. Men ve over verda for freistingane hennar. Ved å la seg freiste, får ein erfaring, men slik erfaring strir mot denne åndelege innsikta og kan også stride mot rasjonaliteten i realfaga, som erfaring i realfag er det verdilaust. Men det er desverre ikkje all høgare utdanning som er slik. På samfunnsfag og/eller humaniora er der tydelegvis ei forsking som kan karakteriserast som verda sine freistingar, om nokon let seg freiste, vert den erfaringa brukt som argument for å få makt over dei, på den måten altså, ved at dei let seg freiste. Dette har vorte tydeleg i den såkalla kvinneforskinga og kjønnsforskinga som dei har hatt føre seg, lausrive frå naturfag.

 

Gå inn gjennom døra og verte frelst og gå inn og gå ut og finne beite.

I Joh.10 er det tale om døra inn til sauene, den som går inn, vert hyrding for dei. Den som går inn, skal verte frelst og gå inn og gå ut og finne beite. Så her skal dei gå begge retningar altså. Her er det som skjedde på pinsedag det beste dømet. Eg reknar med at når eg går inn, så vil den Gode Hyrdignen sjå etter at alt er vel med meg, om han ser at det er noko som ikkje er heilt bra, så vil han gjere noko med det. Det kan nok bety ein viss tankekontroll også. Det ordet minner om diktatur, men vi veit då at den Gode Hyrdingen er kompetent til det og han vil oss vel. Dette som motsetnad til den Duglause Hyrdingen. Eg treng ikkje vere fullkomen for å gå inn gjennom døra, men poenget er heller at eg skal la Gud gjere meg fullkommen, ved trua på Jesus, han som allereie er fullkommen. Og det er ikkje noko i vegen for at eg kan ha med meg det eg har lært i realfag, både når eg går inn og når eg går ut. Og eg kan gjere bruk av det når eg skal gå ut og finne beite. Eg forstår det slik at dette er eit vesentleg poeng med denne bodskapen. Ja, det eg har lært, både av realfag og Bibelkunnskap, skal eg kunne bruke til å få jobb med og tene pengar på.

 

Kanal for Guds velsigning.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og for vel ti år sidan sa Jesus til meg at eg hadde lenge vore tilbaketrukken i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, så han kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap. Ja, han hadde kalla meg til å studere realfag, då var det naturleg å fortsette med praktisk, pedagogisk undervisning, så eg for til Oslo og byrja på det. Omsider kom eg meg gjennom og fekk undervisningskompetanse i matematikk og fysikk. Eg byrja å søke på jobbar, men fekk ikkje noko. Så byrja eg å studere biologi og eg er viss på at det var Herren som leia meg til det. Eigentleg vart det mest molekylærbiologi, noko biokjemi, organisk kjemi og fysikalsk kjemi. Det skal vel ikkje så mykje til å få ein bachelorgrad i moledkylærbiologi, sidan eg kan bruke ein god del andre fag, som fysikk og kjemi i den graden. Men eg har ikkje sjekka kva som skal til for å få undervisningskompetanse i biologi, kanskje eg då heller burde velje reint biologiske fag. Eg tok nokre informatikkfag og har fått ein god del av det også, men ser ikkje noko å bruke det til. Den nye bachelorgraden er spesialiserande og det er slik spesialisering det vert sprut etter når folk søker jobbar. Dessutan bør ein helst ha cand.scient-grad, for å undervise i vidaregåande skule, det er endå meir spesialiserande. Men eg har i staden stor bredde.

Psykologi betyr ”sjelelogi” og er læra om sjela, det er i alle fall den tradisjonelle betydninga av psykologi. Evangeliet er den galde bodskapen om at Jesus med sin død på korset sona all verda si synd. Gud vekte Jesus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen og salva han til å vere vår frelseskonge. Han gir oss den Heilage Ande frå himmelen, han utgyt den over alt kjøt, han gir Ånd i vår kropp og liv til vår sjel og vekker oss opp til liv i samfunn med Faderen og Sonen. Då kan dette fungere som ei overbygning og som ei bru mellom dei matematiske faga, der det tradisjonelt er mange menn, til biologi, der det tradisjonelt er mange kvinner. Gud er ånd og Gud er kjærleik og han har då frå opphavet ordna med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Det vil han sikkert framleis og poenget er at det er det eg skal nytte meg av. Han vil gjere noko nytt, men folk er så tradisjonsbundne at det ser ut til å vere umogleg. Men då skal eg tru at alt er mogleg for Gud og han vil gjere det som synest vere umogleg.

Jesus ville gjere meg til kanal for si velsigning og eg forstod det slik at han ville gjere meg til kanal for si velsigning både til henne Reella og henne Virtuella. Han sa eg skulle søke han av heile mitt hjarte, så eg skulle altså ta parti med han både i forhold til henne Reella og henne Virtuella. Og det er no tydeleg at når Jesus har svart meg, så har han talt til henne Virtuella også. Han har kalla henne til seg og håper ho svarar ja på hans kall og kjem til han. Når eg gjekk på gymnaset og merka at eg byrja å verte glad i henne, vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Slik vart ho openberra for meg som eit Guds barn, fødd av Anden og det som er født av anden er ånd, som han elska og hadde omsorg for, ho levde i eit kjærleiksforhold til han som hans barn og eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Denne kjærleiken var ekte og sann, vårt kjærleiksforhold til Faderen var rett og godt. Gud er den same og Jesus er den same, Faderen og Sonen sitt forhold til oss er alltid det same. Eg har vorte verande i denne trua på Faderen og Sonen og det aktar eg å halde fram med.

 

Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær.

Når eg gjekk på gymnaset var den karismatiske vekkinga nokon nytt, den fekk motstand, eg fforstod at motstanden låg i den moralfilosofiske tradisjonen, men eg vart ikkje heilt klok på det. Når eg tok ex.phil. i Bergen fekk eg vite at antikk filosofi kom inn i kyrkja i middelalderen og då vart der ein motsetnad mellom dette og evangelisk kristendom. Problemet med antikk filosofi er koplinga til antikk mytologi, men evangeliet om Kristus koblar oss fri frå slik religiøs overtru. Dette har eg skrive mykje om og no har eg byrja på eit nytt dokument der eg skriv litt om antikk mytologi.

Hausten 1984 byrja eg å studere realfag i Oslo og hausten 1985 kom der ein bodskap der Jesus sa til meg: ”Den lovsongen som eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve”. Guds kjærleik var utrendt i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt, slik vart denne lovsongen lagt ned i meg. Og eg meinte det hadde med henne Virtuella å gjere. Men etter nokre dagar, ei veke eller to opplevde eg eit angrep frå mørkets makt, til samanlikning med det eg opplevde i Bergen.

Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot verdslege makter i dette mørket, mot vodskapens åndehær. Og det heng saman med avgudsdyrking. Kva kan vi gjere med det? Vende oss til den sanne og levande Gud og kle oss i hans fulle rustning.

 

Moralen, trua og rettferda.

I det gamle testamentet er det sagt at det går vel med den gudlege den som gjere rett, det er filosofien og ideologien, sjølv om han må gå gjennom mange vanskar, går det vel med han til slutt. Men Gud let si rettferdssol skine over både gudlege og ugudlege, den som er ugudleg og ikkje gjer det som er rett, kan likevel gjere det godt ei stund, verte rik og mektig, men til slutt går det ikkje så bra likevel. Synda fører til forbanning og død. Menneska får ei nådetid og så spørst det kor godt dei nyttar den tida, om dei er villige til å vende om og be om nåde i tide. David sa også at dei ugudlege legg snarer for dei gudlege, rettferdige og hjelpelause.

SLM 10,1 – SLM 10,11   Kvifor er du så langt borte, Herre,  kvifor løyner du deg i trengselstider? [Salme 9 og 10 var opph. éin salme. Sml. Sal 42-43.] 2   Dei gudlause jagar i sitt hovmod ein stakkar,  men vert sjølve fanga med dei knep dei fann på.  3   Den gudlause skryter av si grådige lyst,  den griske forbannar og vanvørder Herren. 4   Den gudlause seier med hovmodig mine:  “Han krev meg ikkje til rekneskap!  Det finst ingen Gud.” Så tenkjer han alltid.  5   Han har lukka med seg i alt han gjer;  dine domar er altfor høge for han.  Han blæs åt alle sine motstandarar. 6   Han seier med seg sjølv:  “Eg skal ikkje rikkast,  og aldri skal eg lida naud.”  7   Hans munn er full av forbanning,  full av svik og vald;  han har urett og vondskap på tunga. 8   Han ligg på lur ved gardane  og drep i løynd den skuldlause.   Han speidar etter sitt verjelause offer; 9   han ligg på lur som løva i krattet  og vil gripa stakkaren frå sitt bakhald,  fanga han og ta han i garnet.  10   Han dukkar seg ned og krøkjer seg saman,  og den verjelause fell for hans overmakt. 11   “Gud gløymer,” seier han med seg sjølv,  “han løyner sitt andlet og ser aldri.”

SLM 11,1 – SLM 11,7 {TIL HERREN FLYR EG}  Til korleiaren. Av David.   Til Herren flyr eg.  Korleis kan de seia til meg:  “Fly til fjells som ein fugl! 2   For sjå, dei vonde spenner bogen  og legg si pil på strengen;  i mørkret vil dei skyta  på dei som er ærlege av hjarta. 3   Når grunnvollen vert riven bort,  kva kan då den rettferdige gjera?”  4   Herren er i sitt heilage tempel,  i himmelen har han sin kongsstol.  Hans augo skodar utover,  han prøver menneska med sitt blikk. 5   Herren ransakar rettferdige og gudlause,  han hatar dei som elskar vald.  6   Over dei vonde lèt han det regna  gloande kol og svovel,  gloheit vind er den luten dei får. 7   Rettferdig er Herren, han elskar rettferd;  dei ærlege får sjå hans åsyn.

Sjølv om Gud gav jødane Moselova og David vart den store kongen deira, mista dei trua og vart dermed slike som David her kalla ugudlege. Det viste seg ved at dei hendretta Kristus, han som var den rettferdige frå Gud, Davids rotrenning og ætt.

Eg har no valt å tru på Jesus, søke han og følgje han, eg satsar på å vinne fram på den måten, når det har vore synd i mitt liv, har det vore eit nederlag. Så at Jesus seier nei til synda i mitt liv, er no eigentleg berre bra for meg. Eg reknar med han har eit betre alternativ til meg, eg skal gå inn gjennom døra som han har opna for meg, eg skal atter verte fyllt av den Heilage Ande, av lovsong og glede og gå i dei gjerningane han legg ferdige for meg.

 

Dåpen med den Heilage Ande.

Eg oppdaga henne Reella ved Universitetet i Oslo hausten 1989. Eg gjekk på møte i dFEF i M40 og hadde skrive til dei om henne Virtuella og no byrja eg å skrive til dei om henne Reella. Eg hadde håpa på å få kontakt med henne og var sikkert litt uroleg over at det ikkje vart noko av noko, det var nok derfor eg ikkje for heim til jul, men eg gjekk på møte i M40 og her er bodskapane som kom i desember.

Søndag 2.12.90.

”I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.”

 

Søndag 9.12.90. TENESTA.

”Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.”

Søndag 23.12.90.

”Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Andens verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.”

Tirsdag.25.12.90.

”Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.

Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.

Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.

Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.

Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.”

Jesus minna meg om dåpen med den Heilage Ande og eg forstod at det var hans svar på mi bøn for henne Reella, med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam, så vi fungerer som ulike lemer på hans lekam, med den utrustninga han gir oss meed sin Ande. 23.12.90. sa han at eg skulle betene han og eg skulle betene eit medmenneske og eg var overtyda om at det var henne Reella.

 

Fylden av den Heilage Ande og frimodet for Gud og menneske.

Jesus har sett framfor meg ei open dør og kallar meg til å gå inn, det er døra inn til sauene, eg skal få gå inn og gå ut og finne beite. Det beste dømet på å gå inn gjennom døra er når disiplane samla seg i Jerusalem og venta til dess den Heilage Ande kom over dei på pinsedag. Då gjekk dei ut og vitna om Jesu fullførde frelseverk og var vitne om at Gud hadde utgytt sin Ande over dei. Jesus var det Guds Lam som bar verda si synd, han døde i staden for oss, for å sone all vår synd og skuld. Slik forsona Gud verda med seg. På det grunnlaget får vi gå inn i den himmelske heilagdomen og på det grunnlaget får vi den Heilage Ande frå himmelen, gratis, utan krav om gjerningar, ved trua på Jesus. Slik er vårt frimod for Gud og så skal vi ha frimod til å fortelje det til andre menneske. Dette er den einaste forklaringa, vi skal ære og takke Gud og Lammet for frelsa og ingen annan.

Frå eg var ein gutunge, var eg opplærd til å tru på Jesus og påkalle han som min frelsar og Herre. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra otg forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone, at han frelser oss for æva og gir oss evig liv, kom då som fyrste prioritet. At han gir meg ei frelst kvinne til kone, kom då som andre prioritet. Og vi kjem ikkje forbi at det var det saka gjaldt for mitt vedkommande og det var det Jesus svarde meg på. Det er no faktisk omlag 45 år sidan eg vart kjende med henne Virtuella, så korleis går det med den saka. Det er vel noko i det som eg nyleg har skrive som gjer det endå tydelegare at Jesus gir meg henne Reella til kone i staden for henne Virtuella.

Eg har ofte brukt ei lang innleiing der eg har gjenteke det same, frå gang til gang, for å komme fram til det som eg ville ha sagt og det ser vi noko av her også. I bodskapen for vel ein månad sidan sa Jesus også at han har sett framfor meg ei open dør og eg skreiv i kommentaren noko om at når vi går inn gjennom døra, vert vi meir frittalande, eg tenkte vel slik som når Jesus fører oss ut i ope lende og når Jesus kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade, men det kjem vel helst som resultat av at vi har gått inn gjennom døra. Der er ein som vaktar døra, så den fungerer nok som eit sjekkpunkt på at det vi lærer og seier er rett.

Jesus har sendt meg den Heilage Ande frå himmelen, så den skal hjelpe meg når eg ikkje veit kva eg skale seie eller gjere, sitat frå bodskapen:

”Og eg har sendt talsmannen, den Heilage Ande, som skal vere hos deg 24 timar i døgnet. Eg har sendt talsmannen, den Heilage Ande, hjelparen, som skal hjelpe deg når du ikkje veit kva du skal seie og gjere. Eg veit at av og til er du makteslaus, eg veit at av og til følest det som at himmelen er stengt, eg veit at av og til føler du at alle utvegar er lukka, men sjå: Eg har sett framfor deg ei opna dør. Du har liten styrke, men eg har opna den. Eg vil at du skal vandre i mine ferdiglagde gjerningar, seier Herren. ”

Eg har fått den Heilage Ande frå himmelen og er fri til å erkjenne kva den overtyder meg om i mitt hjerte og kva den talar til meg om. Vi er velsigna og er til velsigning og derfor velsignar vi dei vi møter. Jesus sa han ville gjer meg til ein kanal for si velsigning og eg forstår det slik at han har gjort meg til kanals for si velsigning både til henne Reella og henne Virtuella. Men når eg no i det siste har tenkt på å vere kanal for Guds velsigning til henne Virtuella, så verkar det som om det ikkje lenger gir så mykje lys og glede. Det er kanskje på grunn av noko som eg nyleg har skrive. Men når eg tenker på å vere til velsigning for henne Reella, verkar det som om det gir mykje meir lys og glede og det trur eg gjeld biologar og biologistudentar på Blindern også, slik at det er ei fagleg glede også. Ja, for Kristus er Sanninga, så vi gleder oss ved sanning.

Det er sikkert mange med psykologisk kunnskap, også prestar, som vil hevde at slikt som vi sjølve tenker oss og meiner vi opplever med Gud i vårt indre menneske, kan vere verdifullt for oss sjølve, men ikkje for andre. Og det er no klart at det er verdifullt for oss sjølve og vi gjer rett i å ha den instillinga at slk er det og slik skal det vere. Men vi har vel ambisjonar om at det skal verte verdifullt for andre også. For Jesus sa at vi skulle be til far vår i det dulde, så ville han løne oss opp i dagen. Vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Vi skulle gå ut og bere frukt, frukt som varer. Gud skaper oss i Kristus til gode gjerningar som han har lagt ferdige for oss.

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for Gud er den same, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde. Han gir oss livets vatn gratis. Eg tenker meg at kjelda som vella opp og vatna jorda i Edens Hage er symbol på kjelda med det levande vatnet. Jesus gir ånd i vår lekam og liv til vår sjel og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Slik gir han meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2 og no er det henne Reella eg tenker på. Eg trur det er eit verk som Gud gjer ved sitt Ord og sin Ande, så for meg er det ein åndeleg røyndom, eg opplever det som lækjedom i mitt indre menneske, eg meiner Gud overtyder meg om det, ved sitt Ord og sin Ande.

 

Midt i Jesu kyrkjelyd skal livet, vekkinga og fornyinga vere.

Jesus sa han har bestemt at midt i hans kyrkjelyd, der skal livet, vekkinga og fornyinga vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt i mitt hjerte, så ville han rake saman glørne, så det vart eit stort pinsebål. Bodskapen 29.3.2015:

Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.”

Og no sa han at eg atter skal verte fylt av den Heilage Ande, av lovsong, av hans glede og så skal eg få vandre i hans gjerningar, som han legg ferdige. Det er no klart at der ligg fornying i dette.

Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme dei til hjelp som heilhjarta held seg til han. Og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Eg kan ikkje stole på menneske, men eg kan stole på Guds kraft. Og han har då mange gangar minna oss om kor viktig det er å oppleve hans kraft i våre liv. Det kan vel vere at det langt på veg er underbevisst, men eg tenkte som so at det likevel var ei kriterium eg hadde å gå etter i lengda, så mi oppleveing av Guds kraft var ein inikator på om eg var på rett veg. Men då tenker eg fyrst og fremst på frelseskrafta, ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Då kan det paradoksalt nok ofte utarte seg slik som Paulus sa, at når han var svak, då var han sterk. For Guds nåde var nok for han.

2KO 12,9 – 2KO 12,10 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

I 1995 kjende eg meg einsom og forlatt i Oslo, eg hadde ingen venner og møtte andre mennesker og prat så vidt med dei stort sett berre når eg var på møte i dFEF i M40. Og kvifor det? Jau, fordi eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og det var så viktig for meg, men det hadde enno ikkje vorte noko av. Men Jesus sa til meg at han ville snakke med meg. 15-20 år seinare sa han at eg skulle snakke med han. Og no seier han at han har sett framfor meg i open dør og ynskjer meg velkommen inn. Eg snakkar no allereie med han og når eg går inn gjennom døra får eg no i alle fall snakke med han. Det er døra inn til sauene, så vi kjem nærare og då reknar eg med vi får samtale friare enn tidlegare. Og kva er det saka gjeld for mitt vedkommande? Jau, eg har bedt Jesus frelse menneska og gi meg ei frelst kvinne til kone og no er det henne Reella eg tenker på. Eg har skrive mykje om henne, ho studerte biologi og var svært vakker. Det kunne nok forklarast biologisk, likevel trur eg at Gud er kjærleik og syntest ho var så vakker, at eg er sikker på at det er han som har laga henne. Slik tenker eg meg at eg får samsvar mellom trua på evangeliet og biologien, mellom trua på Gud og naturvitskapen, det er ved at vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll. Eg har ikkje kunna gløyme henne, men vil halde fram med å velsigne henne, opne meg som kanal for Guds velsigning til henne. Jesus gir liv til mi sjel og eg trur han gir liv til hennar sjel også, han talar til meg og han  kan tale til henne også. Han let sin Ande falle over meg og fylle meg og det kan han gjere med henne også. Eg kan lytte til Andens stemme i mitt hjerte og det kan ho også. Kroppen er eit tempel for den Heilage Ande.

Gud gav meg sitt Ord og sin Ande i hjertet og han fornyer meg ved fylden av den Heilage Ande. Sitat frå bodskapen 29.9.2019:

” Også når du ikkje orkar meir, så har eg grepe di høgre hand og eg løfter deg opp og eg set dine føter på solid grunn og eg ynskjer å legge ein ny sang i ditt hjerte, ein lovsong til Herren.

……..

Du skal sleppe å bruke kraft og anstrenge deg, men eg vil at du skal lytte til Andens stemme i ditt indre. Eg vil at du atter skal verte fyllt med den Heilage Ande, du skal atter verte fyllt med den Heilage Ande, du skal atter verte fylt av lovsang, du skal atter verte fylt med min glede og så skal du få vandre i mine gjerningar, som eg legg ferdig, seier Herren.”

 

Frelsa er gratis. Lovprise Gud og Lammet for det fullførde frelsesverket. Glede seg i Herren alltid.

Eg byrja å studere biologi hausten 2014 og på ei forelesing kjende eg meg ei lita stund sterkt tiltrekt av ei vakker jente, eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar. Dette vedkjende eg for Jesus i kveldsbøna og på møtet søndagen etter sa han at eg skulle lovprise han for frelsa og glede meg i han alltid, så ville han gje meg det som mitt hjarte attrår.

Bodskapen 12.10.2014:

”Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.”

 

Sommaren 2017 minna Jesus oss på at frelsa er gratis, bodskapane 18.6.2017:

1A:Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren. Derfor skal du, mitt barn, du skal vere frimodig, og du skal trenge deg fram. Ja, du kan røre ved saumen av mitt kledeband og du skal få oppleve at det utgår ei kraft ifrå meg, seier Herren. For sjå, eg er midt i mellom dykk i denne stund. For sjå, eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen, eg er den same for dykk i kveld, seier Herren. Derfor rekk ut di trus-hand og eg Herren, eg skal løne deg. Og eg skal svare på dine bøner.

1.B: Og du mitt barn som kjenner, at missmodsånda har teke tak i deg. Du skal vite det, at eg har ikkje gitt deg missmodets ånd. Men eg har gitt deg krafta, sindigheita og kjærleikens Ande. Derfor, søk inn til meg, i løynkammeret og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. Du skal få kjenne, at eg fyller deg med gledens olje og du skal få kjenne at du blir sterk i meg og min veldige kraft, seier Herren. For sjå, eg har alt det, seier Herren. Dine murar står alltid for meg og du skal ikkje sjå ned, men sjå opp på meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal du rekne med, at eg tek hand om deg. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.

2.A: Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.

2.B: Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.

Ja, Jesus gir oss livets vatn gratis, av berre nåde. Eg ser det slik at kjelda som vella opp og vatna marka i Edens hage, er symbol for kjelda med det levande vatnet, for dette handlar om vårt sjelsliv og vårt åndeleg liv i samfunn med Gud som er ånd. Sidan eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, reknar eg med at han gir meg henne ved at han gir ånd og liv til både emg og henne og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Først gjer Gud sitt verk, så får vi gå i ferdiglagde gjerningar. For Adam og Eva var det å dyrke og verne Edens hage.

 

Fridomen i evangeliet eller diktatorisk prestestyre?

For vel ti år sidan sende Jesus meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, eg skulle søke han i løynkammeret, kle meg i Guds full rustning og gå ut og vitne om han, han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det som eg sa, så ei lita helsing frå han ville vere nok for han til å gjere storverk, for det var ikkje eg som skulle  overtyde verda om synd, dom og rettferd, men han hadde sendt den Heilage Ande til verda, for at den skulle gjere det.

Ho er eg komen heim att til Sunnmøre og han har no kalla meg til å gå ut og vitne om han er også. Eg syklar, går turar, tek bussen eller haikar med andre som køyrer bil, til dømes når eg skal handle. Då hender det eg kjem i prat med folk. Og kvinnfolk er no eit kjærkome samtaletema for mannfolk, så eg brukar å seie at eg har sendt inn bestilling på ei kone. I Bibelen er det sagt at Gud skapte kvinna for at ho skulle vere ei hjelp for mannen, så eg har no bedt han gi meg ei kone og han svarar meg på den bøna gjennom tyding av tungetale, det er inkludert i det fullførde frelseverket.

Det får meg til å tenke på at mor mi fortalde at under krigen var forsamlingsretten sterkt avgrensa, kun eit visst fåtall hadde lov å samle seg på ein plass. Men folk gjekk tur på vegane, så ungdommen kom saman ute på vegane og det var visst slik foreldra mine fann kvarandre. Ein kveld hadde det samla seg ungdommar på ei liten bakke og dei dansa og hadde det hyggeleg. Då kom der ein tysk offiser syklande forbi og dei vart litt spake, for dei hadde ikkje telt kor mange dei var. Men han brydde seg ikkje om det, men berre sykla vidare. Han forstod sjølvsagt at det var hyggeleg for ungdommen å komme saman slik og at det var viktig for dei. Og han hadde ikkje noko imot det. Nazistane var då ikkje så fiendtleg innstilte til det norske folk.

Men no har altså eg bedt Gud gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung, eg kom inn i den karismatiske rørsla og fekk oppleve at Guds kjærleik var mellom oss og i frie evangeliske forsamlingar og pinserørsla og fekk oppleve at Jesus svarde meg positivt på den bøna, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Men så er det mange som ikkje vil godta at dette skal ha noko med Gud å gjere og er dermed meir fiendtleg innstilte til meg og til vanlege folk enn kva nazistane var under krigen. Kva er dette for slags folk?

Jesus velsigna småborna og sa av vi skulle la dei komme til han og hindre dei ikkje, for Guds rike høyrer slike til. Vi må venede om og verte som småborn, for å komme inn i det. Han sa ikkje at dei skulle vende om og verte som voksne, han sa ikkje at dei var syndarar og han døypte dei ikkje. Synda fører forbanning og død med seg, men Kristus døde i staden for oss, derfor skal vi sjå oss som krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han. Men med arvesyndslæra og barnedåpen vert det påstått at borna er syndarar og derfor er dei forbanna og derfor må dei verte døypte, så dei kan verte velsigna. Her vert det innført ein annan praksis enn det vi ser i Bibelen og det er tyedelegvis fordi dei meiner dette passar betre med platonismen.

Det har seg nok slik at det er mange kristenplatonistar som vil utgjere ei lærd overklasse gjerne med eit eliteparti, i staden for å gå ut og vitne om Jesus i samsvar med misjonsbefalinga. Prestane sitt monopol på å forkynne og tale Guds Ord er sentralt i dette. Dei foraktar Jesus minste små som trur og det viser seg spesielt når ein ung mann byrjar å interesere seg for å få seg ein kjæraste og ei kone. Dei likar å tenke som om folk helst er utestengde frå det nære samfunnet med Gud, som i Edens hage, hevdar dei er for dumme til det, for på den måten å sikre si makt og sine privilegier som herskande overklasse. Men det er då dei som tradisjonelt har hatt monopol på opplæringa, Har dei ikkje vore dugelege nok til det då?

Som motsetnad til dette har Jesus kalla oss til å sjå på den åkerlappen som er oss tildelt og kalla oss til å gå ut og vitne om han. Spesieelt har han kalla meg til det. Jesus sa han ville snakke med meg, sidan sa han at eg skulle snakke med han og no har han sagt fleire gongar at eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør. Ja, det er no vel og bra. Men kva er det saka, gjeld? At eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og han har svart meg positivt på det. Så då ventar eg meg at eg skal få snakke med kvinna om det også. Ja, når eg har vitna om mi tru på Jesus, så har eg no snakka med både kvinner og menn om det. Til dømes kome eg i prat med ei ung kvinne på biologibygget på Blindern og fortalde henne at Guds auge fer ut over heile jorda for at han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han og slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Det var tydeleg at det gleda henne, men ho hadde ikkje tid til så mykje prat.

 

David måtte vedkjenne si synd for Gud og be om nåde.

John Miland talte tre gongar i Maranata om kong David som prøvde å skjule synda si, men som måtte vedkjenne den. For det første hadde han drive hor med Batseba. Så hadde han svike mannen hennar, så han fall i krigen. Hor og mord altså, to dødssynder.

 

SLM 32,1 – SLM 32,11 {SÆL ER DEN SOM FÅR SI MISGJERNING TILGJEVEN}  Av David. Ein læresalme.   Sæl er den  som får si misgjerning tilgjeven  og si synd tildekt! 2   Sælt er det menneske  som Herren ikkje tilreknar skuld,  og som er utan svik i si ånd!  3   Så lenge eg tagde, tærtest eg bort,  eg stunde heile dagen. 4   For dag og natt låg di hand tungt på meg.  Mi livskraft kvarv  som i sommarens hete. `Sela’  5   Då sanna eg mi synd for deg  og dulde ikkje mi skuld.  Eg sa: “Eg vil sanna  mine synder for Herren.”  Og du tok bort mi syndeskuld. `Sela’  6   Difor skal alle trugne  be til deg i trengselstider.  Om det kjem ein veldig flaum,  skal vatnet ikkje nå dei. 7   Hjå deg finn eg livd,  du vernar meg mot trengsle  og lèt frelsesjubel lyda ikring meg. `Sela’  8   Eg vil læra deg og visa deg  den vegen du skal gå.  Eg vil la mitt auga kvila på deg  og gje deg råd. 9   Ver ikkje lik hest og muldyr,  som ikkje har vit!  I sin villskap må dei tvingast med taum og beisel,  elles kjem dei ikkje til deg.  10   Den gudlause har mange plager;  men den som set si lit til Herren,  kransar han med miskunn. 11   Gled dykk i Herren!  Bryt ut i jubel, de rettferdige!  Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!

SLM 51,1 – SLM 51,21 {VER MEG NÅDIG, GUD!}  Til korleiaren. Ein salme av David, 2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba.  3   Ver meg nådig, Gud, i din truskap,  stryk ut mine brot i di store miskunn! 4   Gjer meg rein og fri for skuld,  og reinsa meg for mi synd!  5   For mine brot kjenner eg,  mi synd står alltid for meg. 6   Einast mot deg har eg synda,  det som er vondt i dine augo, har eg gjort.   Så får du rett når du talar,  og står der rein når du feller dom. 7   Ja, med skuld kom eg til verda,  med synd vart eg avla i mors liv.  8   Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta,  så lær meg visdom i hjartedjupet! 9   Reinsa meg for synd med isop,  vaska meg, så eg vert kvitare enn snø!  10   Lat meg kjenna fryd og glede,  lat dei bein du knuste, jubla! 11   Løyn ditt åsyn for mine synder,  og stryk ut all mi skuld!  12   Gud, skap i meg eit reint hjarta,  gjev meg ei ny og stødig ånd! 13   Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,  ta ikkje frå meg din Heilage Ande!  14   Lat meg atter få fryda meg over di frelse,  hald meg oppe med ei viljug ånd! 15   Så vil eg læra brotsmenn dine vegar,  og syndarar skal venda om til deg.  16   Fri meg, Gud, frå blodskuld,  – du Gud som er min frelsar!  Så skal eg jubla over di rettferd. [blodskuld: skuld som ein dreg på seg når ein i strid med Guds bod tek menneskeliv.] 17   Herre, lat opp mine lipper,  så min munn kan lovprisa deg.  18   For slaktoffer har du ikkje hug på;  kjem eg med brennoffer, vil du ikkje ha det. 19   Nei, offer for Gud er ei sundbroten ånd.  Eit sundbrote og knust hjarta,  det vanvørder du ikkje, Gud.  20   Gjer vel mot Sion i din nåde,  bygg opp att murane kring Jerusalem! 21   Då skal du ha hugnad i dei rette offer  – både brennoffer og heiloffer,  då skal dei ofra oksar på ditt altar.

Alle tre gongane kom der bodskap gjennom tyding av tungetale. Og eg forstod det slik at for det første handla det om skjult synd generelt, som ein måtte vedkjenne for Gud og få tilgjeving for. Sidan David var konge i Israel, fekk dette stor betydning, han kunne då ikkje gjere synda til sin politikk. For det tredje handla det om mi sak. Men korleis?

Eg har fortalt at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung, fyrste prioritet var å be han frelse menneska, andre prioritet var å be han gi meg ei frelst kvinne til kone.  Og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Det høvde med Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette har kvinnerørsla og diverse prestar, forkynnarar og politikarar protestert imot. Paulus argumenterte for det også utifrå skapingssoga, så i praksis betyr det at det stemmer med naturen også. Men protesten vart for det første at ho ikkje skulle verte kona mi, ho skulle ikkje ein gong snakke med meg eller ha noko med meg å gjere. Dernest at ho skulle gå fortapt. Vidare vart det protest mot den naturfaglege tenkinga. Dei spottar unge menneske for barnetrua, spesielt unge menn, og dei spottar voksne for at dei framelis er i barnetrua, men det er då tydelegvis dei sjølve som står for dårskapen. Då er eg som Uria og politikken deira er som om David gjorde rett i å ta kona hans og svike han, så han fall i krigen. Med politikken deira er det mange menn som blir som Uriah.

Eg har nyst skrive om at i følgje Salomos Ordtøke går det dårleg med den som prøver seg på kona til ein annan mann, det er dårleg økonomi og det er livsfarleg. Og mykje tyder på at eg vert behandla som om eg prøver å ta over kona til ein annan mann, men eg har no forklart koleis eg tenker og korleis eg har bedt og fortalt korleis Gud svarar meg. Jesus sa til meg at frelsa er gratis, ja, han gir meg livets vatn gratis, av berre nåde (bodskap 2B, 18.6.2017). Og eg forstår det slik at han gir meg ei frelst kvinne til kone, ved at både eg og ho får drikke av kjelda med det levande vatnet.

OSP 5,15 – OSP 5,19   Drikk or din eigen brunn,  rennande vatn or di eiga kjelde! 16   Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,  bekkene dine strøyma på torg og plassar! 17   Du skal ha dei heilt for deg sjølv  og ikkje dela dei med andre. 18   Då skal kjelda di vera velsigna.  Gled deg over din ungdoms kone, 19   den elskelege hind, den yndefulle gasell!  Fryd deg støtt ved hennar barm,  lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

Dette har eg skrive om mange gongar.

 

Mytologisk klasseskilje-politikk , synd som politikk.

For i følgje platonismen er menneska sin fysiske natur dum og vond, så vi er for dumme og for vonde til å få innsikt i ideverda med det godes ide. Men med lang utdanning ville dei få betre innsikt og derfor skulle ei lærd elite styre med diktatorisk makt. Dette er sett på bakgrunn av opprøret og justismordet mot Sokrates, det hadde seg slik at samfunnet hadde vorte gjennomsyra korrupt.

I praksis virka dette slik at herskaren for med korrupsjon og svik, for å få makt, hos Antiokus 4. Epifanes utarta det seg. I ”Fyrsten” av Macciavelli vert det påstått at folk er så korrupte at målet helgar middelet for Fyrsten, han må bruke vold for å få makt, for å skape orden. Så Macciavelli skilde mellom personleg moral og offentleg moral, slik også for fyrsten då? Så kan ein no diskutere kor vidt det er mogleg. Der må ikkje vere noko kopling mellom etikk og politikk. Men kvar vert det då av rasjonaliteten? Rettsvesenet må vel vere ei andre eller tredje statsmakt som herskaren og folket må forhalde seg til? Det er vel klart at i krig er det andre reglar som gjeld enn i fredstid. Det ser vi i Bibelen også. Og i fredstid skal styresmakta hevne uretten.

Problemet var at dette menneskesynet, at menneskets fysiske natur er vond, vart så fundamentalistisk at det vart gjort til religion, så både religionen og rettsvesenet vart gjennomsyra korrupt, retten vart erstatta av urett, presten og herskaren godtok litt synd og urett, for å få makt og herske med synd og urett, med korrupsjon, svik, synd og urett prøvde dei å få makt over menneska og slik vart maktutøvinga deira. Dersom menneska med sin empirisme fornektar rasjonaliteten, med det godes ide, korleis kan dei då iverksette det godes ide?

Men i Bibelen finn vi ei litt anna forklaring på det vondes problem enn i platonismen, synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Gud forsona verda med seg ved at Jesus døde i staden for oss. På det grunnlaget har vi fred med Gud. Og Jesu kyrkje er bygd på evangeliets grunnvoll. Gud er god og fullkommen og det verket han gjer er godt og fullkome. Jesu frelseverk er Guds verk, det er fullført og fullkome, Gud vekte Jesus opp frå dei døde og herleggjorde han, sette han ved si høgre hand i himmelen og salva han medd en Heilage Ande til å vere vår frelseskonge og øvsteprest. Han har fått makt over alt som menneske heiter, han har fått all makt i himmel og på jord og hans maktutøving er fullkommen og feilfri. Ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande av berre nåde. Den herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande.

Etter at Jesus openberra seg for Paulus, vart det eit tankekors for han at han som ein overtyda og ivrig farisear hadde forfølgt Kristus og hans kyrkje. Lova var god, likevel brukte synda lova til å dåre han og drepe han.

RMR 7,7 – RMR 7,25 {LOVA OG SYNDA}  Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta. 8 Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død. 9 Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, 10 men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. 11 For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg. 12 Så er då lova heilag, og bodet er heilagt, rett og godt. 13 Men har då det som er godt, valda meg døden? Langt ifrå! Det var synda som gjorde det. Ho nytta det gode til å føra meg i døden, og på den måten skulle det verta klårt korleis synda er. Gjennom bodet skulle synda verta over all måte syndig. 14   Vi veit at lova er åndeleg, men eg er eit vanmektig menneske, selt til synda. 15 For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg hatar, det gjer eg. 16 Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god. 17 Så er det då ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 18 For eg veit at i meg, det vil seia slik eg er i meg sjølv, bur det ikkje noko godt. Viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje. 19 Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. 20 Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 21 Så finn eg då at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde. 22 Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov. 23 Men i lemene mine merkar eg ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelova, som verkar i lemene. 24 Eg arme menneske! Kven skal fria meg frå denne dødens lekam? 25 Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Så tener eg då Guds lov med hugen min, men syndelova slik som eg er av naturen.

Men det som var umogleg for lova, gjorde Gud.

RMR 8,1 – RMR 8,3 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.]

I 1.Mos.2 er det sagt at Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Slik er det med lova åt livsens ande, det er dette det refererer til.

I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han grunngav dette både utifrå evangeliet og utifrå skapingssoga, det stemmer med naturen altså. Dette har kvinnerørsla og mange prestar og politikarar protestert mot. Poenget er at dei hevdar seg å vere ei lærd overklasse og derfor viser dei forakt for Jesus minste små som trur. Den karismatiske rørsla si parole ”Jesus lever”, foraktar dei som noko dumt og meiningslaust. Men det strir mot både evangeliet og naturvitskapen og kan dermed karakteriserast som moralfilosofi kopla til mytologi og med tida viser det seg å vere dumt, som religiøs overtru. Dessutan gir det uttrukk for behov for personleg maktutøving, som dei føler blir sterkare som ein del av ei kollektiv maktutøving. Medan ”Jesu minste små som trur” høyrest ut til å vere noko svakt. Å forakte dei kan dermed gje uttrykk for eit behov for ei primitiv dyrisk trong til sjølvhevding.

Når eg var ung, var eg litt politisk engasjert, eg stemte Venstre, ein gong fekk ein ein innskytelse rett før valet og stemte Krf, men det var eit unntak altså. Men etter at kvinnerørsla slo gjennom i politikken slutta eg å stemme, for dei ivaretok ikkje mine interesser likevel. Det var korrupsjon og svik som gjennomsyra politikken, så den vart utspekulert djevelskap. For nokre år sidan fekk eg inntrykk av at skriveriet mitt verka på politikken likevel, så ved siste eller nestsiste stortingsval stemte eg likevel og då stemte eg Frp. Men sidan har Krf og Venstre gått inn for å vie homofile i kyrkja og etter at Frp også gjekk med på det, kom Venstre og Krf med i regjeringa. Så dette er den påverknaden Krf har hatt på norsk politikk i dei siste to stortingsperiodene. Frp reknar seg som eit liberalistisk parti og i følgje John Lock skulle liberalismen tillate religionsfridom. Men dette strir opplagt med kristendomen, så dette er ikkje å tillate kristendom, dermed strir det mot liberalismen også. Så ved kommunvalet stemte eg ikkje og eg har heller ikkje tenkt å stemme meir. Partiet ”De Kristne” kunne vere eit alternativ, men her er noko som er gale med heile det demokratiske systemet. Derfor stemmer eg ikkje.

Til tross for at vi har demokrati opplever eg det slik at mi stemme ikkje vert høyrt og mine interesser ikkje vert ivaretekne. Korleis kan det ha seg? Jau, evangeliet vart forkynt i kyrkje og skule og gjennom kristne organsisasjonar, det gir lovnad om at alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born. Vi får barnekår hos Gud, så vi får legge alle våre behov fram for han i påkalling bøn med takkseiing. Men så er det altså mange lærde som foraktar Jesu minste små som trur, så dei vil ikkje vite av trua deira, vedkjenninga deira og bøna deira, til tross for at Guds svarar oss gjennom tyding av tungetale, så dei vil ikkje høyre på kva anden talar til kyrkjelydane og bryr seg ikkje om det. Dei meiner dei er så mykje klokare og vitugare med sin moralfilosofi og politikk. Men då vert det fort og lett slik som Paulus sa synda nytta bodet til å dåre han og drepe han. Sjølv om han hadde hug til å gjere det gode, såg han ei anna lov i lemene, som virka slik at han gjorde det han ikkje ville. Så var det ikkje han som gjorde det, men synda som verka i han.

Ja, vel. Men det kunne også ha seg slik at den moralen og den utanforliggande politikken eigentleg ikkje ivaretok interessene til den einskilde, men interessene til ei ”lærd” overklasse. Men det er kunsig til samanlikning med dei kunstige avgudane, det er dikt og oppspinn. Så liksom Paulus gjorde det han ikkje ville, vert folk i vårt demokrati narra til å stemme på noko som ikkje ivaretek interessene deira likevel.

Vi kjenner til ordtaket om at dersom du gir han (freistaren) tommelen, så tek han snart heile handa. Dei byrjar med å tillate litt synd og urett, for å nå sine mål. Så vert det til politikk, så dei erstattar retten med urett. Eg tenker framleis på Matt.18.5-11. La oss tenke oss at ein ung mann er ein av Jesu minste små som trur og ei ung kvinne er det også. Dei tek imot kvarandre og har samfunn med kvarandre som kristne. Dersom han vil fri til henne, så gjer han rett i å snakke med Jesus om det og så snakke med henne om det. Og ho gjer rett i å snakke med Jesus om det og så snakke med han om det. Uansett held dei fram med å ha samfunn med kvarandre og vere venner som før. Ja, Gud er ånd og Gud er kjærleik, så med trua på han skulle dei uansett berre verte endå betre venner. Der to eller tre er samla i Jesu namn, der er han midt i mellom dei, då er det også tilfelle når fleire er samla i hans namn. Då er det viktig for oss å kjennast ved han som vår frelsar og Herre, å kalle på han den stund han er nær, komme til han med alle våre behov. Spesielt er det viktig for ein ung mann å komme til han med sitt behov om ei kone. For kvar mann skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.

 

1TE 4,1 – 1TE 4,12 {FRAMGANG I HEILAGT LIV OG KJÆRLEIK}  Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande. 9   Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. 12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.

Men så viser det seg at det er mange av desse såkalla lærde som ikkje vil godta dette. Kva er då alternativet? Det er at dei dårer og forfører kvinna slik som ved syndefallet og så brukar henne til å lokke mannen med. Eller så må han forføre og freiste ei kvinne. Alternativet er altså at freistinga og forføringa skal lukkast, for at han skal få seg eit kvinnfolk. Og det er han sjølv som må lukkast med det. Men det er inga varig lykke.

Soleis er det i vår tid tydelegvis mange prestar og politikarar som går bort frå den evangeliske forkynninga og vender seg bort frå Kristus. Jesus sa vi måtte vende om og verte som småborn for å komme inn i Guds rike. Og apostlane hans sa at vi er alle syndarar, men når vi vender om til Jesus og vedkjenner vår synd for han, reinser hans blod oss frå all synd. Så vert vi fylte av den Heilage Ande, så vi frå oppleve at Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Slik får vi oppleve at han lever og er med oss og vi lovprisar han som vår frelsar og Herre. Han elskar oss og har gitt oss sin Ande i hjertet så vi får kjenne og oppleve at han lever i oss ved sin Ande. Vi trur på han med hjertet og kjennest ved han for Gud og menneske. Så skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam. Vår vedkjenning av at Jesus er Herre er noko nytt, så der er ein motsetnad mellom dette og verdslege maktinteresser, det kan forklarast som nedtrakking av den heilage staden, nedtrakking av føregarden, og verst av alt; den øydande styggedomen som står på heilag grunn.

Men så viser det seg at det er mange lærde, prestar og politikarar, som vanvørder Jesu minste små som trur og ikkje vil vite av vedkjenninga deira. Deira hendsikt med syndserkjenninga er noko anna, det er keisardyrking, at ein herskar til samanlikning med keisaren skal få makt over menneska som ein gud. Vidare at verdslege autoritetar skal få makt over dei skal få makt over dei som gudar. Så det verkar som freistaren prøver å få makt over menneska ved å freiste dei. Det kan endåtil verte kalla forsking, men då er forskinga deira opplagt bestillingsverk. Det kan verte politikk og framstilt som om det representerer folket og dermed framstilt som demokratisk, men i utgangspunktet er det ikkje demokratisk.

Dei mytologisk lærde er så stolte av sine dogmer, at dei vanvørder Jesu minste små som trur. Det vsier seg spesielt når ein ung mann kjem opp i den alderen at han vil finne seg ein kjæraste og ei kone og spesielt dersom han tenker på å fri til ei kristen kvinne. Då held dei han for å vere for dum og for vond til at han skal få snakke med henne om det eller i det heil teke ha noko med henne å gjere. Ho finn seg ein annan som vert hennar kjæraste, sambuar og/eller ektemann. Og det er vel nokså vanleg etter å ha gitt avslag på eit frieri.

Men det er noko meir i dette, ein mytologisk klasseskiljemoral, som dei gjer politikk ut av. Det viser seg i protesten mot Paulus si lære. Når ein ung mann vil vinne seg ei kone i helging og ber Jesus gi han ei frelst kvinne til kone, så blir han som Uriah i forhold til David, det var ikkje ei politisk sak, men slik gjer dei politikk ut av den saka. Med protesten mot Paulus si lære, vil dei ikkje tillate han å vinne seg si eiga kone i helging, dei vil ikkje tillate at han sikal få seg ei kone som eitt svar på bøn. Slik er politikken deira. Så dersom han vil ha seg eit kvinnfolik, må han lokke og forføre henne, kanskje endåtil prøve seg på kona til ein annan mann. Slik blir han eit annanrangs menneske og slik definerer dei ei underklasse i forhold til seg sjølve som den styrande overklassa. Kvinna blir som ei hore som får makt over mannen som sin horekunde.

OSP 5,1 – OSP 5,14 {HALD DEG UNNA ANNAN MANNS KONE!}  Son min, gjev akt på min visdom,  vend øyra til mitt skjøn! 2   Så kan du ta vare på gode råd  og vakta på kunnskapen når du talar.  3   Framand kvinne har honning på lippa,  sleipare enn olje er hennar tunge. 4   Men til sist er ho beisk som malurt  og kvass som eit tvieggja sverd. 5   Hennar fotsteg fører til døden,  til dødsriket går hennar fet. 6   Ho aktar ikkje på livsens stig,  ho vinglar vegvill, men merkar det ikkje.  7   Så høyr på meg, mine born,  vik ikkje av frå dei ord eg talar! 8   Hald deg unna annan manns kone,  kom ikkje nær hennar dør! 9   Elles må du gje din ungdoms kraft til andre,  dine beste år til ein nådelaus herre. [ein nådelaus herre: han som har fått ekteskapet sitt krenkt. Sml. 6, 34.] 10   Framande får metta seg av det du eig,  det du vann med ditt strev, går til annan manns hus. 11   Så må du stynja i di siste stund,  når kroppen og holdet tærest bort, 12   og seia: “Korleis kunne eg hata tukt  og ikkje bry meg om refsing! 13   Eg høyrde ikkje på dei som rettleidde meg,  og lydde ikkje på dei som lærte meg. 14   Det hadde nær gått ille med meg  då folket var samla til ting.”

Prestar og politikarar vert som hallikar som tener pengar på henne og etter kvart vert det tydelegare og tydelegare at du får ikkje noko igjen for det, men nettoresultatet er at dei gjer trældomen hardare, du må streve meir for pengane, men får mindre igjen for det. det kan samanliknast med Moses som kom til Egypt med ein frigjerande bodskap for israelsfolket, men Farao sa nei og gjorde trældomen hardare.

Både menn og kvinner vert selde som trælar og forklaringa på det er avgudsdyrkinga til den Store Skjøkje (Op.17-18). Vi veit at avgudsdyrkinga gjorde at menneska kom i samfunn med dei vonde åndene. Sidan de ikkje ville snakke med den unge mannen (t.d. meg), kven var det då de ville snakke med i staden? Var det avgudane? Kom de i samfunn med vonde ånder og snakka med dei i staden? Var det slik de fekk stelt i stand hekseforfølging også? Har folk vorte så forskrulla og forgjorde av lærdomane dykkar at dei held kjærleiksforholdet mellom menn og kvinne for å vere noko vondt? Er det denne menneskefiendtlege moralfilosofien som viser seg i norsk politikk for tida?

Eg går ut ifrå at slik er det og derfor er eg ikkje interessert i politikk.

 

Den opne døra. Trua, rasjonaliteten og trua sine gjerningar.

I likninga om talentane lærer Jesus oss å vere trugne i det små, så vil han sette oss over meir. Profeten Malakias lærer oss å visa trufast kjærleik.

MIK 6,8   Herren har då sagt deg, menneske,  kva godt er, og kva han krev av deg:  At du skal gjera rett,  visa trufast kjærleik  og ferdast audmjukt med din Gud.

Og det gjeld sjølvsagt også i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

MLK 2,10 – MLK 2,16 {HERREN VIL IKKJE VITA AV SKILSMÅL}  Har vi ikkje alle same far,  den eine Gud som har skapt oss?  Kvifor er vi då trulause mot kvarandre  og vanhelgar våre fedrars pakt? 11   Juda har bore seg trulaust åt,  stygge ting har dei gjort  i Israel og Jerusalem.  Ja, Juda har vanhelga  den heilagdomen Herren elskar,  og gift seg med ei kvinne  som dyrkar framande gudar. 12   Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt  kvar ætling av den som gjer slikt,  jamvel om han ber fram offergåver  til Herren, Allhærs Gud.  13   Og dette er det andre de gjer:  De dekkjer Herrens altar  med tårer, gråt og sukkar.  Men han vil ikkje lenger sjå på gåva  eller ta imot dykkar offer med glede. 14   Og de spør: “Kvifor?”  Fordi Herren er vitne i saka  mellom deg og din ungdoms kone.  Du har vore utru mot henne,  endå ho er ektemaken din  som du er bunden til med pakt. 15   Er det ikkje éin som har skapt henne  både med lekam og ånd?  Og kva vil så den eine ha?  Born som høyrer Gud til.  Så akta dykk vel i sjel og hug!  Ver ikkje utru mot din ungdoms kone! 16   Eg vil ikkje vita av skilsmål,  seier Herren, Israels Gud,  og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,  seier Herren, Allhærs Gud.  Så akta dykk vel i sjel og hug  at de ikkje er trulause.

Og eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Då er det Gud som gjer sitt verk og det eg har å gjere først av alt, er å tru på han, stole på han, så eg overlet det til han å gjere sitt verk.

Sidan eg er realist som trur på Jesus, er det interessant for meg å tale om tru og rasjonalitet på den eine sida og erfaring og gjerning på den andre sida. I Moselova er der ein moralfilosfisk rasjonalitet som først og fremst fortel deg kva du ikkje får lov til å gjere og erfare, dermed gjer den klart for deg kva du får lov til, slik gjer den klart for deg kva fridom du har til livsutfolding. Men trua på Gud og hans Ord er noko meir enn dette, ved Abrahams tru vert du velsigna, så ditt liv vert ein velvatna hage. Med den åndelege velsigninga får du åndeleg openberring, ei åndeleg innsikt. Og når Anden openberrar Ordet for deg, får du ei forstandig innsikt (rasjonalitet).

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

I Bibelen får vi både Moselova og forkynning av trua på Gud, dermed får vi ein rasjonalitet og sidan det også handlar om gjerning, har det også med empiri å gjere. Så Gud vil ha kontroll med både vår tenking og våre gjerningar, ikkje som ein diktator, men som ein god far som oppseder og lærer opp sine born. Dei lærde på Jesu tid ville opplagt ha makt i samfunnet og dermed ei viss makt over menneska. Men Jesus takka Faderen for det var noko han hadde løynt for dei, men som han hadde openberra for dei umyndige. Ja, for Faderen er deira formyndar, han elskar dei og har omsorg for dei. Og no har Jesus nyleg sagt at han har full kontroll på meg.

Jesus sa at den gjerninga Gud vil vi skal gjere, er å tru på den som Gud sende, vi skal tru på Gud og på Jesus. Jesus er Guds Ord, ved trua på Gud og hans Ord, skal vi først og fremst la Gud gjere sitt verk ved sitt Ord og sin Ande. Gud er den første og sidan Jesus er Guds Ord, er han eigentleg før alle oss andre, dei som er komne før han er tjuvar og røvarar.

Jesus sa han visste om mine gjerningar, ja, eg har då både studert og arbeidt som fiskar, samtidig som eg har trutt på han og dermed rekna med at han også gjer sitt verk. Trua vart meg forkynnt og eg forstod det slik at eg skulle stole på at han gjorde sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Samtidig skulle eg gjere mi gjerning og eg forstår det slik at at det er å dyrke og verne Guds hage. Dette forståinga vart spesielt viktig for meg når eg studerte. Han har nyleg sagt at eg har lita kraft, men eg har ikkje oppgitt min første kjærleik. Eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør.

Jesus verkar gjennom kanalar som er opne og han har sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning. Eg kan oppleve at dører vert stengde for meg, men då opnar han nye dører for meg og har nye vegar for meg. Dette handlar om moglegheiter eg får her på denne jorda. Men det heng saman med at eg går den eine smale vegen til Faderen og går inn gjennom den eine smale porten til livet og at eg går inn gjennom døra til sauene, å gå inn og gå ut og finne beite. Slik får vi komme inn i ferdiglagde gjerningar.

Bededags-stevne. M40 29.10.95. Tyding av tungetale:

”Ja, jeg minner deg om, sier Herren, at du er i meg, fullkomen ren, uklanderlig innfor meg. I min Sønns blod så har du renselsen ifra alle dine synder. Og derfor så ønsker jeg mitt barn at ikke det skal være med å tynge deg ned. Denne verdens problemer skal ikke få ta glansen vekk fra ditt øye, fra ditt hjerte. For du er satt i fullkommen frihet, sier Herren.

Du tenker på tidligere tider, sier Herren. Den gang jeg fikk velsigne ditt hjerte. Da det strømmet over fra din munn og det var lovsang i din sjel. Men jeg er den samme sier Herren. Jeg har jo ikke forandret meg. Og du er like dyrebar for meg i dag. Tre frem for mitt åsyn. La lovsangen slippe fram. Å hvor jeg lengter etter å høre din tilbedelse. Som jeg lengter å høre din lovsang innfor mitt åsyn, sier Herren. Det skal frigjøre noe i ditt liv, slik at du kan være det du skal være der du vandrer, en lovsang for meg.

Derfor ber jeg deg mitt barn, se deg ikke lenger tilbake, men se framover, opp mot meg, se meg og møt mitt blikk full av kjærlighet, det skal gi deg den kraft og styrke du trenger. Å, jeg råder deg, søk meg der jeg er å finne, i mitt ord, i fellesskapet med vennene, der jeg satt velsignelsen, der ønsker jeg å møte deg. Amen.”

 

Bodskap uten tungetale:

”….bakker vil jeg jevne, bommer av jern og dører av kobber skal jeg sønderslå, sier Herren. Og du skal få erfare og du skal se, jeg har rikdommer for deg, som er sjult i mørke, som du enna ikke ser, men som jeg skal legge mi openbarings Ånd over over deg, sier Herren, så du skal få se, jeg har rikdommer for deg, som enda er i mørke, men som skal openbares med et stort lys. Og jeg har noe som er sjult på lønnlige steder, der som du ikke kan tenke deg, derifra vil jeg hente fram de største rikdommer for deg, sier Herren. Utifrå det som ingenting er og langt utifra din tanke, så skal du få se, sier Herren at jeg våker over mitt ord, og jeg våker over deg i min menighet, og jeg har noe for deg i denne tid, og som du skal få se at jeg skal openbare min herlighet igjennom, og du skal få se min storhet, ved at den Hellige Ånd går ut fra deg, ved at den Hellige Ånd utruster og istandsetter, så åpenbaringenslyset kan brenne stort og klart og rik på min herlighet. Og se, jeg er med dere alle dager, sier Herren. Amen.”

 

Seinare på hausten. 1995.

”…… med en gang du ser på de stengte dører. Men du skal vite, når dører lukkes igjen for deg, så står jeg med nye muligheter, jeg vil åpne nye dører for deg, sier Herren.

Difor ønsker jeg av deg at du vender deg mot et nytt mål, de muligheter som stiller åpen, sier Herren. Studer mitt ord og se hvilke velsignelser jeg har gitt deg der. Åpne deg for meg i bønn og lovprisning slik at jeg kan få legge ned i deg den velsignelsen som jeg ønsker å gi deg, sier Herren. Jeg har noe å gi deg, det er for deg.

Ja, bli stille for meg sier Herren. La meg få fylle dine tanker og ditt sinn. La mitt ord få gjennomsyre deg, slik at du får tenke mine tanker, sier Herren. Jeg har nye veier for deg. Og du skal få se at jeg har planer for deg, for din familie, for menigheten, for din omgangskrets. Du skal få være med på det. Midt i velsignelsen skal du stå og nyte det, sier Herren.”

Han vil legge velsigninga ned i meg og eg skal stå midt i velsigninga og nyte det. Og kvar er det? I kyrkjelyden og i himmelen i Kristus.

 

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.

EFE 2,6 – EFE 2,10 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Å gå inn gjennom døra til sauene og å gå inn og gå ut og finne beite, er no ikkje noko nytt for meg. Men eg har vel fått problem med å komme vidare, så derfor må eg sjå at Jesus har sett framfor meg ei open dør og sjå den moglegheita det gir meg til å komme vidare (Sak.4,6-10). Han vil la meg komme inn i ferdiglagde gjeringar og det er no gjerningar som han har skapt meg til.

Jesus sa vi skulle vakte oss så vi ikkje vanvørder ein av hans minste små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Ein engel er ein bodberar, så eg tenker meg at det er ånda deira. Og eg har vorte verande i mi barnetru. Jesus sa vi må vende om og verte som born, for å komme inn i Guds rike. Ja, det er vel nettopp derfor eg at eg minner meg sjølv om korleis eg bad til Jesus frå eg var ein liten gutunge. Liksom ein far gir borna sine gode gåver, gir Faderen den Heilage Ande til dei som ber han. Og den kjem med bodskap frå himmelen. Den ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud og den openberrar for oss kva Gud i sin nåde har gitt oss.

1KO 2,8 – 1KO 2,12 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:  Det auga ikkje såg,  det øyra ikkje høyrde,  det som ikkje kom opp  i nokon mennesketanke,  alt det Gud har gjort ferdig  for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.

Oppdraget er å dyrke og verne jorda som ein Edens hage. Eg tenker meg først at der er to sider av saka. Ei åndeleg side, ved at vi får Guds Ord og Guds Ande i hjertet.

EFE 1,17 – EFE 1,23 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

EFE 3,16 – EFE 3,21 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

Vi skal dyrke og verne Guds hage og der er ei åndeleg og ei praktiske side av saka. Anden openberrar Guds Ord for meg, så eg får ei åndeleg og rasjonalistisk innsikt som eg meiner er sameinleg med rasjonaliteten i realfaga, då tenker eg spesielt på matematikken, men også på naturfilosofi og metodelære, den hypotetiske deduktive metode både i grunnforsking og i anvendt forsking, men det siste handlar også om å omforme den fysiske naturen til reiskap som er nyttige for oss, teknologi. Så gjer vi bruk av kunnskapen i praktisk arbeid, dermed har vi ei praktisk og økonomisk side av saka. Så er der også ei pedagogisk side av saka og barneopplæring og barneoppseding er sentralt i pedagogikken. Så her er no Matt.18,1-10 midt i blinken og gull verdt.

Eg har bevart mi barnetru og lagt vinn på å vere i den, både når eg har studert realfag og når eg har vore i praktisk arbeid på tråling og poenget mitt er å forklare at det har vore rett og godt og er det framleis.

 

Jesus har sagt han elskar verda og han elskar meg.

 

Jesus sa han elskar verda og han elskar meg, sitat frå bodskapen 11.8.2019:

”Eg veit at du har lita kraft, men du har ikkje forlete den første kjærleik. Eg veit at du kan seie frå djupet av ditt hjarte: Eg elskar deg, Jesus. Og det er nok for meg, seier, Herren, eg elska deg først og så elskar du meg tilbake. Derfor skal du legge deg trygt i natt, utan fordømming, utan nederlagsføling og du skal få vakne opp til ein ny dag og kjenne at: dette er den første dag i resten av mitt liv. Ein ny dag med nye moglegheiter, sjå, det gamle er forbi, sjå, alt har vorte nytt. Og du skal få vere med meg inn i noko nytt, seier Herren. Du skal få vere med meg og sjå at eg gjer nye ting i ditt liv og at eg gjer nye ting i din familie. Du skal få vere med å sjå at eg gjer nye ting i bygder og byar, som mange trudde var umogleg, som mange trudde det var forbi, men sjå, eg gjer noko nytt, seier Herren. Skal de ikkje oppleve det? Skal de ikkje vere med på det som eg har førebudt? For eg har førebudt ei innhausting i dei siste dagar og eg veit at markane er kvite til haust. Og eg ynskjer å invitere deg med, slik at du kan få sjå det, du kan få oppleve det, du kan få delta i det. Og alt dette gjer eg, ikkje på grunn av deg, men på grunn av at eg elskar verda så høgt og eg elskar deg, på tross av dine feil, seier Herren. Og eg ynskjer at du vil opne ditt hjerte og seie: Herre, her er eg, send meg. Amen.

 

Kva er så spesielt med meg? Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivanede ånd. Han vekker meg opp til liv i samfunn med seg, i samsvar med 1.Mos.2, Gud skapet mannen av mold frå marka og bles livsens Ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Så skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam, slik er lova åt livsens ande.

RMR 8,1 – RMR 8,3 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.]

Kristus er Guds Ord, Anden openberrar det for oss, slik leier den oss fram til sanninga, slik at den set oss fri.

Oppdraget er framleis å dyrke og verne Guds hage, sjølvsagt for å gjere den meir fruktbar og produktiv. Den fysiske dyrkinga av jorda er ei omforming av den fysiske naturen, men den er overflatisk, det er ikkje ei fundamental omforming av naturen.

Ved utvikling av moderne teknologi, får vi ei meir fundamental endring av den fysiske naturen, men det er først og fremst til å lage betre reiskap til å dyrke jorda med. Med genteknologi kan vi få ei endå meir fundamental endring av naturen og no endåtil på det som skal dyrkast, dyrelivet og endåtil menneske. Ja, mykje av moderne teknologi kan komme i konflikt med verneinteresser.

Når eg studerte matematikk og fysikk, studerte eg det mest fundamentale i tilværet, berre Gud og hans Ord og hans Ande er meir fundamentalt. Og der er ein tradisjon av å kople moralfilosofien til matematikken. Men trua på at den fysiske naturen er vond og det moral- og politisk-filosofiske standpunktet at den bør endrast, ber det for gale av stad, spesielt når dette vert fundamentalistisk. Det kan koplast til mytlogi og det kan koplast til utviklingslæra og kva har vi då?  Keisardyrking og avgudsdyrking?

Men Gud elskar verda (Joh.3,16…) og sidan han har kalla meg til å studere biologi, tenker eg på verda slik som biologien beskriv livet på jorda. Eg tenker på verda som ei kvinne som har studert biologi og som derfor forstår korleis livet på jorda fungerer. Tradisjonelt er der også forholdsvis mange kvinner som studerer biologi. Medan der er forholdsvis mange menn som studerer matematikk og matematiske fag, som fysikk og informatikk, der rasjonaliteten altså har større betydning.

Men vi treng rasjonaliteten i Bibelen også, å trua at Gud er god og at han har skapt alle ting og at han såg at det var godt. Vi treng å tru på det frelseverket han har openberra for oss i Kristus. Så vi takkar Gud for at han har skapt alle ting og takkar Gud og Lammet for frelsa.

ÅPE 4,8 – ÅPE 4,11 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:  Heilag, heilag, heilag  er Herren Gud, Den Allmektige,  han som var og som er og som kjem. 9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar: 11   Verdig er du, vår Herre og Gud,  til å få all pris og ære og makt.  For du har skapt alle ting;  du ville det, og dei vart til, skapte av deg.

ÅPE 5,8 – ÅPE 5,14 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:  Verdig er du til å ta imot boka  og bryta segla på henne.  For du vart slakta  og har med ditt blod frikjøpt for Gud  menneske av alle ætter og tungemål,  av alle folk og folkeslag. 10   Du har gjort dei til eit kongerike,  til prestar for vår Gud,  og dei skal råda på jorda. 11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:  Verdig er Lammet som vart slakta,  verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,  ære og pris og takk. 13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:  Han som sit på kongsstolen,  han og Lammet skal ha all takk og ære,  pris og makt i all æve. 14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Eg talar sjølv og eg talar om meg sjølv, det er altså partikularium. Likevel skal eg sjå på Jesus og snakke med han, han er Guds Ord og det er då eit universalium, samtidig som det er ein person. Eg skal ikkje sjå på meg sjølv, sjå på det som er rundet meg eller snakke med andre i staden, slik skal vi innvie oss for han. Så skal vi gå ut og vitne om han. For å fortelje litt om meg sjølg og korleis eg tenker og kva betydning det har for tankar i tida, kan eg bruke universalier, som å seie at eg er ein fiskar, eg er realist, eg har studert matematikk, informatikk og fysikk, samtidig som eg har trutt på Jesus. Då er det nærliggande å kalle meg ein kristen platonikar. Eg studerer fundamentale fag, men det er ikkje fordi eg treng ein fundamental moral til å endre verda fundamentalt, eg treng ikkje engasjere meg politsik for å prøve på noko slikt.

Det eg skal gjere i staden, er å tru at Gud er god, han har skapt alle ting og han såg sjølv at det var godt. Så skal eg tru at hans frelseverk er fullført og fullkome. Eg skal takek gud for at han har skapt alle ting og så skal eg takke Gud og Lammet for frelsa. Eg skal lovprise Jesus for det fullførde frelseverket og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg har bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone og det trur eg han vil gi meg.

Når eg var ung, var eg hekta på å få meg ei kristen kvinne til kone, sidan eg ville ho skulle vere frelst. Men vi har no sett korleis det verka. No er eg hekta på å få meg ei ”biologidame” til kone, men eg har same prioritetsordninga, så eg ber han fyrst og fremst om å frelse ”biologidamer” (universalia) og så gi meg ei av dei til kone (partikularia). Derfor er det også viktig for meg å vitne for dei som studerer realfag på Blindern. Dette har å gjere med å sjå på den åkerlappen eg har fått tildelt.

Eg har bedt Jesus gi meg ei kone og då vil han gi meg ei hjelp som høver for meg. Han vil svare meg, kanskje ikkje i den retning som eg tenkjer, men han vil gi meg det som han ser er best for meg. Bodskapen 23.1.2016:

Våk i bønna med takkseiing. Og når du våker på den måten i bønna, så skal eg, Herren, svare deg, med store og ufattelege ting, kanskje ikkje i den retninga du tenkte, men eg skal svare i den retninga og med det mål som eg veit er best for deg. Og du skal få oppleve noko du aldrig før har opplevt. For framleis høyrer eg bønner, framleis svarar eg bønner, framleis så ynskjer eg å fyll mitt barn og fylle mi menigheit med herlegdomens sky, så du skal få oppleve, at du aldrig før har opplevd maken.

Du er fri, du er forløyst, gjennom blodet har eg løfta deg opp, gjennom Jesu blod er du befridd frå all di synd. Du kan frimodig prise meg, du kan frimodig love mitt heilage namn. Og når du prisar mitt namn, så kjem gleda inn i ditt liv, når du prisar mitt namn, så går fridomen opp for deg. Når du prisar mitt namn, vil alt det vonde fly. Når du prisar mitt namn, då vil rettferds-sola gå opp som aldrig før i ditt hjerte.

Slå ikkje blikket ned, løft det opp imot himmelen. La ikkje dine hender synke, men løft dei opp imot himmelen. Stå ikkje stille på den stad der du befinn deg, men sett din veg i mi hand og eg skal dra deg, leie deg, føre deg og eg skal føre deg til levande vatn, eg skal føre deg til kjelder, eg skal føre deg til frukter og nådegåver og du skal få oppleve å verte berika av mi velsigning i overmål på overmål. Fordi eg Herren har satt dører opne for deg. Halleluja.

 

I middelalderen kom antikk filosofi inn i kyrkja, så vi fekk ei vidareføring av ein moralfilosofisk tradisjon. Med den opplæringa har kvinne tydelegvis ikkje vort eopplærd til å vere til hjelp for meg, men heller motarbeide meg og det har dei gjort politikk ut av. Eg ser det slik at mine interesser er meir fundamentale enn å drive på med politikk og vi må ha fundamentet på plass, før vi bygger vidare på det. Vi skal bygge på steingrunn, ikkje på sand, vi skal ha dei rette gjerningane og dermed dei verdifulle erfaringane (Matt.7,24-27).

 

Lækjedom ved bønn. Tru, utan å tvile, så skal det skje.

Tett etter at e g byrja å studere realfag i Oslo hausten 1984, sa Jesus at der vare in sjukdom mellom Guds folk og at eg hadde fått kjenne noko av den i mitt indre, men han ville lækje den (Jfr profeten Jeremias og israelsfolket på hans tid). Eg hadde bedt Jesus gi meg ei kone og eg trudde og forstod at han ville gi meg det i samsvar med Paulus si lære og 1.Mos.2, men det hadde ikkje vorte noko av, det hadde ikkje fungert slik som det skulle altså og det var sjukt.  Protesten mot Paulus si lære er opposisjon mot Herren som er Anden og det har vore plagsomt for meg, spesielt når eg skulle prøve å studere. Paulus talte om at kjøtet opponerte mot Anden, løysinga på det problemet er at ved trua på Kristus er vi krossfesta med han. Det er vel og bra. Men dette handlar om noko meir, det er verda som opponerer mot Herren som er Anden og der er verdslege maktinteresser i det.

Eg er som sagt ikkje interessert i politikk, eg har i alle fall ikkje bedt Jesus gi meg ei kvinne for å hjelpe meg med å drive politikk og slett ikkje slik som ”kvinnepolitikk” her til lands vert definert. Men eg er interessert i realfag, ekte vitskap altså, og håper Jesus vil gi meg ei kone som blir til hjelp for meg med det. Sentralt i dette faglege landskapet er psykologien, sjølv om det ikkje er realfag, så er det pedagogikk også i realfaga. Det er læra om sjela og Jesus gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det treng vi for å tenke sjølvstendig og det treng vi i realfaga også. Jesus er kongars konge og herrars Herre, det får eg berre stole på, så eg kan få fred til å konsentrere meg om det som eg synest er viktig. Republikanarane med Trump i spissen synest no å stadfeste det. Eg har studert realfag og lese i Bibelen og søkt Herren og det er eg framleis interessert i og han vil leie meg vidare og la meg komme inn i gjerningar som han har lagt ferdige for meg. Då vil eg ikkje la  meg distrahere av slike idiotiske saker som de kallar politikk her i landet, spesielt ikkje såkalla kvinnepolitikk.

Eg forstår det slik at Jesus vil lækje den sjukdomen ved at han gir meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg bad han om, i samsvar med Paulus si lære og skapingssoga i 1.Mos.2. Eg skal berre søke Jesus av heile mitt hjarte og stole på han av heile mitt hjerte, utan å tvile, så skal det skje. Bodskapen 25.8.2019:

Bodskap 1A. ”Ja, seier Herren, du har søkt meg mange gangar og mange gangar har du gått skuffa bort, seier Herren. Det har ikkje skjett noko og du tvilar på om det i det heile teke skal skje noko. Men eg seier deg, hald ut, mitt barn, hald ut og frykt ikkje. Stol på meg, eg har full kontroll over ditt liv, seier Herren. Eg har full kontroll over deg. Eg ser kva du styrar med, eg ser kva det du – du styrer med i din kvardag, der du går omkring, der du er, så ser eg kva du styrer med og eg veit også kva du skal møte. For eg har full kontroll, stol på meg, seier Herren. For eg har verkeleg full kontroll over ditt liv, så ver ikkje -, ver ikkje -, slutt ikkje å søke meg, for eg vil svare i mi tid, seier Herren. Søk inn til meg og søk meg, av heile ditt hjerte, seier Herren.”

Bodskap 1B. ”Du har mange gangar tvilt på om eg verkeleg lever, seier Herren. Men sjå, eg lever, og eg er den same i dag som i fordums tid. Eg er den same som går omkring i benkeradene her i denne stund. Eg vil røre ved deg i denne stund. Om ikkje du retta opp di hand, eller du – eg ser til ditt inste hjerte og din inste lengsel. Eg vil røre ved deg i denne stund, seier Herren, og det skal verte eit føre og eit etter, seier Herren. Du skal få oppleve at eg kjem til deg. Og eg vil – din lækjedom skal gå over tid, seier Herren. Du skal verte stadig betre av det som du plagest av, seier Herren. Du skal berre få sjå, at når du stolar på meg, av heile ditt hjarte og ikkje tvilar, så skal det skje. Men vit, eg også ser til deg som tvilar, seier Herren. Eg ser til deg som tvilar, eg har deg verkeleg kjær, seier Herren. Du er dyrebar i mine auge og eg vil at du skal stole på meg, eg forlangar det ikkje seier Herren, men eg vil at du skal ta meg på alvor. Og du skal sjå, du skal sjå større ting enn det som du har sett hittil, seier Herren. Du skal få sjå det lille og du skal bli også det store – den store samanheng. Og du skal få sjå, eg er i går og i dag den same, til evig tid. Amen.”

Jesus er Guds Ord, så vi kan kalle det eit universalie. Samtidig er han ein person, så vi kan også kalle det eit partikularium, men no er han ikkje lenger på jorda som oss andre menneske, men han er den site Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han frelser einskildmenneske (partikularium), då verte ei innkludert i dette universelle frå himmelen, så det vert deira og dei vert Guds eigedom. Når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så er då det ei spesiell kvinne (partikularium) som vert inkludert i dette universelle.

Kva er det eg skal tru på, utan å tvile. Eg skal tru på Gud og hans Ord, eg skal tru på Faderen, Sonen og den Heilage Ande. Eg skal tru på Jesus og påkalle han som min frelsar og Herre, eg skal søke han av heile mitt hjerte og elske han av heile mitt hjerte, ved fylden av den Heilage Ande får eg kjenne at han lever i meg og då skal eg tru på han av heile mitt hjerte. Gud er ånd og han gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande. Han rører ved meg med sin Ande i mitt indre menneske og då trur eg også han vil røre ved henne som han vil gi meg til kone.

Og då er det henne Reella eg tenker på. Eg kjem i hug at Jesus sa til meg at slik som han hadde vore mot meg, ville han også vere mot den som eg bad for, ho Reella altså.  Eg finn det ikkje på dataen, så det kan vere før eg byrja å skrive det inn på data, det kunne vere i 1989. Eg kjem i hug at når eg var ein liten gutunge, så påkalla eg Kristus som min frelsar og Herre, så eg meiner eg fekk eit personleg kjennskap til han, han vart min beste venn. Og no når eg er voksen er det litt rart å tenke på at han er ved Faderens høgre hand og har fått all makt i himmelen og på jorda og talar til meg frå himmelen.

Vil han vere for henne slik som han var for meg, får ho vel tenke på han som hennar beste venn, sidan ho var ein liten jentunge. Og det går då godt an for ei ung jente å tenke på han som hennar beste venn og beste gutevenn. Når ho kjem opp i den alderen at ho vil ha seg ein kjæraste og ein ektemann, så får ho tenke på han som Herren hennar brudgom og Herren hennar ektemann.

Eg har bedt Jesus frelse menneska og gi meg ei frelst kvinne til kone og han har sagt eg skal lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det mitt hjarte attrår. Og no seier han at eg skal stole på han av heile mitt hjarte og ikkje tvile, så skal det skje. Når eg tenker over det, så er der ingen god nok grunn til at eg skal tvile på at Gud er til og at Jesus lever. Der er ingen god nok grunn til at eg skal tvile på at Gud vil frelse menneska, eg skal tru at Jesu fresleverk er fullført og at han vil frelse menneska. Der er ingen god nok grunn til at eg skal tvile på Guds Ord, at Gud har skapt alle ting og at han er den same no og skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2. Han gjer framleis dei same gjerningane og driv slett ikkje med ei heil mengde med anna gagnlaust tull i staden.

Ja vel. Men betyr det at ho skal verte kona mi? Bør eg ikkje heller rekne med at ho for lengst har funne seg ein annan mann til ektemann og då skal ikkje eg trå etter kona hans? Blir ikkje dette soleis på same måten som i forhold til henne Virtuella? No er der likevel stor forskjell på dei, der er stor forskjell i historikk, miljø og opplæring. Og der er skilnad på korleis eg bad for dei og korleis Gud svarde meg. Men Gud er den same, hans Ord er det same, Jesus er den same.

Kjelda som vella opp og vatna Edens hage tek eg som symbol på kjelda med det levande vatnet, det er frelseskjelda, ja Gud er sjølv den kjelda. Jesus gir oss det levande vatnet gratis, av berre nåde. Det gir liv til vår sjel, det gir liv til mi sjel og eg tenker meg at han gir meg ei kone ved at det gir liv til hennar sjel også. Vatnet og lufta er grunnleggande viktig for all vegetasjon og dermed for alt liv i hagen. Slik er det levande vatnet og Anden som Jesus gir oss grunnleggande viktig for vårt liv i samfunn med Faderen og Sonen. Lyset er også grunnleggande viktig for vegetasjonen. Jesus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset til menneska (Joh.1). Han som sa at lys skulle skine fram av mørke, han har også late det lyse i våre hjarto (2.Kor.4,6). Gud er alfa og omega, den fyrste og den siste, den fyrste og djupaste årsak og den endelege meining og hendsikt. Jesus er hans einborne Son og den førstefødde av mange born, slik er han før alle oss andre.

Etter at eg oppdaga henne Reella og fekk oppleve at Jesus svarde på mi bønn for henne, følte eg at eg ikkje kunne gløyme henne og det hadde seg også slik at Anden minna meg om henne. Jesus sa noko om at eg skulle la kjærleiken flamme opp i meg, vere brennande i ånda. Eg forstod at det var i kjærleik til henne. Dette har eg også søkt på i mine datadokument, utan å finne, så det var kanskje også så tidleg som i 1989, før eg byrja å skrive inn på data. Men eg kan ta med noko som vart sagt litt seinare.

Bodskapen 1.Pinsedag.19.05.91, kassettband-opptak:

”Sjå, seier Herren, eg talar for å vekke din lengsel på nytt, at dette er vegen til å søke et djupare liv, at eg får lov til å få den plassen eg ynskjer i ditt liv, og sjå, eg er den som ynskjer at du skal kaste fortøyingane, du liker deg så godt der inne ved strandbreidda, men eg vil føre deg vidare fram, du er komen til den staden der, og det punktet der du ynskjer å fare utover det i dette nådens hav, og legge deg på sym, du skal få sjå det løfter, det  ber deg, og du skal få kjenne understraumen  i frå meg, der du erfarer det lyfter, det er berande, det er ikkje du som skal klare dette, men det er eg som gjer verket i deg.

Du får oppleve og du får erfare, det er eg som har byrja, og fordi det er eg som har byrja den gode gjerning i ditt liv, så er det eg som skal fullføre.”

Ikkje kassettband-opptak, (batteria var utladda):

”Tida heretter er ikkje berre kort, men den er såre kort. Søk meg i dag, for i dag er eg å finne. I morgon er det for seint. Men eg er her for å møte deg i denne kveldsstund. Når eg har skapt lengselen, så fyller eg den. Du som ein gong var brennande i ånda, eg vil du skal gjenopplive den nådegåve som er i deg. Det var ikkje tilfeldigheit som gjorde at då skuggen av Peter fall på den sjuke (den lame), så vart han lækt. Det er ikkje du som skal gjere ditt verk, med dine prestasjonar, men det er eg som gjer mitt verk i deg. Vinden bles dit den vil. Igjen vil eg minne deg om at vinden bles dit den vil. Eg tek sterke, (ja, kongar), i mi eige. Sjå, du som sår med tårer, du skal få hauste med glede. Du skal få vende tilbake med fulle kornband. Den som eg vil gjere sterk, han vil eg først gjere svak. Sjå, eg har førebudt meg eit ringe og audmjukt folk. …., som kan svinge Andens kvasse sverd.”

Her vart det sagt at eg skulle gjenopplive den nådegåva som var i meg og eg forstår det slik at det sentrale poenget er at Jesus gir meg ånd og liv og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Jesus lever i meg og han gir meg ei kone ved at han gir henne også ånd og liv og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Og no var det henne Reella eg tenkte på. Eg følte at eg ikkje kunne gløyme henne, men eg måtte hugse på henne og be for henne slik, med tru, håp og kjærleik i mitt hjerte. Og eg opplevde det som sunnt og godt i mitt indre menneske. Håpet om Guds herelgdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ansde som er oss gitt. Han som sa at lys skulle skine fram or mørket, han har late det skine i våre hjerter. Så eg hadde Guds kjærleik i hjartet og den kjærleiken hadde eg til henne. Når eg tenkte slik om henne, verka det som Guds lys strålte endå klarare og sterkare i mitt hjarte og det gjorde meg glad. Dessutan kjendest det som lækjedom og sunnhet i mitt indre menneske.

Mange år seinare, når eg lurte på om eg framleis skulle tenke på henne, svarde Jesus meg at når Anden har lagt visjonar ned i meg, så må eg ikkje stille spørsmål.

 

Ebeneser Volda, søndag 7.10.07. kl19.

 

Ein mann kom med denne bodskapen frå Gud:

 

”Dokke er samla her no for at eg har gitt dokke nåde til å vere innfor mitt åsyn.  De er samla her no for at de skal bruke tid i lag med meg og eg vil tale til dokke. Legg vekk dokka eigne tanka og legg vekk dokka eigne bekymringar. Legg det over på meg, så skal eg ta det, og så skal du få bruke tid innfor meg no og bli styrka, bli grunnfesta, få kraft til det livet du lever. Eg vil vere din Herre og eg vil vere din Gud og då må eg få forme deg, då må eg få snakke med deg og ha samfunn med deg. Eg elskar deg og eg har kjøpt deg fri. Bruk den nådestunda du har no i lag med meg. Tilbe mitt namn, ver innfor meg og merk at eg tek det som tynger deg, at eg styrker deg, eg gir deg kraft til dagen i dag og til dagen i morgon.”

 

 

Bodskap frå Gud:

 

”De har høyrt i kveld at dokke er nye skapningar i meg. At dokke har blitt adskilt ifrå det som dokke før var, dokke har blitt noko nytt, dokke har blitt født på nytt. Når dokke tvila på at dokke kan vere av betydning for mitt rike, når dokke føler dokke fattige i dokke sjølve, når dokke føler at dokkar eige vitnesbyrd er svakt, når dokke føler at dokke ikkje får det til, så skal dokke løfte blikket dokkar og sjå på meg, sjå på Jesus, sjå på det som eg har fått til for dokke. Sjå på det at eg har tatt alt det som du har gjort, alt det som du gjere, og som du kjem til å gjere og som du skammar deg over, eg har tatt det og kasta det så langt vekk som aust er ifrå vest. Fordi eg elskar deg.

Du skal aldri betvile kva eg kan gjere gjennom deg, du skal aldri stille spørsmålsteikn, når du trur eg kan gjere noko stort gjennom deg, men så trur du eigentleg ikkje likevel. Sjå på Moses, sjå på Israelsfolket, eg talte til Moses om at han skulle gjere noko stort, han skulle føre mitt folk ut av slaveriet. Den første gongen, når farao sa nei, så begynnte mitt folk å murre og sei til Moses: dette her er umulig. Sjå ikkje på problema, sjå ikkje på dine eigne begrensingar, di eiga svakhet, men sjå på kva eg har sagt til deg. Sjå på kva draumar og visjonar eg har lagt ned i ditt hjerte. Sjå ikkje på det som skjer rundt deg, men sjå på kva eg har sagt til deg. Og sjå på mi kraft og mi evne til å skape forandring. Eg har tatt bolig i deg med mi ånd, det er forskjellen. Då treng du ikkje lenger å sjå til deg sjølv og dine eigne gåve og dine eigne muligheter, for dei vil alltid ende opp med å bli begrensningar. Du får sjå på kva eg kan gjere gjennom deg. Eg har tatt bolig i deg, eg bor i deg, enten du er prest, eller pastor, evangelist eller sjukepleier, uansett kva slags funksjon du har i kvardagen, så har eg tatt bolig i deg. Og mi Ånd, der er ingen begrensningar, for eg er din Far, og eg er din Herre. Bruk tid i lag med meg. Må du aldri slutte å søke mitt åsyn, må du aldri slutte å la lovsongen i ditt hjerte komme fram til meg, for eg vil ha fellesskap med deg. Amen.”

 

Ein annan gong når eg lurte på om det hadde noko for seg å tenke på henne noko meir, sa Jesus til meg at det gjer den Heilage Ande sorg når flammen i mitt hjerte sluknar. Bodskapen 7.6.2015:

”Ja, eg vil at du skal vite, mitt barn, at du tilhøyrer meg. At eg har kjøpt deg fri med mitt blod, at du er dyrt kjøpt, du er betalt. Fordi eg elskar deg, fordi eg har utvalt deg før verda sin grunnvoll vart lagt, til å vere mitt barn, min son og mi datter. Og eg vil at du skal vere trygg, og eg vil at du skal ha denne vissa og denne gleda i ditt hjerte, om at du tilhøyrer meg, og at du er på veg til himmelen og til eit evig liv saman med meg, seier Herren. Så at du kan løfte opp hovudet ditt, at du kan sjå opp til meg. For frå meg kjem di forløysing, frå meg kjem di frelse og di hjelp, seier Herren. Så frykt ikkje, men set di lit til meg, eg som er din gjenløysar.”

”Ja, eg lova då eg drog herifrå at eg ville komme og vere nær hos deg ved min Heilage Ande. Og eg bor i ditt hjerte, ved min Ande, seier Herren. Eg er nær hos deg kvar dag, du behøver berre rope på meg, så er eg der og eg vil svare deg og eg vil hjelpe deg, fordi du er mitt barn og eg er din far, seier Herren. Og eg ynskjer at du skal oppleve mi hjelp, eg ynskjer at du skal oppleve min nærleik. Så ver frimodig og strekk deg ut og ta imot av det som eg har gitt deg. For eg er nær hos deg og eg vil gi deg av mi kraft. Eg vil fylle deg med min nærleik, med mi velsigning, sånn at du ikkje skal vere i tvil, men vite det at eg er nær hos deg og eg hjelper deg og eg held deg oppe med mi rettferds høgre hand, seier Herren. Amen.”

——

”Ja, min Ande (er utgytt over) alle menneske…. Min Ande skal fungere i hjertet ditt, dersom du held deg tett til meg, heile tida. Ha din relasjon til meg, ……. Ikkje la noko menneske forstyrre dine tankar, ditt sinn. Og ikkje la andre menneske påføre deg tankar som ikkje er frå meg. (Men at eg døde for deg på)? Golgata kors. Så la min Ande virke 100 % i deg. For min Ande vert sorgfull og skuffa når ilden i ditt hjerte vert slukka, når du påfører ditt eige sinn tankar som ikkje er ifrå meg, seier Herren. Amen.”

 

Jesus er på mi side.

Jesus sa han er på mi side, sitat:

”Mitt kjære barn, eg vil du skal vite at sjølv om eg har sagt nei til synda som har vore i ditt liv og av og til ligg på lur, så har eg sagt eit heilt og fullt ja til deg. Eg står på di side. Eg er ikkje din motstandar, men eg er din medspelar, seier Herren.”

Bodskapen 5.9.2005. Tyding av tungetale ved Åge Åleskjær i Oslo Kristne Senter:

”…verden, liv, død, det som nå er, det som komme, alt er deres, sier Herren, fordi dere er velsignet av meg, jeg er med dere og dere skal oppdage hvordan det er å ha seier og framgang i mitt namn, sier Herren.

Å-, oppdag det og ta det til hjertet ditt, hvis Gud er for deg, hvem er da imot deg? Forstå at jeg elsker deg, sier Herren, forstå at jeg er for deg og det gjør at ingen kan stille opp mot deg, fordi jeg er på ditt parti, jeg er med deg, jeg er med deg alle dine dager, jeg har lovt det, sier jeg, jeg er med deg alle dine dager inntil verdens ende, og du skal oppleve at når jeg er med deg, og jeg er på din side og jeg er for deg, så skal du få se, at framgang og vekst kommer, velsignelse kommer. Jaa, jeg bryr meg om deg personlig, jeg bryr meg om dine anliggender, jeg bryr meg om deg så detaljert, at jeg har telt hvert eneste hodehår du har på hodet. Jeg har full kontroll på deg. Men se, sier Herren, jeg vil du skal oppdage at kjærligheten min, den flyter og den gjør at alt blir mulig for deg, når du tror det, og fordi alt er mulig for den som tror.

Som det himmelske solskinnet stråler, himmelens sol skinner, rettferdighetens sol er gått opp med legedom under sine vinger. Du skal kjenne, sier Herren, at der er min rettferdighet, der flyter alt det andre i tillegg, alt hva du begjærer, alt hva du kan ønske deg finnst der, selv skal du ha det fokuset og forstå det, at jeg er din Herre som elsker deg med evig kjærlighet, og derfor har jeg renset deg, jeg har tilgitt deg alle syndene, derfor har jeg erklært deg hellig og feilfri og uangripelig, for at jeg kunne velsigne deg og la det strømme gjennom deg og ut til deg, du er velsignet for en hensikt, du er velsignet for å være en kanal her på jorden, med himmelsk velsignelse og himmelsk kraft og himmelsk befrielse for menneske. Så vær det og lev det og kjenn det gjør-, det går enkelt, det går glatt, det går- det går- det går automatisk når du lever i mitt nærvær, sier Herren. Halleluja. Halleluja.”

Gud gjer sitt verk med meg og med oss ved sitt Ord og sin Ande. Jesus sa han er for meg, han er på mi side, han tek parti med meg. Då er der tydelegvis dei som er mot meg. Og soleis er dei imot det nye som Gud gjer. Då er det primære for meg å ta parti med han, søke Herren av heile mitt hjerte, heilhjarta halde meg til han og sjå til at mitt hjerte er heilt med han.

Vi som trur på Jesus, er frelste og tilhøyrer han, vi er hans brud og ho elskar han og lever for han. Når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så lever ho også for han og så blir ho til hjelp for meg som kona mi. Problemet er tydelegvis at der er andre maktinteresser som kjem inn i staden, så dei krev at ho skal vere til hjelp for dei i staden, dei vil bruke henne politisk i staden for at ho skal vere til hjelp for meg, som kona mi. Men sidan Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, så er det då ikkje andre menn som skal tenke i staden for han og snakke med kona hans i staden for han, for å få sin vilje med henne i staden for han. Sjølv om de vil gjerne kalle det politikk. Og det er heller ikkje andre kvinner som skal gjere det. Problemet for meg er at andre interesser kjem inn på den måten, så mine eigne interesser ikkje vert ivaretekne. Men eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han er på parti med meg i den saka. Då er det berre for meg å vere på parti med han, søke han av heile mitt hjerte, heilhjarta halde meg til han og stole på han av heile mitt hjarte.

Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, det nye er at han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Han vekker meg opp og han gir meg ei kone ved at han vekker henne også opp til liv med seg. Eg trur og håper han gir meg ei ”biologi-dame” til kone og eg trur der ligg ei fornying i vi har studert realfag, ekte vitskap altså.

 

Gud gjer noko nytt med meg og med oss ved sitt Ord og sin Ande. Det nye får motstand. Men Jesus har sett framfor meg ei open dør.

I middelalderen kom antikk filosofi inn i kyrkja og der skjedde tydelegvis ei fornying av antikk moralfilosofi som vart tradisjon og fortrengde evangelisk kristendom i kyrkja. Det er nok noko liknande som skjer i samfunnet i vår tid. Men vi held fram med å forkynne evangelisk kristendom, vi får oppleve at Jesus gir oss ånd og liv, så vi vert fornya. Problemet med denne moralfilosofiske tradisjonen var nok at den gjekk heilt tilbake til antikk mytologi og problemet er framleis at den legg opp til fornying av keisardyrking og avgudsdyrking (Op.17-18). Men eg tenker meg ei fornying der realfag erstattar dette.

Det var lenge strid om den nye naturvitskapen var empiristisk eller rasjonalistisk, før dei kom til at eden var begge deler, den var hypotetisk deduktiv. Likevel er det tydelegvis mange som har eit empiristisk vitskapssyn. Vi kan merke det på den måten at dersom nokon tenker nytt og har idear om nyskaping, om å utvikle noko nytt, så vert erfaring brukt som argument mot det. Men det er no ganske klart at dersom vi berre skal trua på og snakke om det som vi ser og sansar, så blir der ikkje rom for nytening og nyskaping, så det verkar konserverande, så det kan verke som motstand mot utvikling og framgang. Sjølv om vi tenker vitskapleg rett, at metodene er hypotetisk deduktiv, så er ikkje alt vi seier vitskapleg. Ei vitskapleg utsegn skal vere negerbar, så den kan prøvast eksperimentelt. Men det er ikkje alle våre utsegner som er negerbare. Likevel er dei viktige i vår samtale og kan vere viktige i kommunikasjonen for å få utvikling og framgang. Å krevje at det vi seier skal vere vitskaplege utsegner, kan dermed fungere som eit forsøk på å stoppe utvikling og framgang. Ja, hendsikta med å negere det som vert sagt eller ikkje ville høyre på det og bry seg om det, kan vere nettopp å stoppe utvikling og framgang. Men Jesus har sett framfor meg ei open dør, så eg skal kunne komme vidare i livet.

Jesus elska meg så høgt at han døde i staden for meg. derfor elskar eg han og påkallar han som min frelsar og Herre og eg har bedt han frelse menneske og gi meg ei frelst kvinne til kone. Han har svart meg positivt på den bøna sidan eg var ung, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Verda hatar meg, men det skal eg ikkje undre meg over, for ho har hata han først. Ho hatar meg med eit religiøst djevelsk hat, for djevelen er guden hennar. Men Gud elskar verda og djevelen kjem til å verte kasta ut.

JOH 3,16 – JOH 3,18 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son.

JOH 12,31 – JOH 12,32 No fell det dom over denne verda, no skal hovdingen over denne verda kastast ut. 32 Og når eg vert opplyft frå jorda, skal eg dra alle til meg.”  [opplyft: -> 3, 14.]

JOH 14,30 – JOH 14,31 Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for hovdingen over denne verda kjem. Han har ikkje noko krav på meg; 31 men verda skal skjøna at eg elskar Faderen, og at eg gjer som han har sagt meg. Reis dykk, og lat oss gå herifrå!

JOH 16,8 – JOH 16,11 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

 

 

Liberalismen og kristendomen.

Adam Smith tenkte seg menneska sine materielle behov som ei usynleg hand, det var om å gjere å produsere varer som folk trengde, så ville den handa gjere eit verk og skape utvikling og framgang i samfunnet. Det høver bra med trua på at Gud gir oss både åndeleg og materiell velsigning, så det er om å gjere å setje sin veg i Guds hand. Det høver bra med det som eg skreiv om korleis eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande og fekk ei åndeleg openberring av at ho var i Faderens hand. Seinare talte han til meg om at menneska var som dyrebare steinar for han, som han ville ha frelst i si hand. Så frelsa, livets vatn,  fylden av den Heilage Ande og den åndelege velsigninga er vårt primære og mest fundamentale behov. Og det er gratis.

Men med den Duglause Hyrdingen fungerer ikkje dette skikkeleg. Han brur seg ikkje om behova til sauene, men gjæter dei som slaktesauer for sauehandlarane. Dei tener seg rike på å selje dei som slakt og det er deira interesser han bryr seg om. Slik er det moralfilosofien deira verkar, behovet til sauene vert forstått og definert som noko umoralsk og medan behovet til sauehandlarane vert forstått og definert som noko moralsk i staden, hendsikta er sjølvsagt å ivareta deira interesser i staden.

Derfor gjer vi klokt i å søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i staden. Gå inn i løynkammeret og be til Far vår i det dulde, så vil han løne oss opp i dagen. Soleis tenker vi over kva vi eigentleg treng av både åndeleg og materiell velsigning. Med alt det som vert tilbode på makrnaden er det sanneleg ikkje lett å vite kva som er eit lurt og nyttig kjøp og kva som ikkje er det. Med moralen og politikken til den Duglause Hyrdingen vert det tenkt slik at sauene er til for sauehandlarane, men denne økonomiske tenkinga strir då fundamentalt med marknadsliberalismen til Adam Smith. Resultatet er at folk brukar pengar på å tilfredsstille kunstige behov, behova til kunstige avgudar, i staden for å bruke pengar på det som dei eigentleg treng.

Som ung mann som var på friarferd til ei ung kristen kvinne, var det dette eg hadde å satse på. Men prestar og politikarar og diverse andre ”lærde” forakta meg som ein av Jesu minste små som trur og heldt meg for å vere så dum, ulærd og fattig at eg var ein som ho og dei ikkje skulle snakke med eller ha noko med å gjere. Slik vende dei seg bort frå Herren som er Anden, så dei materielle tinga som menneska laga vart til avgudar for dei. Med sitt religiøse forhold til dei materielle tinga, vart kvinna så kravstore at det stor ikkje i menneskeleg makt å tilfredsstille henne på nokon som helst slags måte (Op.17-18), verken med det ein tenkte, sa eller gjorde. Det var vel det som vart til mi tilkortkommehet?

Men den sanne Gud har omsorg for oss som sine born. Jesus har sagt til meg at han har lagt lengselen ned i meg og han vil sjølv fylle den. Så eg forstår det slik at Jesus gir meg ei kone ved at han frelser henne, ved at ho vert fødd på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Ved at han gir ånd og liv til både meg og henne og fyller oss med den Heilage Ande.

 

 

 

Gleda i Herren er vår styrke. Vert fylt med den Heilage Ande. Stå fram og forkynn. Møte i Maranata 2019.09.01.

 

https://www.youtube.com/watch?v=17fWiKrm8tY

 

Innleing ved John Miland.

Gleda i Herren er vår styrke.

HAB 3,17 – HAB 3,19   For fikentreet blømer ikkje,  og vintreet ber ikkje frukt.  Olivenhausten slår feil,  og markene gjev ikkje føde.  Sauene er borte frå kvea,  og fjøset er tomt for fe.  18   Men eg vil gleda meg i Herren,  jubla over Gud, min frelsar. 19   Herren Gud er min styrke.  Han gjev meg føter som ei hind  og lèt meg ferdast på høgdene.   Til korleiaren. Med strengespel.

Denne profeten let seg ikkje påverke av dei ytre omstenda, men fryda og gleda seg i Herren.

APG 16,22 – APG 16,26 Folkehopen òg yppa seg mot dei. Då lét embetsmennene folka sine riva kleda av dei og baud at dei skulle piska dei. 23 Dei gav dei mange slag og sette dei i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel. 24 Då han hadde fått dette påbodet, tok han dei inn i det inste fangeholet og sette føtene deira fast i blokka. 25   Midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane lydde på dei. 26 Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen under fengslet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lekkjene losna av alle fangane.

 

Tale ved Tore Kristiansen.

Tore refererte til to skriftstader, om Ananias og Safira og Jakob sine ord om at synda fører til død.

APG 5,1 – APG 5,11 {ANANIAS OG SAFFIRA}  Ein mann som heitte Ananias, og Saffira, kona hans, selde ein eigedom. 2 Men han gøymde unna noko av pengane, og det visste kona om; det han la fram for apostlane, var berre ein del av summen. 3 Då sa Peter: “Ananias, kvifor har Satan fylt hjarta ditt, så du laug for Den Heilage Ande og heldt att noko av det du fekk for jorda di? 4 Kunne du ikkje ha halde på jorda di? Ho var då di. Og når du så hadde selt, rådde du ikkje sjølv over pengane? Korleis kunne du finna på å gjera dette? Det er ikkje menneske du har loge for, men Gud.” 5 Då Ananias høyrde det, seig han saman og døydde. Og det kom redsle over alle som høyrde om det. 6 Nokre unge menn kom og sveipte inn liket. Så bar dei han ut og gravla han. 7   Ikring tre timar seinare kom kona hans inn; ho visste ikkje kva som hadde hendt. 8 Peter spurde henne: “Var dette alt de fekk for jorda?” “Ja,” svara ho, “det var alt.” 9 Då sa Peter til henne: “Korleis kunne de verta samde om å freista Herrens Ande? Høyr, utanfor døra kjem dei som har gravlagt mannen din, og no skal dei bera deg ut.” 10 Og straks seig ho saman ved føtene hans og døydde. Dei unge mennene kom inn og fann henne livlaus, og dei bar henne ut og gravla henne attmed mannen hennar. 11 Og det kom stor otte over heile kyrkjelyden og alle som høyrde om det.

JAK 1,12 – JAK 1,18   Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han. 13 Ingen må seia når han vert freista: “Eg vert freista av Gud.” For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. 14 Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst. 15 Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død. 16 Far ikkje vilt, mine kjære brør! 17   All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker. [ljosens Far: Ljoset står for himmellekamane.] 18 Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

Dei fyrste kristne samla seg i Salomo’s bogegang og i himane. Det gjekk lenge før dei byrja å bygge bedehus, kanskje over 300 år.

APG 3,11   Mannen heldt seg nær Peter og Johannes, og alt folket flokka seg ikring dei i Salomos bogegang, fulle av undring. [Salomos bogegang: Sjå fotnote til Joh 10, 23.]

APG 5,12 – APG 5,42 {TEIKN OG UNDER}  Mange var dei teikn og under apostlane fekk makt til å gjera mellom folket. Og alle dei truande heldt saman og møttest i Salomos bogegang. 13 Ingen annan våga å vera saman med dei; men folket sette dei høgt. 14 Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til kyrkjelyden, menn og kvinner i stor mengd. 15 Dei bar til og med sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer, så i alle fall skuggen av Peter kunne falla på dei når han gjekk framom. 16 Jamvel frå byane kring Jerusalem kom det folk i mengd som bar med seg sjuke og slike som var plaga av ureine ånder, og alle vart lækte.  17 {NYTT FORHØYR}  Då greip øvstepresten inn, han og alle som heldt med han, det er saddukearpartiet. Arge og sinte som dei var, 18 greip dei apostlane og kasta dei i byfengslet. 19 Men ein engel frå Herren opna fengselsportane om natta, leidde dei ut og sa: 20 “Gå og stell dykk opp på tempelplassen og forkynn for folket heile bodskapen om livet!” 21 Då dei høyrde desse orda, gjekk dei fram imot morgonen til templet, og der lærte dei folket.  Samstundes kalla øvstepresten og mennene hans saman Rådet, heile eldsterådet i Israel, og sende bod til fengslet etter apostlane. 22 Men då vaktmennene kom dit, fann dei ikkje apostlane i fengslet. Dei kom attende og sa frå: 23 “Vi fann fengslet forsvarleg stengt, og vaktarane stod ved portane. Men då vi låste opp, fann vi ingen der inne.” 24 Denne meldinga gjorde hovdingen for tempelvakta og overprestane rådville, og dei spurde seg sjølve kva dette kunne føra til. 25 I det same kom det ein og fortalde: “Dei mennene de sette i fengsel, står no på tempelplassen og lærer folket.” 26 Hovdingen for vakta og mennene hans drog då av stad og henta dei, men utan å bruka makt; dei var redde for at folket skulle steina dei. 27 Så tok dei dei med seg og førte dei fram for Rådet. Og øvstepresten tok til å spørja dei ut: 28 “Vi forbaud dykk strengt å læra i dette namnet. Og no har de spreitt læra dykkar over heile Jerusalem og vil gje oss skulda for at denne mannen døydde.” 29 Men Peter og dei andre apostlane svara: “Ein skal lyda Gud meir enn menneske! 30 Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og tok livet av. 31 Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand og gjort han til hovding og frelsar, så Israel kan førast til omvending og få tilgjeving for syndene. 32 Vi er vitne om alt dette, vi og Den Heilage Ande, som Gud har gjeve dei som lyder han.” 33   Då dei høyrde det, vart dei rasande og sette seg føre å rydja dei or vegen. 34 Men då reiste det seg ein mann i Rådet, farisearen Gamaliel, ein lovlærar som heile folket sette høgt. Han bad dei føra apostlane ut ei lita stund 35 og tok så ordet: “Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene! 36 For ei tid sidan steig Teudas fram; han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken hans løyste seg opp og vart til inkjes. 37 Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han fekk folk med seg på eit opprør, men han miste livet, og alle som fylgde han, vart spreidde. 38 Og no seier eg dykk: Lat desse mennene vera! Lat dei gå! For dersom det dei tek seg føre, berre er menneskeverk, vert det ingenting av det. 39 Men er det av Gud, kan de ikkje stogga dei. Ta dykk i vare! Elles kunne det syna seg at de strider mot Gud.” Dei fylgde rådet hans 40 og kalla inn att apostlane, lét dei piska og forbaud dei å tala i Jesu namn. Så lét dei dei gå. 41 Dei gjekk bort frå Rådet, glade fordi dei var haldne verdige til å lida vanære for Jesu namn skuld. 42 Både i templet og i heimane heldt dei dag etter dag fram med å læra og forkynna den bodskapen at Jesus er Messias.

 

 

Tungetale ved Oddbjørg (høyrdest det ut til), tyding ved Tore.

”Løft ditt ansikt oppover, mot trua sin opphavsmann, så skal eg for den glede som venta meg, når eg leid tolmodig, fylla deg med kraft, fylla deg med salving og inspirasjon, gi deg meir av min openberring, så du skal få kjenne at det som hjertet brenner med, det skal ikkje du klare å halde inne, men du skal kjenne du kan forkynne det og du kan forkynne det med salving. Ver ikkje redd for det som motstand gir deg motstand på, men stå fram og eg skal opne dørene, stå fram og eg skal jevne bakkane, stå fram og du skal sjå min herlegdom.”

”For meg er det godt å fryde meg, glede meg og love hans heilage namn. Og jo meir eg prisar han, jo meir flyt det over, jo meir eg opphøgjer han, jo meir kjenner eg at eg vert fylt med hans herlegdom. Og du mitt barn, som har blitt stum, lat opp din munn og pris meg, du som har slutta å prise meg, begynn å takk meg for blodet. Begynn å takk meg for Golgata og eg Herren, skal fornye deg. Amen.”

 

 

Tungetale ved Mari, tyding ved Tore.

”Når eg, Herren, overtek kommando, så tek eg å spelar på mitt instrument, som er menigheita, og når menigheita får oppleve at eg rører ved strengane, så skal det verte ein symfoni, ein herlegdom, ein tone frå den himmelske verda, som skal skape atmosfære og når atmosfæra frå den Heilage Ande kjem, så skal mine barn merke dei skal sitje på stolen og verte fornya, dei skal sitje på stolen og verte lækte. For når mi forløysingskraft er i operasjon, så skal all ting bli mogleg. Derfor opne deg for himlens strengar og eg skal byrje å spele og når eg byrjar å spele, så skal alle andre tonar forstumme.”

”Merkar du ikkje, når min Ande byrjar å blåse. Merkar du ikkje når min Ande byrjar å sende sin duft og når denne dufta kjem, då skal du opne deg opp imot duften, for det er eg, Herren, som gir deg duften og det er duften av mi velsigning du treng. Det er duften av kva eg gjorde, når eg braut dødens lenkjer og band. Då stod eg opp og no er du ikkje duft lenger av død til død, men du er ei duft av liv til liv. Halleluja.”

 

Aktuelle bibelvers.

 

JES 44,28   Eg seier om Kyros: “Han er min hyrding,  han skal fullføra alt det eg vil;  han skal seia om Jerusalem: Byen skal byggjast!  og om templet: Det skal atter verta grunnlagt.” [Kyros: -> 45, 1.]

JES 45,1 – JES 45,3 {KYROS, HERRENS SALVEVIGDE}  Så seier Herren til den han har salva,  til Kyros, som eg held i hans høgre hand  for å tvinga folkeslag under han,  løysa beltet av kongar  og opna dører for han,  så ingen port skal vera stengd. [den han har salva, Kyros: Herren, heile verdsens Gud, har kalla persarkongen til å fullføra hans vilje med Israel. Sml. 41, 1 ff; 45, 13.] [løysa beltet av kongar: setja dei av; beltet var eit teikn på kva makt og vørdnad kongen hadde.] 2   Eg vil gå føre deg.  Bakkar vil eg jamna,  bronsedører vil eg sprengja,  og jernbommar vil eg slå sund. 3   Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,  og rikdomar, gøymde på løynlege stader,  så du skal vita at eg er Herren,  Israels Gud, som har kalla deg på namn.

2KO 2,14 – 2KO 2,16 Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigersferd i Kristus og ved oss spreier kunnskapen om seg som ein ange på kvar stad. [sigersferd, ange: Etter ein siger kunne ein romersk hærførar dra inn i Roma i eit storslege triumftog, med krigsfangar som ofte bar røykjelseskar, så angen av røykjelse spreidde seg rundt dei som drog inn.] 15 For vi er Kristi gode ange for Gud, mellom dei som vert frelste, og mellom dei som går fortapt; 16 for dei som går fortapt, ein ange av død til død, for dei som vert frelste, ein ange av liv til liv.  Kven er vel dugande til dette?

EFE 5,2 Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, Gud til ein hugnadleg ange.

SLM 45,7 – SLM 45,9   Din kongsstol, Gud,  står til evig tid,  rettferds stav er din kongsstav. [Gud: Det hebr. ordet som her (og ikkje elles i GT) vert nytta om kongen, står òg unntaksvis om Moses (2 Mos 4, 16; 7, 1), om den som feller dom (2 Mos 21, 6; 22, 8 f) og om Davids hus (Sak 12, 8). Sml. Jes 9, 6 om Messias.] 8   Du elska rettferd og hata urett.   Difor har Gud, din Gud,  salva deg med fagnads olje framfor dine frendar. 9   Av myrra, aloë og kassia  angar heile ditt skrud.   Du gleder deg over strengespel  frå elfenbeinsprydde haller. [myrra: aromatisk saft av myrrabusken, nytta i salve og parfyme. Sml. 2 Mos 30, 23; Høgs 1, 13.] [aloë: treslag som veks i Søraust-Asia. Veden har god ange og vert nytta til røykjelse. Sml. Ordt 7, 17; Høgs 4, 14.] [kassia: godangande blomar og blad av det austasiatiske kaneltreet; dei vart turka og nytta til røykjelse.]

1JO 2,18 – 1JO 2,27 {FORNEKTING OG VEDKJENNING}  Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. [salva: Salving er eit bilete på Den Heilage Andens gåve. Sjå 2, 27.] 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. 22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet. 26   Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s